Munnleg-praktisk (MP) eksamen
Vestland fylkeskommen sine retningslinjer heng saman med reglane i del V Eksamen i kapittel 9 Individuell vurdering i opplæringsforskrifta.
Før eksamen
Skulen skal gi elevane melding om kva fag dei er trekte ut i 48 timar før eksamen startar. Heilagdagar eller høgtidsdagar skal ikkje telje med i dei 48 timane.
Skulen offentleggjer trekket 48 timar før, og gjer dette tilgjengeleg for elevane gjennom Visma in School. Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/ lærebøker.
Eksamen skal ikkje vere på måndagar eller første dag etter offentlege heilagdagar eller høgtidsdagar.
Munnleg-praktisk eksamen har normalt 24 timer førebuing. Desse faga har 48 timar førebuing:
- Geofag 1 og 2
- Teknologi og forskingslære 1 og 2
- Informasjonsteknologi 1 og 2
- Fag frå utdanningsprogrammet Musikk, dans og drama.
Førebuingsdagen er ein obligatorisk skuledag. Det betyr at eleven skal ha tilgang til skulen sine lokale, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar. I faga med 48 timar førebuing har elevane rett til tilgang på faglærar på ein av dei to førebuingsdagane.
Elevane trekker eller får utlevert eit tema/ei problemstilling. I tillegg kan dei få ei kort forklaring til temaet/problemstillinga, eventuelle tekstar eller kjelder til bruk i førebuingsarbeidet. Dei kan også få utlevert moment som kjenneteiknar eit godt eksamenssvar. Temaet/problemstillinga/oppgåva må vere slik at eleven får høve til å vise både breidde- og djupnekompetanse i faget.
Med utgangspunkt i teamet kan eleven førebu ein presentasjon eller eit anna type framlegg. Dette kan til dømes vere ein eigenprodusert filmsnutt, faglege refleksjon rundt ein eller fleire tekstar, podkast eller liknande. Eleven kan også velje at eksamen startar med fagsamtale om temaet.
Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida.
Under eksamen
§ 3-22 Om eksamen
....Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
Vestland sine retningslinjer
Sensorane skal stille spørsmål som gir eleven høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane skal leite etter kompetansen kandidaten har, ikkje etter det eleven ikkje kan.
I fag der det ikkje er naturleg å kommunisere med eleven i den praktiske delen, skal den praktiske delen utgjere hovuddelen av tida eleven står i vurderingssituasjonen.
3-25 Eksamensformer og varigheit (lovdata.no)
Udir (rundskriv 2-2020)
Det er nytt at Utdanningsdirektoratet fastset tidsrammene for dei ulike eksamensformene. Tidligare har dette vore fastsett i forskrifta.
Gjennomføring av lokalt gitt munnleg-praktisk eksamen kan vare inntil 45 minutt for kvar elev.
Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven umiddelbart få vite karakteren.
Dersom sensorene ikke er enige i vurderingen av en elev, avgjør den eksterne sensoren.
Målet med gjennomføring av eksamen er at eleven skal få høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg utifrå kva som er mogleg innafor eksamensforma (JF. §3-22, første ledd). Det er kompetansen som synast på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget, jf. §3-27.
Bruk av hjelpemiddel
Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)
Tilgang til eller avgrensingar i digitale eller andre former for hjelpemiddel til eksamen, bør grunngjevast ut fra kompetansemåla i læreplanen, faga sin eigenart, faget sitt nivå og eventuelle nye digitale oppgåveformat.
Vestland sine retningslinjer
Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate på munnleg-praktisk eksamen.
Under sjølve eksamen kan kandidaten ta med seg notat, uavhengig av format, frå førebuingsdelen. Også bilete, grafar, lovverk og anna som kandidaten har vald ut for å vise kompetansen, kan reknast som notat.
Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbilete-presentasjon er lite egna til å vise kompetanse i faget.
Sensur
Det skal alltid vere to sensorar, ein av dei skal vere ekstern.
Faglærer skal vere sensor dersom skoleeier ønsker det.
Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen.
Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven få vite karakteren med ein gong.
Dersom sensorene ikkje er einige i vurderinga av ein elev, avgjer den eksterne sensoren. Tid som er nytta til å kome fram til karakter, kjem i tillegg eksamenstida.
Det er kompetansen som synest på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.
Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen, og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik den kjem fram på eksamensdagen.
Eleven har rett munnleg på grunngjeving.
Etter eksamen
§ 5-10. Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling
Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)
Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven.
Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt.
Vestland sine retningslinjer
Informasjon om klage på eksamen finn du her.