Resultat skuleåret 2023/24

Innleiing

Det overordna målet for vidaregåande opplæring i Vestland er auka læringsutbytte og gjennomføring. Karaktergrunnlag, karakterresultat og gjennomføring heng saman, og grunnskulepoenga påverkar i stor grad både karakterresultat og om elevane gjennomfører.

Dei ulike utdanningsretningane har ulik fordeling av elevar med høg og låg kompetanse frå grunnskulen. Elevane på studieførebuande hadde i snitt 47,1 grunnskulepoeng, medan elevane på yrkesfag hadde 39,2. Dette er ei tradisjonelt ei viktig forklaring på skilnaden mellom dei studieførebuande og yrkesfaglege utdanningane når det gjeld gjennomføring, tal på sluttarar og karakterresultat. Samstundes ser ein resultatskilnader mellom skular som har same elevgrunnlag,  noko som gjer det tydeleg at det kan vere andre faktorar enn berre grunnskulepoeng som spelar inn.  

Vi ser ei endring i resultata for skuleåret 2023/24. Det er framleis slik at grunnskulepoeng er viktig med tanke på gjennomføring, men det er eit par resultat som viser at vi må ha ei breiare tilnærming til dette. Fullført og bestått for yrkesfag og studieførebuande er no på omlag same nivå, til tross for at elevane på studieførebuande har høgare grunnskulepoeng. Vidare er det slik at jenter på vg1 yrkesfag har ein del lågare fullføring enn gutane, trass i at dei har ein god del høgare grunnskulepoeng. Dette er ein tendens også andre fylker rapporterer om.

I alle år har det vore slik at jenter har høgare fullføring enn gutar, og studieførebuande har høgare fullføring enn yrkesfag. I år ser vi at gutar på yrkesfag har høgare gjennomføring (85,2 %) enn jenter på studieførebuande (84,5 %).

Det er to viktige mål for gjennomføring – fullført og bestått per skuleår (årsbestått), og fullført og bestått med sluttkompetanse på fem/seks år etter oppstart. Den siste gir eit overordna bilete av effektiviteten til utdanningssystemet, og indikatoren er viktig i den langsiktige styringa av utdanningssektoren. For skulane sitt utviklingsarbeid er indikatoren fullført og bestått per skuleår ein meir relevant og nyttig styringsindikator i utviklingsarbeidet.

Under blir det blant anna presentert resultat når det gjeld fullføring, sluttarar, fråvær, karakterresultat, og overgangar for skuleåret 2023/24 fordelt på dei ulike utdanningsprogramma, sett opp mot tidlegare år. Utvalet er alle elevar på alle trinn på studieførebuande og yrkesfag, og ikkje berre avgangselevane.

Årsresultat skuleåret 2023/24

Skuleåret 2023/24 var det 10196 elever på studieførebuande utdanningsprogram og 8047 elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram – totalt 18243 elevar fordelt på 42 offentlege vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune. I 2023 var det registrert 6634 løpande lærekontraktar. Dei siste åra har fordelinga mellom studieførebuande utdanningsprogram og yrkesfaglege utdanningsprogram lagt stabilt kring 56 % - 44 %.

Tal elevar og lærlingar Vestland fylkeskommune 

Hovudresultat

Tabellen under viser ei samla oversikt over hovudresultata dei siste seks åra på viktige indikatorar i utdanningssektoren.

Hovudresultata viser at skuleåret 2023/24 var det 83,4 % som fekk fullført og bestått alle fag, ein nedgang på 2,7 prosentpoeng frå året før. 3,5 % slutta i opplæringa. Fråværstala er noko høgare enn førre år, og snitt fråværstimar er 29,2 og fråværsdagar 8,5. I 2023 var det 93,7 % som fekk bestått på fagprøva.

Fullført og bestått

Skuleåret 2023/24 var det 83,4 % som fullførte og bestod alle fag, noko som er ein nedgang på 2,7 prosentpoeng frå førre år. Tala gjeld alle trinn. Fullføringsprosenten er den lågaste som er registrert sidan 2017/18. Nasjonale tal syner same trend med ein nedgang på 2,2 prosentpoeng for 2023/24.   

Samanliknar vi tal for fullført og bestått T1 22/23 og skuleårsresultat 22/23 ser vi at det er noko nedgang frå T1, der tala for «fullført og bestått» er 84,2%. Vi mistar altså nokre elevar frå T1 til skuleslutt. Skulane gjer ein del tiltak for å fange opp elevane som ligg i faresona etter T1, men lukkast ikkje med å fange opp alle.  

Ved årsslutt får alle elevane registrert ein fullførtkode. Grafen over viser dei som fekk koden fullført og bestått. For å forstå fullføringsresultat må ein også sjå kva fullføringskodar dei andre fekk.

Som vist under har tala for fullførtkoden slutta og manglar grunnlag for vurdering vore relativt stabile dei siste åra. Den sistnemnde kategorien gjeld elevar som ikkje har fått vurderingsgrunnlag (IV) i eit eller fleire fag. Det er den fullføringskoden som i sterkast grad er knytt til fråvær.

Ser ein på resultat etter korona-åra 2019/20 og 2020/21 ser ein ei auke i fullførtkoden Fullført, ikkje bestått. Dette betyr at eleven har fått karakteren 1 i eit eller fleire fag. Faga som flest elevar får karakteren 1 i er engelsk vg1 yrkesfag, matematikk 1P, matematikk 2P-Y og matematikk 2P.  Samstundes er desse tala lågare enn dei var i 2017/2018 og 2018/2019. 

Den fullførtkoden som prosentvis har auka mest dei siste sju åra er Held på. Den koden handlar om at eleven ikkje har fullført heile utdanningsprogrammet og framleis held på med utdanninga, eller er deltidselev. Dette kan for eksempel være elever som av helsemessige eller pedagogiske grunner må ta kurs over to år. Det er altså ei form for meiropplæring for å hjelpe elevar som treng noko meir tid på å gjennomføre utdanninga. Andre fylker melder også om ei auke i denne fullførtkoden. Denne auken kan på kort sikt gje lågare fullføringstal, men kan på lengre sikt føre til at fleire fullfører.  Med ny opplæringslov er det venta at fleire vil nytte seg av slike ordningar. Tala under viser alle trinn og utdanningsretningar samla. 

Det er skilnader mellom utdanningsprogram når det gjeld grad av fullføring, med idrettsfag, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifaga som dei tre med høgast fullføring, som i fjor. Kunst, design og arkitektur og handverk, design og produktutvikling var i også i fjor utdanningsprogramma med lågast grad av fullføring.

Dei ulike utdanningsretningane har ulik fordeling av elevar med høg og låg kompetanse frå grunnskulen. Elevane på studieførebuande hadde i snitt 47,1 grunnskulepoeng, medan elevane på yrkesfag hadde 39,2. Dette er tradisjonelt ei viktig forklaring på skilnaden mellom dei studieførebuande og yrkesfaglege utdanningane når det gjeld gjennomføring, tal på sluttarar og karakterresultat.

Under kan ein sjå samanhengen mellom grunnskulekarakter og grad av fullføring.

Samstundes ser ein at det er utdanningsprogram med låge grunnskulepoeng der fleire fullfører enn utdanningsprogram med høgare grunnskulepoeng. I tillegg ser ein resultatskilnader mellom skular som har same elevgrunnlag, noko som kan bety at det er andre faktorar enn grunnskulepoeng som spelar inn.

For fyrste gong er fullføringsresultata for yrkesfag lik resultata for studieførebuande, trass i at yrkesfag i snitt har lågare grunnskulepoeng enn studieførebuande. Andre fylker melder om same tendens. Hovudforklaringa er at fullføringsresultata for studieførebuande dei siste åra har hatt ein større nedgang enn fullføringsresultata for yrkesfaga. I grafen under er det lagt inn nasjonalt snitt på fullføring. Dei ulike fylka har ulike former for organisering av undervisning for spesielle elevgrupper og difor noko ulike filter når det gjelder disse resultata. I systemet der ein kan sjå nasjonalt snitt vart det bestemt av fylkesdirektørkollegiet for kompetanse og utdanning (FKU) at dei ulike fylkesvise filtra ikkje skulle være med. Dette betyr at det nasjonale snittet som er vist under ikkje er heilt presist.

Fullføring og kjønn.

Som nemnd i innleiinga har det vore slik at jenter har høgare fullføring enn gutar, og studieførebuande har høgare fullføring enn yrkesfag. I år ser vi for fyrste gong at gutar på yrkesfag har høgare gjennomføring enn jenter på studieførebuande. 

Ser ein på alle trinn og utdanningsretningar har det i alle år vore ein generell trend at jenter har høgare fullføring enn gutar, noko som har endra seg dei to siste åra.

Tabellen under syner fullføring pr kjønn, alle trinn samla. Fargekodane er berre for visualisering, og refererer ikkje til nokre grenseverdiar. (SF- studieførebuande, YF - yrkesfag, PB- påbygg)

For yrkesfaglege utdanningsprogram begynte denne trenden i 2021/22 der skilnaden mellom gutar og jenter auka til fordel for gutane. Det er særskilt på vg1 yrkesfag der skilnaden er størst og aukande.

Ei naturleg forklaring på dette kunne vore at grunnskulepoenga til jenter på vg1 yrkesfag hadde blitt lågare dei siste åra. Grafen under viser at jentene som kjem inn på vg1 yrkesfag i snitt har høgare grunnskulepoeng enn gutane som kjem inn på vg1 yrkesfag.

Det er vanskeleg å peike på eintydig årsak til at jentene sin fullføring går meir ned enn gutane sin fullføring. Ser ein på tala isolert for vg1 yrkesfag kan det handle om at vidare utdanningsveg er tydelegare for fleire av utdanningsprogramma som tradisjonelt har størst andel gutar, og at det dermed kan vere enklare å sjå tydeleg retning i utdanninga frå oppstart vg1. Ein annan mogleg årsak kan vi sjå i tala frå UngData, der det er fleire jenter enn gutar som svarar at dei er misnøgde med eigen helse, og at dei slit med hyppig hovudverk og andre fysiske og psykiske plager. Tal frå elevundersøkinga bygger opp under at fleire jenter enn gutar opplever at det kan vere krevjande å vere elev på vg1. Ser ein på kva elevundersøkinga seier om mobbing er det samstundes fleire gutar enn jenter som svarar at dei blir mobba. For vidare arbeid må ein vere medviten om at fullført og bestått går ned, og ekstra medviten om at dette i enda større grad gjeld jentene, og i størst grad jentene på vg1 yrkesfag.

Som ein kan sjå i kapitla under har jenter generelt eit høgare fråvær enn gutar på alle trinn, og gruppa med flest sluttarar er også jenter på vg1 yrkesfag.

Om ein ser på alle yrkesfaga på vg1, og fordeler fullføringa på kjønn, så ser ein ikkje store skilnader per utdanningsprogram. Grunnen til at jenter likevel har ein lågare grad av fullføring samla sett er at det er svært ujamn fordeling av kjønna innad i dei ulike utdanningsprogramma, så totaltala vil vise at det er fleire gutar enn jenter som får fullført og bestått.

Under kan ein sjå fullføring fordelt på trinn, utdanningsretning og kjønn. Fargekodane er berre for visualisering, og refererer ikkje til nokre grenseverdiar.

Fråvær

Fråværet gjekk kraftig opp skuleåret 2022/23 og held fram med å stige noko. Under koronapandemien vart fråværsregelementet endra og for skuleåra 2020/21 og 2021/22 vart dokumentasjonskravet for helserelatert fråvær fjerna. Unntaket innebar at elevar som hadde fråvær av helsegrunner, ikkje trengte å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Føresette til elever under 18 år og elever som var myndige, kunne sjølv dokumentere fråværet. Det reelle fråværet for desse åra var difor høgare enn det tala viser.

Sjølv om ein ville forventa at fråværstala ville auke ein god del etter at fråværreglementet vart tilbakeført, er auken høgare enn forventa og ligg godt over prekorona-tal. Nasjonale tal for fråvær er tilnærma identisk med Vestland, både når det gjeld prosent fråvær og kurve dei siste sju åra. Totalfråvær er berekna del (prosent) som det totale fråværet utgjer av læreplantimane.

Tala under gjeld Vestland, alle trinn samla.

Som tala over viser aukar både time- og dagsfråværet. Høgt fråvær kan vere til hinder for god læring, og sjølv om auken i noko grad kan forklarast med regelendringane under og etter korona er auken høgare enn det ein kan vente. Både frå skulane i Vestland og nasjonalt peiker ein på moglege forklaringar som psykisk uhelse, framleis tilvenning til «nye» reglar etter korona og endra haldningar til fråvær i samfunnet. Tala under gjeld Vestland, alle trinn samla.

Om ein kategoriserer etter trinn, utdanningsretning og kjønn kan ein sjå at jenter jamt over har meir fråvær enn gutar. Jenter på påbygg har mest fråvær (10,2 %) og minst har gutar på vg1 studieførebuande (6,2 %). Fargekodane er berre for visualisering, og refererer ikkje til nokre grenseverdiar.

For å førebygge fråvær og auke nærvær må skulane arbeide strukturert med skulemiljø, tilpassa opplæring og andre tiltak som kan bidra til at elevane har det trygt og godt på skulen og at dei kjenner på meistring og motivasjon. Samstundes er godt skulemiljø og god tilpassa opplæring avhengig av at elevane nettopp er til stades på skulen. Ved å arbeide for å førebygge fråvær kan ein og forebygge fråfall frå opplæring, spesielt gjeld dette elevar som overskrid fråværsgrensa og ikkje får karakter i alle fag, noko som verkar direkte inn på gjennomføringa.

Frå 1.8.24 har skulen eksplisitt plikt til å følgje opp fråvær, jf oppll. §10-6. Eleven skal følgjast opp frå første fråværsdag, men eventuell iverksetjing av relevante tiltak vil vere avhengig av årsak til fråværet og kor hyppig fråværet er. Kunnskap om bakgrunnen for eleven sitt fråvær og rutinar for å sikre registrering av årsak til fråvær vil vere viktige i dette arbeidet.

Når det gjeld fråvær ser ein at grunnskulepoeng har samanheng med kor mykje fråvær elevane har. Til dømes har elevgruppa med 0-25 grunnskulepoeng heile 17,1 % fråvær. Grunnane til dette kan være samansette. Nokre forklaringar kan vera faglege utfordringar og at dei med høge grunnskulepoeng i større grad kjem inn på 1.ønske. Dette kan vera med å påverka motivasjonen. 

Gjennomføring

Det er to viktige mål for gjennomføring – fullført og bestått per skuleår, og fullført og bestått med sluttkompetanse etter 5/6 år. For skulane sitt utviklingsarbeid er indikatoren fullført og bestått per skuleår ein meir relevant og nyttig styringsindikator i utviklingsarbeidet.  Det siste gir eit overordna bilete av effektiviteten til utdanningssystemet, og indikatoren er viktig i den langsiktige styringa av utdanningssektoren. Gjennomføringsindikatoren gir altså eit overordna bilete av effektiviteten til utdanningssystemet – kor mange som fullfører og består i løpet av ein gitt periode.

Gjennomføringstala frå SSB og Udir tek også med private skular og er slik at ein for yrkesfaga ser på gjennomføring etter seks år. Tidlegare såg ein på gjennomføring for studieførebuande og yrkesfag gjennom fem år. Sidan yrkesfaga hovudsakeleg har eit år lenger utdanningsløp, er yrkesfaga sitt måletidspunkt flytta til seks år. Dette gjev eit meir rett bilete av forholdet mellom studieførebuande og yrkesfag, og er meir i tråd med korleis gjennomføring blir målt internasjonalt. Sidan målepunktet går tilbake i tid, er det gamle fylkesgrenser som gjeld.

Det har i ein lengre periode vore slik at det er større del elevar frå Sogn og Fjordane som gjennomfører i løpet av 5/6 år. Siste tal frå SSB, som er for 2017-kullet, syner at desse tala har nærma seg kvarandre. Under kan ein sjå at for 2017-kullet var det 82,7 % av elevane frå Sogn og Fjordane som hadde fått sluttkompetanse, medan resultatet for Hordaland ligg på 82,6 %. Nasjonalt ligg talet på 82,2 %.

For yrkesfag var tala samla sett 73,6 % gjennomføring for 2017-kullet og 91,1 % for studieførebuande. Tala har vore jamt aukande dei siste 10 åra. Det er ikkje tilfeldig kven som gjennomfører i løpet av 5/6 år. Under er tala for Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman, og kategorisert etter grunnskulepoeng til elevane.

Som ein kan sjå under er det store skilnader på gjennomføringa ut frå kva grunnskulepoeng ein har. Tala er relativt like om ein ser på skilnaden mellom yrkesfag og studieførebuande i denne samanheng. Samtidig kan ein sjå ein auke i gjennomføring for dei elevane med lågare grunnskulepoeng, noko som kan bety at ein i dei siste 10 åra i aukande grad greier å få elevar med dårlegare føresetnader til å gjennomføre med sluttkompetanse.

 

Sluttarar

I fråfallsamanheng jobbar ein med to hovudtypar sluttarar – dei som sluttar i skuleåret og dei som sluttar eller forsvinn mellom skuleåra. I dette avsnittet blir det presentert tal for skulesluttarar, altså dei som sluttar i løpet av skuleåret.  Sluttarar, fråvær og manglande vurdering er alle årsaker som fører til redusert  læringsutbytte og fullføring. Vidare er det slik at det er ein samanheng mellom fråvær, IV og sluttarar. For høgt fråvær kan føre til at ein ikkje får vurderingsgrunnlag i faga, og ein ser at dei som sluttar ofte har høgt fråvær. Personlege årsaker og stort fråvær er dei to største sluttårsakane.

Del elevar som sluttar i løpet av skuleåret har halde seg relativt stabilt dei siste 7 åra, med ein variasjon mellom 3,0 og 3,7 %. For skuleåret 2023/24 ligg talet på 3,5 %, som året før.

Søylene over og under viser at det er flest sluttarar på vg1 og på yrkesfag dei siste åra. Går ein nærare inn i tala, ser ein at for skuleåret 2023/24 er det flest sluttarar på vg1 yrkesfag (6,4 %) og færrast på vg3 studieførebuande (1,4 %).

Under ser ein sluttarar fordelt på utdanningsprogram. Merk at dei to utdanningsprogramma med høgast del sluttarar også er utdanningsprogram med svært få elevar.

Stolpediagrammet under viser del elevar som sluttar innanfor dei ulike grunnskulepoengintervallane.

Under kan ein sjå dei registrerte fråfallsårsaka. Merk at dette er elevar som faktisk har slutta, sjølv om det til dømes er registrert som til dømes «bytta skule» eller «bytta kurs». Personlege årsaker, stort fråvær, annan årsak og feilval er dei fire største sluttårsakane.

Under kan ein sjå kva tid på året elevane sluttar. Vi ser at fordelinga gjennom året er nokså jamn, med ei lita auke i etterkant av terminslutt T1.

Mange elevar er ikkje godt nok førebudd til utdanning og arbeid. Det er alvorleg fordi det kan avgrensa ungdom og vaksne sine moglegheiter til å velja sin veg i livet. Endringar i ny opplæringslov heng saman med fullføringsreforma. Det er gjeve ein utvida rett til opplæring, fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. I dette ligg blant anna ein utvida rett til omval og rett til yrkesfagleg rekvalifisering.  Implementering av nytt lovverk vil kunna påverka fullføringa positivt.

Dei siste sju åra har det vore fleire gutar, totalt sett, enn jenter som sluttar, med unnatak i 2022/23 der det var 0,5 prosentpoeng fleire jenter. Men på yrkesfag  har det jamt over dei siste åra vore fleire jenter enn gutar som sluttar. Tabellen under har kategorisert sluttarane skuleåret 2023/24 etter trinn, utdanningsretning og kjønn. Den gruppa med prosentvis flest sluttarar er jenter vg1 yrkesfag. Fargekodane er berre for visualisering, og refererer ikkje til nokre grenseverdiar.

 

Karakterar.

Grafen under viser karaktersnitt ved årsslutt for dei ulike utdanningsretningane. Ser ein på totalsnittet, har det vore ein generell auke i karaktersnittet dei siste sju åra, frå 4,07 til 4,20. Karaktersnitt er berekna ut frå standpunkt, termin 2 og eventuelle eksamenskarakterar. Det er høgast karaktersnitt i studieførebuande, etterfølgt av yrkesfag og påbygg. Rangeringa har vore den same dei siste sju åra. I løypemeldinga til Hovudutval for opplæring og kompetanse 11.9.24 vart det, ved ein feil, presentert andre karakterresultat. Tala under er dei riktige.


Som ein ser av grafen under er det elevane med dei lågaste grunnskulepoenga, 0-25, som i størst grad løftar karaktersnittet sitt. Samstundes er det i denne gruppa ein finn flest sluttarar, nesten 1 av 5 elevar med grunnskulepoeng 0-25 sluttar.  

Grafen under viser at med same grunnskulepoeng, får elevar på studieførebuande noko høgare karaktersnitt. For elevane med det lågaste grunnskulepoenga, får elevane på yrkesfag noko høgare karaktersnitt.

Jenter får jamt over høgare karaktersnitt enn gutar, uavhengig av utdanningsretning og trinn. Her har det ikkje vore nokre endringar dei siste sju åra. Høgast karakterresultat har jenter på vg3 studieførebuande  (4,40) medan gutar på påbygg har det lågaste (3,82). Fargekodane er berre for visualisering, og refererer ikkje til nokre grenseverdiar. Tala under viser snittkarakter fordelt på trinn, kjønn og utdanningsretning.

Under kan ein sjå karakterutvikling. Tala viser differansen mellom karaktersnitt årsslutt ut frå tidlegare trinn. Tala er for elever med progresjon til same skule. For vg1 nyttast grunnskulepoeng/10 og er uavhengig av kva grunnskule eleven kjem frå.

Det kan sjå ut som overgangen er størst for dei elevane som går frå ungdomsskulen til studieførebuande utdanningsprogram. Samtidig kan me sjå at utviklinga til desse elevane er god frå vg1 til vg3. Elevar som går frå ungdomsskulen til yrkesfaglege utdanningsprogram får ein god start. Samtidig kan det sjå ut til at det er vanskelegare å skapa ein god progresjon for desse elevane. Overgangen til vg3 påbygg illustrerer skilnaden mellom karakterutvikling på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Grunnskulepoeng

Som tidlegare nemnd så er grunnskulepoeng ujamt fordelt både når det gjeld utdanningsretning, utdanningsprogram og kjønn. Under kan ein sjå grunnskulepoeng fordelt på trinn, utdanningsretning og kjønn for 2023/24. Jenter har generelt høgare grunnskulepoeng og det er generelt høgare grunnskulepoeng på studieførebuande enn yrkesfag. Gruppa med høgast grunnskulepoeng er jenter vg3 studieførebuande (48,9) og lågast hos gutar vg1 yrkesfag (37,6). Fargekodane er berre for visualisering, og refererer ikkje til nokre grenseverdiar.

Generelt sett har grunnskulepoenga auka frå år til år både når det gjeld utdanningsretning og kjønn. Totalsnittet har auka frå 41,6 til 43,3. Tala gjeld samla alle trinn gitte skuleår.

Ein skulle då tru at vi ville sjå auka gjennomføring, færre sluttarar og mindre fråvær. Men det er ikkje tilfelle. Dette tyder på at det også er andre faktorar som påverkar resultat i tillegg til grunnskulepoeng. I tillegg til større samfunnsutfordringar, kan det også handla om lokale faktorar. Kva kapasitet skulen har til å vera eit profesjonsfagleg fellesskap som vurderer og vidareutviklar eigen praksis er viktig. Skular som aktivt jobbar med eigen skulekultur for å stimulera til fagleg og sosial utvikling påverkar også resultata.  

Ein meir konkret faktor er etterverknadane etter koronapandemien, som framleis heng med oss som ei mogleg forklaring på noko av dette. Rapportar frå Udir peiker bl.a. på at læringsutbyttet til elevane fall under korona, spesielt i tida med heimeskule. Ein kan derfor sjå for seg at vi no har elevar som har fått høgare karakterar, men lågare faktisk læringsutbytte, og at dette viser att i tal på fullført og bestått. Elles er det som nemnt under kapittel «Fullført og bestått» fleire elevar som framleis er i utdanning, og derfor ikkje har fullført og bestått i alle fag. Forklaringa kan her vere den same, at elevar som fekk ein form for kunnskapshol under korona og heimeskule får konsekvensane av dette i vidaregåande opplæring, ved at dei må nytte fleire år enn normert på å fullføre og bestå.

 

Overgangar

Gode system i overgangar er sentralt for å sikre at ungdommen fullfører vidaregåande opplæring. Som vist i tidlegare kapittel er det ein del elevar som sluttar undervegs i skuleåret, og som ein vil sjå er det i tillegg nokre elevar som ikkje startar igjen i overgangen til neste skuleår. Kjennskap til arbeidslivet og eit systematisk formidlingsarbeid vil lette overgangen frå opplæring til arbeidsliv. Vestland fylkeskommune har ein godt utarbeidd formidlingsstruktur, og skulane har ansvaret når det gjeld formidling av elevar til lære.

98 % av grunnskuleelevane har direkte overgang frå 10 trinn til vg1. Vestland fylkeskommune har utvikla ei informasjonsside, der kommunane kan sjå korleis overgangen frå ungdomsskolen til vidaregåande skule har gått. Sida finn ein her.

Figurane under viser overgangane frå skuleåret 2022/23 til 2023/24 for studieførebuande og dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Statistikken viser status for elever året etter at dei var registrert i vidaregåande opplæring. Status blir målt 1. oktober året etter at dei gjekk i vg1 eller vg2. Dei gule pilane viser del elevar som repeterer same trinn eller som har gjort omval. Dei raude pilane viser del elevar som fell ut gjennom skuleåret og mellom skuleåra.

 

 

 

Overgang frå vg2 yrkesfag.

Tabellen under viser alle elevar som gjekk vg2 yrkesfag 2022/23, og status skuleåret 2023/24. Det  er 11,7 % som neste skuleår ikkje går i lære eller skule, flest er det frå Restaurant- og matfag og Handverk, design og produktutvikling. 19,6 % av vg2-elevane gjekk direkte over til påbygg, og frå Helse- og oppvekstfag gjeld dette 44,8 %. Vidare kan ein sjå at 77,5 % av vg2-elevane frå Teknologi- og industrifag gjekk direkte over i lære.

Totalt er det 83,2 % som har progresjon. 54,1% av elevane gjekk inn i lære, det er det høgaste talet som er registrert dei siste 6 åra.

Rettleiingstenesta i Vestland 

Rettleiingstenesta  har 6 einingar i Vestland, og har ulike oppgåver innanfor oppfølgingstenesta (OT) opplæring i bedrift (OIB) vaksenopplæring (VO) og pedagogisk – psykologisk teneste (PPT).  Rettleiingstenesta samarbeider mellom anna med skular, opplæringskontor, grunnskular og NAV.  

RLT har fagutviklingsgrupper på tvers av fylket innafor dei ulike fagfelta. Fagutviklingsgruppene arbeider fram nye malar, har gjennomgang av rutinar og samhandlingsstrukturar for å få til betre samhandling og praksis. I tillegg har ein faste månadlege møter for alle rådgjevarane med relevante tema. Skuleåret 2023/2024 utarbeidde RLT rådgjevarar rettleiarar for psykisk helse og læring, både for elevar og lærlingar.  

Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring og primæroppgåva er å legge til rette for at flest mogleg ungdommar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Nokre av dei viktigaste oppgåvene til RLT er å: 

  • arbeide fleirfagleg for å styrke laget rundt elev og lærling og bidra til tidleg innsats 
  • følgje opp vaksne deltakarar når det gjeld realkompetansevurdering, ulike modellar, tilretteleggingar og opplæringsløp.   
  • rettleie og følgje opp ungdom utanfor opplæring og arbeidsliv  
  • følgje opp førsteårslærlingar 
  • rettleie lærlingar, lærekandidatar, bedrifter, opplæringskontor 
  • bistå skular med tilrettelegging  
  • samarbeide med skular, arbeidsliv, offentlege instansar, opplæringskontor og lærebedrifter 

 

RLT i overgangsarbeid 

Rettleiingstenesta (RLT) er ein viktig samarbeidspart for skulane i overgang frå grunnskule til vidaregåande og overgang frå skule til lære. RLT deltek i overgangsmøte og på kommunedialogar for å få til gode og inkluderande opplæringstilbod for einskildelevar, drøftar organisering og moglege behov for tilrettelegging og individuelt tilrettelagt opplæring for elevane og legg til rette for å trygge overgangen for lærlingane.  

Det er utarbeida ein samhandlingsrutine mellom skular og RLT for å leggje til rette for tidleg innsats og arbeide førebyggjande til det beste for elevar. Rutinen skal også sikre at elevar, som har behov, blir tilmeldt til RLT ved behov for individuell tilrettelegging. 
 

RLT/PPT deltek fast i skulen sitt ressursteam. Ressursteama skal jobbe både med system- og individsaker, og møta kan etter behov delast i arbeid med individ- og/eller systemsaker. RLT skal hjelpe til med systemretta arbeid slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg. Dette inneber å gi konkret rettleiing om utfordringar skulen har, og i tillegg bidra med kompetanse om tilrettelegging og inkludering.  

Oppfølgingstenesta

Fylkeskommunen har ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring, men som ikkje er i opplæring eller arbeid, jf. oppl.l. § 3-6. (§9-4 i ny opplæringslov frå 1.8.24) Tenesta gjeld til og med det året ungdommen fyller 21 år (§9-4 i ny opplæringslov frå 1.8.24) . OT skal formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Denne opplæringa skal så langt som råd er, føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. OT har også ansvaret for å koordinere og samordne dei tverrfaglege tenestene rundt desse ungdommane. Her inngår det å sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar. Tabellen under viser kor mange ungdommar som er registrert i oppfølgingstenesta på rapporteringstidspunktet.

 

Opplæring i bedrift.

Vestland er eit av dei største fagopplæringsfylka i landet og hadde  3587 lærekontraktar ved utgangen av 2023. Fram til september i år ligg talet på 2556 nye lærekontraktar

Fag- og yrkesopplæringa byggjer på tett samarbeid mellom partane i arbeidslivet, fylkeskommunen og lærlingen. Det er viktig å sørgje for at det er god balanse mellom arbeidslivet sitt behov for kompetanse og unge og vaksne sine ønskjer og behov om utdanning. Det er avgjerande at dei som tek ei fag- og yrkesutdanning, får ein kompetanse som kvalifiserer for framtidig arbeid. Det er skilnader mellom dei ulike utdanningsprogramma når det gjeld talet på søkjarar som skaffar seg lærekontrakt, noko som blir påverka av arbeidsmarknaden og konjunktursvingingar.

Det er viktig å arbeide langsiktig med rekruttering til yrkesfag saman med partane i arbeidslivet. Graden av forplikting mellom partane er avgjerande både for kvaliteten og kapasiteten til å utdanne nye fagarbeidarar.

Talgrunnlaget i opplæring i bedrift skil seg frå anna talgrunnlag i kvalitetsmeldinga ved at ein nyttar tal som følgjer kalenderår og ikkje skuleåret. Oppdaterte tal og analyser for 2024 kjem i februar-publiseringa under fanen Opplæring i bedrift, men her er nokre av dei viktigaste hovudresultata.

I 2023 var det 91,6 % som besto fagprøven. Tala i år pr. september er 93.5 %. I tala under er det i tillegg nokre som ikkje møter opp. Dei er ikkje tatt med.

Tabellen under viser kandidattype og tal gjennomførte prøvar per år. I 2023 var det 4425 kandidatar og pr. september i år er det 3004.

Tabellen under viser prosentvise inngåtte kontraktar per utdanningsprogram ut frå talet søkjarar. I Vestland har fleire søkarar skaffa seg læreplass enn det nasjonale snittet.

 

Tiltak i opplæring i bedrift:

Rettleiingstenesta si rolle innan opplæring i bedrift er å gje råd og rettleiing for å legge til rette for gode og inkluderande opplæringsmiljø. Ei sentral oppgåve er å følgje opp og besøke lærling og lærebedrift.  Vestland har styrka rettleiingstenesta med åtte engasjementstillingar i to år frå hausten 2023 til dette arbeidet.  

Bedriftsbesøk: Rettleiingstenesta har som oppdrag å rettleie lærlingar og lærebedrifter med mål om å legge til rette for gode og inkluderande opplæringsmiljø. Dette gjer dei mellom anna gjennom bedriftsbesøk der dei har samtalar med lærling og lærebedrift. Dette arbeidet er per no styrka ytterlegare med åtte engasjementstillingar med ei varigheit på to år frå hausten 2023.

Prøvenemnd og prøvenemndssopplæring: Partane bidreg med oppnemning av om lag 1100 prøvenemndsmedlemer som skal lage oppgåver med grunnlag for vurdering, vurdere og setje karakter på fag-, sveine- og kompetanseprøver innan dei ulike faga. Prøvenemndsmedlem er eit offentleg verv som følgjer fylkestingsperioden på fire år om gongen. Prøvenemndene har gjennomgått ei obligatorisk topplæring som er sett saman av ei digital kompetansepakke (del1) og ein fysisk dagsamling i Bergen (del 2). Det er og faste møter med koordinatorane i prøvenemndene for å sikre fagleg utvikling og oppdatering i høve eventuelle endringar i perioden.

Instruktørkurs for faglege leiarar og instruktør: Ei todelt opplæring med ein digital og ein fysisk del. Kursa skal sikre at bedriftene er best mogleg budd i arbeidet med lærlingar.

Kurs psykisk helse for fagleg leiar og instruktør: Våren 2024 har det vore gjennomført tre pilotkurs i psykisk helse som er retta mot faglege leiarar og instruktørar. Kursa har vore gjennomført både fysisk og digitalt og det er lagt opp til vidare kursing frå hausten 2024. Dette er eit samarbeid med fagskulen.

Kurs relasjonskompetanse for fagleg leiar og instruktør: Det har vore gjennomført kurs i relasjonskompetanse retta mot faglege leiarar og instruktørar. Kursa har vore fysiske og er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Kurs for lærlingar: Det er utvikla digitalt mikrokurs for lærlingar der lærlingane får tilpassa emne etter kvar dei er i læreløpet. Kursa er kompatible med mobil. Dette erstattar dagens digitale kurs for lærlingar.

Oppstartskurs  nye lærlingar: Rettleiingstenesta inviterer  alle nye lærlingar til samling. Dei fleste samlingar er fysiske og kan arrangerast i samarbeid med opplæringskontor. 

Tankeviruskurs:  Gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset er for både lærlingar og faglege leiarar og instruktørar.

Rettleiar for psykisk helse: Rettleiar for psykisk helse opplæring i bedrift.

Opplæring for vaksne - Modulstrukturert opplæring. Som eit tiltak i Fullføringsreformen er det vedtatt modulstrukturerte læreplanar i 13 lærefag, desse læreplanane tredde i kraft saman med ny opplæringslov 01.08.24. Modulstrukturert opplæring skal givast i samarbeid mellom skule og bedrift der ein stor del av opplæringa føregår i bedrift. Vestland tilbyr frå hausten 2024 modulstrukturert opplæring i faga: helsefagarbeidar, kokk og ernæringskokk. Ein viktig faktor i modulstrukturert fag- og yrkesopplæring er realkompetansevurdering, som no får ein større rolle i inntaket og i opplæringsplanen til den enkelte. Alle som har rett til vidaregåande opplærings for vaksne har også rett til å få sin realkompetanse vurdert opp mot sluttkompetansen ein er tatt inn til, også mot sluttkompetansar som ikkje er modulstrukturerte.

 

Oppsummering:

Resultata frå skuleåret 2023-2024 viser at me lukkast med mykje i Vestland fylkeskommune. Samtidig viser resultata at me kontinuerleg må arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i den vidaregåande opplæringa.  Utfordringane me har samsvarer i stor grad med nasjonale utfordringar  

Skuleårsresultata peiker retning for jobben vi må gjere framover. Enkeltståande resultat kan vere noko tilfeldige, men vi ser nokre negative trendar som gjentek seg over fleire år. Spesielt gjeld dette fullført og bestått og fråvær dei to siste åra, etter korona. Vi ser også ei negativ trend for studieførebuande generelt og jenter spesielt når det gjeld gjennomføring.

Den nye opplæringslova vil utfordra oss på å fornye og forbetre. Temaplanen fornye og forbetre- auka gjennomføring, med tilhøyrande handlingsprogram, peikar på forskingsbaserte strategiar og tiltak som kan bidra i denne samanheng. Det er i tillegg utvikla ulike rettleiarar som skal støtta skulane og opplæringsansvarlege i arbeidet med å følgja opp utfordringar som er identifisert.

Temaplanen, mål og strategiar, «Fornye og Forbetre – Auka gjennomføring» er Vestland sitt styrings- og kvalitetsverktøy i arbeidet med å fornye og forbetre vidaregåande opplæringa i takt med sterke og raske samfunnsendringar. Her vert resultata analysert i lys av temaplanen og det vert peika på ulike viktige moment i arbeidet vidare:

Fornye og forbetre 2023/24