Termin 1 2023/24

Termin 1.

 
Skuleåret 2023/24 var det 84,2 % som fullførte og bestod alle fag ved termin1. Det er omtrent på snittet for dei siste 7 åra. 
 
2017/18 2018/19 2019/20 2020/21 2021/22 2022/23 2023/24
84,2 % 84,4 % 84,0 % 84,8 % 83,8 % 85,0 % 84,2 %
 
Grafen under viser eit oversyn over del elevar som fekk karakteren 1, karakteren IV, både karakteren 1 og IV, samt del sluttarar ved termin 1 dei siste åra. Som ein kan sjå er det ikkje store skilnader mellom dei ulike åra, men at det for 2023/24 er ei auke i elevar som får IV, ei nedgåande trend for elevar som får karakteren 1, samt noko fleire som får både karakteren 1 og IV, samt sluttarar. 
 
Under kan ein sjå fullført og bestått termin 1 fordelt på utdanningsprogram. 
 
 

Fråvær

 
I Kvalitetsmelding 2022/23 kunne ein sjå at fråværstala auka kraftig for skuleåret 2022/23, både nasjonalt og for Vestland. Under koronapandemien vart fråværsregelementet endra. Skuleåra 2020/21 og 2021 /22 vart dokumentasjonskravet for helserelatert fråvær fjerna. Unntaket inneberer at elevar som har fråvær av helsegrunner, ikkje treng å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Det reelle fråvære for desse åra var difor høgare enn det tala viser. Sjølv om ein ville forventa at fråværstala ville auke ein god del etter at fråværereglementet vart tilbakeført, er auka høgare enn forventa og ligg godt over prokorona-tal. Nasjonale tal for fråvær er tilnærma identisk med Vestland, både når det gjeld prosent fråvær og kurve dei siste seks åra.
 
 
Kort om fråværsføring.
Elevane har i utgangspunktet plikt til å møte opp til alle undervisningstimar. Alt fråvær blir registrert i VIS og i ulike kategoriar.  Nokre av desse kategoriane vert rekna som gjeldande på fråværsgrensa og/eller vert tatt med på vitnemålet. Det er berre fråværet som er med på vitnemålet som er med på nasjonal og lokal fråværsstatistikk. 
Når det gjelde helserelatert fråvær var det før korona to alternativ: Enten melder eleven til skulen at ein er sjuk (eleven får då fråvær registrert og dette kommer på vitnemål og teller på fråværsgrensa). Eller eleven får dokumentert helseplagene av lege/psykolog/tannlege (fråværet kjem då korkje på vitnemål eller er med i berekninga av fråværsgrensa), dette kallas for dokumentasjonskravet. 
 
Skuleåret 2021/2022 gjaldt unntaket frå dokumentasjonskravet frå skulestart til og med 11. oktober. Dette unntaket vart gjeninnført 5. november med tilbakeverkande kraft. Det vil si at det er et unntak frå dokumentasjonskravet for helserelatert fråvær heile skuleåret 2021/2022. Unntaket inneberer at elevar som har fråvær av helsegrunner, ikkje treng å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Føresette til elever under 18 år og elever som er myndige, kan sjølv dokumentere fråværet. Dette betyr igjen at all fråvær av helsemessige årsaker nå faller inn i  fråværskategori R. Denne nye regelen/føringa gjer at fråværsdata i inneverande skuleår ikkje kan sjåast opp mot tidlegare fråværsstatistikk. Dette forklarar det markante fråværsfallet i offisiell statistikk for desse åra. 
 
Oversikt over dei ulike fråværskodane: 
 
Registrert fråvær dagar og timar dei siste åra. 
 
Det er difor interessant å sjå nærare på utviklinga skuleåret 2023/24 og fråværstala for Termin1. Det er nokre utfordringar når det gjeld dette med fråværestal termin1. Det vert overført fråværstal frå det skuleadministrative systemet og inn til hovudbasen Vigo to gonger i året – ved termin1 og ved skuleslutt. Ved skuleslutt vert fråværsdata overført til Vigo og lagt over termin 1-resultata. Dette betyr at ein ikkje har historiske tal for fråvær ved T1. 
 
Grafen under viser altså totalfråværet for skuleåra 2017/18-2022/23 opp mot termin 1- fråværet 2023/23. Resultatet for 2023/24 må difor ikkje samanliknast, men gjev eit bilete på status for 2023/24 halvvegs ut i skuleåret.  
 
 
Det same gjeld for tala under. Tala viser fråværstimar og fråværsdagar for skuleåra 2017/18-2022/23 opp mot termin 1- fråværet 2023/23. Resultatet for 2023/24 må difor ikkje samanliknast, men gjev eit bilete på status for 2023/24 halvvegs ut i skuleåret.  
 
Tala over viser at ein ved termin 1 2023/24 ligg nær opp mot årsfråvær som vart registrert 2017/18 – 2018/19. Her er det viktig å merka seg at føringane av fråvær er komplisert og ei pågåande prosess. Til dømes kan elevar få strøket inntil 10 dagar med dokumentert fråvær, dette er noko som skulen i prinsippet kan gjera gjennom heile skuleåret, men det er grunn til å tru at dette primært vert gjort ved skuleårsslutt.