Termin 1 2024/25

Resultata for termin 1 (T1) er ein viktig indikator og temperaturmålar om status halvvegs inn i skuleåret. Relevante tiltak kan då settast inn resten av skuleåret.

Fullført og bestått termin 1

Fullført og bestått T1 er eigentleg eit konstruert mål på kor mange som ikkje har fått karakter 1 eller IV på terminkarakterane. Det er ein viktig indikator som fortel om kven som kan stå i faresona ved skuleårets slutt.

Grafen under viser at tala for fullført og bestått termin 1 har gått ned dei siste åra og ligg no på 83,3% - 1,3 prosentpoeng lågare enn førre år.

Under er resultata fordelt på trinn, kjønn og utdanningsretning. Her kan ein sjå at gutar på påbygg er dei med lågast tal bestått T1, med 75,2 %, medan gutar på vg3 yrkesfag har høgast tal bestått T1 med heile 97,3 %.

Grafen under viser eit oversyn over del elevar som fekk karakteren 1, karakteren IV, både karakteren 1 og IV, samt del sluttarar ved termin 1 dei siste åra. Som ein kan sjå er det ikkje store skilnader mellom dei ulike åra – like mange elevar fekk både karakter 1 og IV i år som førre år, medan det er ein liten oppgang i elevar som får karakter 1, IV, samt sluttarar.

Under kan ein sjå fullført og bestått termin 1 fordelt på utdanningsprogram. Dei utdanningsprogramma med høgast tal bestått termin 1 2024/24 er elektro- og datateknologi, idrettsfag, samt naturbruk. Utdanningsprogramma med lågast grad av bestått termin 1 er medium og kommunikasjon, frisør, blomster, interiør og blomsterdesign, samt restaurant- og matfag.

Under er ei oversikt over bestått termin 1 2024/25 ut frå grunnskulepoengintervall.

Under er ein oversikt fordelt på utdanningsprogram der ein kan sjå tal på bestått, sluttarar, karakter 1, IV, karakter 1 og IV, samt karaktersnitt.

Tabellen over syner blant anna at det er ganske stor variasjon mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor mange som får karakteren 1 og IV. Når det gjeld karakteren 1 ligg det mellom 0,0 % (handverk, design, produktutv.) og 9,3 % (restaurant- og matfag). Når det gjeld IV ligg det mellom 3,4 % (elektro og datateknologi) og 16,3 % (handverk, design, produktutv). Merk også at det er relativt store skilnader på tal elevar i dei ulike utdanningsprogramma – noko som kan føre til store utslag om enkeltelevar får 1 eller IV.

Sluttarar

Grafen under syner prosent sluttarar ved termin 1. Det har vore ei svak oppgang dei siste tre åra, og ligg no på 2,0 %

Under er prosent sluttarar fordelt på utdanningsretning, trinn og kjønn. Det er færrast prosent sluttarar for gutar vg3 yrkesfag, og flest sluttarar for jenter vg3 yrkesfag. Merk at det er få jenter i denne gruppa – berre 77 stykk – som betyr at ein få store utslag om nokon sluttar. Det reelle talet sluttarar for jenter på vg3 yrkesfag er 5.

Generelt kan ein seie at det er fleire som slutar på yrkesfag og fleire som sluttar på vg1.

Også her kan ein sjå samanheng mellom grunnskulepoeng og kven som sluttar.

Karaktersnitt

Under kan ein sjå snittkarakteren ved termin 1 dei siste sju åra. Det har vore ei generell auke i snittet dei siste åra, men for 2024/25 er det ei marginal nedgang på 0,01.

Under kan ein sjå snittkarakter termin 1 fordelt på utdanningsretning, trinn og kjønn. Generelt er det høgast snittkarakter på studieførebuande og lågast på påbygg ,og jenter har høgare snitt enn gutar. Ser ein på enkeltresultat har gutar på yrkesfag vg3 høgast karaktersnitt, medan gutar på vg1 yrkesfag og påbygg har lågast snitt.

Fråvær

Fråværet i vidaregåande skule har auka monaleg dei siste åra etter pandemien, både nasjonalt og i Vestland. Nasjonale tal for fråvær er tilnærma identisk med Vestland. Som vist i RS 39/2024 i Hovudutval for opplæring og kompetanse 20.11.2024 er det sett i gang ei rekke tiltak for å redusera fråværet i vidaregåande opplæring.

Kort om fråværsføring:

Elevane har i utgangspunktet plikt til å møte opp til alle undervisningstimar. Alt fråvær blir registrert i VIS og i ulike kategoriar.  Nokre av desse kategoriane vert rekna som gjeldande på fråværsgrensa og/eller vert tatt med på vitnemålet. Det er berre fråværet som er med på vitnemålet som er med på nasjonal og lokal fråværsstatistikk.

Oversikt over dei ulike fråværskodane: 

Det er nokre utfordringar når det gjeld fråværstal termin1. Det vert overført fråværstal frå det skuleadministrative systemet og inn til hovudbasen Vigo to gonger i året – ved termin1 og ved skuleslutt. Ved skuleslutt vert fråværsdata overført til Vigo og lagt over termin 1-resultata. Dette betyr at ein ikkje har historiske tal for fråvær ved T1.

Resultata i grafen under viser totalfråværet skuleåra 2018/19 – 2023/24 opp mot termin 1 2024/25. Tilsvarande målepunkt førre år var 4,4 %. Totalfråvær er berekna del (prosent) som det totale fråværet utgjer av læreplantimane.

Det same gjeld tala for fråværstimar og fråværsdagar. Resultata i grafen under viser tal fråværsdagar og tal fråværstimar  skuleåra 2018/19 – 2023/24 opp mot termin 1 2024/25. Tilsvarande målepunkt førre år var 4,8 dagar og 16,8 timar.

Tala over viser at ein ved termin 1 2024/25  ligg nær opp mot årsfråvær som vart registrert i før-korona-året 2018/19. Her er det viktig å merka seg at føringane av fråvær er komplisert og ei pågåande prosess. Til dømes kan elevane ved dokumentert fråvær stryke inntil 10 dagar frå vitnemålet,  noko som skulen i prinsippet kan gjera gjennom heile skuleåret, men det er grunn til å tru at dette primært vert gjort ved skuleårsslutt.  

Under er totalfråværet fordelt på utdanningsretning, trinn og kjønn. Generelt er det meir fråvær på vg3 og påbygg skil seg ut som den utdanningsretninga med høgast fråvær. Gutar på yrkesfag vg3 er dei med minst fråvær.

Under er ei oversikt over fråvær ut frå grunnskulepoengintervall.

Figuren over viser samanhengen mellom grunnskulepoeng og fråvær, og vi ser klart att dei tendensane i resultata frå termin 1. Det er tydeleg samanheng mellom fråvær og karakterar, og arbeidet med å auke elevane sitt nærvær vil vere sentralt for å auke fullført og bestått årsslutt. Fylkestinget har vedteke at ein skal arbeide for å få snittfråværet under 5%, og ein kan vente at det vil gi positivt utslag på gjennomføringa i vidaregåande opplæring.  

 

Vidare arbeid med fråvær:

Viser til løypemelding i RS5/2025 i Hovudutval for opplæring og kompetanse 12.2.2025, der det blant anna står følgjande: 

Direktør for avdeling opplæring og kompetanse har utarbeidd rettleiar for heilskapleg oppfølging av fråvære. Rettleiaren som har vore på høyring i skulane, er i tråd med ny opplæringslov og skal nyttast som eit praktisk verktøy for skulane og sjåast i samanheng med fråværsreglementet. I dette arbeidet har ein sett at det er eit behov for å justere fråværsreglementet i tråd med rettleiaren og ny lov, mellom anna med oppfølgingsplikta til skulane som gjeld frå dag ein. Det er også laga ei innleiing til fråværsreglementet.

Fråværsreglementet er eit viktig verktøy for å sikre at elevar får oppfølging ved fråvær og at opplæringsretten deira blir ivareteken. Reglementet som er sendt på høyring er utforma i tråd med ny opplæringslov gjeldande frå 01.08.2024, og legg vekt på både elevane og skulen sine plikter til å følgje opp fråvær.