Opplæring i bedrift 2024

Vestland er eit av dei største fagopplæringsfylka i landet. Fag- og yrkesopplæringa byggjer på tett samarbeid mellom partane i arbeidslivet, fylkeskommunen og lærlingen. Det er viktig å sørgje for at det er god balanse mellom arbeidslivet sitt behov for kompetanse og unge og vaksne sine ønskjer og behov om utdanning. Det er viktig å arbeide langsiktig med rekruttering til yrkesfag saman med partane i arbeidslivet. Graden av forplikting mellom partane er avgjerande både for kvaliteten og kapasiteten til å utdanne nye fagarbeidarar.

Overgang frå vg2 yrkesfag

Overgangen frå Vg2 yrkesfag har i alle år vore den mest kritiske overgangen i vidaregåande opplæring. Grafen under viser prosent elever som frå Vg2 yrkesfag har hatt ein eller annan form for progresjon neste skuleår. Progresjon blir rekna som enten at eleven er ute i lære, går planlagt vg3, alternativ vg3 i skule, påbygg eller særløpet YF mot ST vg3. Det sistnemnte er eit  særløp mot studiekompetanse på yrkesfaglege utdanningsprogram. Årstalet refererer til overgangsåret.

Tabellen under viser at av alle elevar som gjekk vg2 yrkesfag 2023/24 er det 11,9 % som neste skuleår ikkje går i lære eller skule. 20,9% av vg2-elevane gjekk direkte over til påbygg, og frå Helse- og oppvekstfag gjeld dette 42,4 %.Vidare kan ein sjå at 74,3 % av vg2-elevane frå Teknologi- og industrifag gjekk direkte over i lære.

Ser ein på elevane samla og pr. overgangsår, ser ein at tala held seg relativt stabile dei siste åra.

Søkjarar og formidling  til lære

Fylkeskommunen skal formidle søkjarar som oppfyller vilkåra for dette til lærebedrifter. Dette står i opplæringslova § 7-7. Den som vil bli formidla til læreplass må søkje til fylkeskommunen. Ein kan søkje om læreplass i eit lærefag som bygger på det utdanningsprogrammet eller programområdet som gjeld for lærefaget etter tilbodsstrukturen. Fylkeskommunen kan tilby læreplass både i eiget fylke og i eit anna fylke. Fylkeskommunen sender søkjars personalia og karakteroversikt til aktuelle lærebedrifter som har teikna avtale om inntak av lærling (intensjonsavtale).

Søkjarar som har søkt formidling til læreplass innan fristen 1.mars, vil så langt det er mogleg, bli formidla til læreplassar i eit fag det er søkt til, og som søkjar er kvalifisert for. Søkjar vil under heile søknadsprosessen få meldingar frå fylkeskommunen om å være aktiv og sjølv ta direkte kontakt med aktuelle lærebedrifter.

Lærebedrifta avgjer kven ho inngår kontrakt om læretid med. Lærebedrifta kan setje krav til lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten på grunn av verksemda i bedrifta, mellom anna når det gjeld kundebehandlinga, utstyret og sjølve produksjonen.

Under kan ein sjå oversikt over tal søkjarar og tal formidla søkjarar dei siste åra. Når ein ser på alle søkjarar var 91,3 % av søkjarane formidla i 2024.

Under er ei oversikt over søkjarar og formidla med ungdomsrett. For 2024 var talet 92,3 %.

Opplæring vg3 fagopplæring i skule er ikkje eit søkbart tilbod, men blir sett i gang i fag der søkjarar med ungdoms- eller vaksenrett står utan tilbod om læreplass pr. 1 september.  Retten til slik opplæring er heimla i opplæringslova § 3-3 og forskrift  til opplæringslova § 3-51 og §6A-9 og lokal forskrift §29.  Aktuelle søkarar utan læreplass skal få vidare oppfølging frå avgangsskulen eller rettleiingstenesta.

Målgruppe Vg3 fagopplæring i skule:

  • kvalifiserte søkarar med ungdomsrett som står utan tilbod om læreplass/skuleplass (opplæring) per 1. september skal få tilbod om vg3 fagopplæring i skule innan 15. september
  • vaksne med rett etter §4A-3, som har søkt læreplass (i Vigo) i bedrift utan å få læreplass
  • ungdom med rett til vidaregåande opplæring, som kvalifiserer seg undervegs i eit skuleår, kan få tilbod om plass etter ei vurdering frå skulen
  • kvalifiserte søkarar utan rett til vidaregåande kan få tilbod om vg3 fagopplæring i skule ved ledig kapasitet på tilbodet

Kontraktar

Grafen under viser at det i 2024 vart inngått 3491 nye lærekontraktar i Vestland. Tala er relativt stabile frå år til år, men det har vore ei lita nedgang dei siste fire åra. 

Som ein kan sjå under var det flest nye kontraktar innan teknologi – og industrifag, etterfølgt av bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, samt elektro og datateknologi.

Tabellen under viser løpande kontraktar pr 15.01.2025.

Kurskategori

Tabellen nedanfor viser tal løpande kontraktar på dei ulike opplæringsmoglegheitene for å oppnå fag- eller svennebrev, og kompetansebevis for lærekandidater. Dei ulike kurskategoriane syner grad av ulike og varierte opplæringstilbod som vert nytta i fylket.

Avbrot lærekontrakt

Sjølv om lærlingen og bedrifta er bunden av lærekontrakten, er det likevel høve til å ha avbrot i kortare eller lengre periodar i læretida. Døme på situasjonar som kan gje avbrot er lengre sjukdom, fødselspermisjon, premiering eller militærteneste.

Fylkeskommunen skal ha melding om alle lengre avbrot. Læretida blir normalt utvida med tilsvarande tid som lærlingen har vore borte frå lærebedrifta. Ferie blir ikkje rekna som avbrot.

Heving

Nokre gonger oppstår situasjonar som fører til at ein av partane ønskjer å heve lærekontrakten. Heving av lærekontrakten inneber at lærlingen og lærebedrifta avsluttar læreforholdet. Læreforholdet held fram til eventuelt vedtak om heving er fatta.

Fylkeskommunen skal informerast tidleg i prosessen ved eventuell heving. Dette for å kunne bistå partane så tidleg som råd. Både lærling og bedrift kan initiere heving. Partane kan vere samde eller usamde om å avslutte læreforholdet. Fylkeskommunen er ein særskilt viktig part i saker der det ikkje er semje.

I tala over er ikkje hevingar som skyldast overføring til ny kontrakt, endra kontraktstype eller økonomiske årsaker tatt med.

Samarbeidsorgan

Opplæringslova med opplæringsforskrift som tredde i kraft 01.08.2024 endrar omgrepet opplæringskontor og rolla opplæringskontora har hatt. Ny nemning er samarbeidsorgan.  Lærebedrifter som samarbeider med samarbeidsorgan, kan avtale at samarbeidsorganet inngår lærekontrakt etter opplæringslova § 7-2 og mottar tilskot etter opplæringslova § 7-8 på vegner av lærebedrifta. Eit samarbeidsorgan kan også etter avtale støtte lærebedrifter og fylkeskommune med andre oppgåver.

Fagprøver 

Resultat fagprøver i prosent. B betyr bestått, BM bestått mykje  godt, IB ikkje bestått, og IM betyr ikkje møtt. Prosentvis er det relativt jamne resultat dei siste åra.

Under kan ein sjå beståtte fagprøver i prosent og reelle tal, ut frå utdanningsprogram, dei siste fire åra. Det er stor variasjon i tal fagprøvar innan dei ulike utdanningsprogramma, der dei tre største i 2024 er bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag, samt helse- og oppvekstfag.

Under er ei oversikt over tal fagprøver, fordelt på kurskategori. Lærlingar utgjer hovuddelen, men praksiskandidatar er også ei stor gruppe som går opp til fagprøva.

Sjå også oppdatert Power BI med meir detaljert oversikt over fagprøver.

Rettleiing

Rettleiingstenestene (RLT) gjennomfører bedriftsbesøk og lærlingbesøk. Rettleiingstenestene si rolle innan opplæring i bedrift er å gje råd og rettleiing for at lærlingane og lærekandidatane skal trivast på arbeidsplassen og få best mogleg utbytte av opplæringa. Rettleiingstenestene følgjer opp og rettleiar lærlingar, lærekandidatar, opplæringskontor og lærebedrifter.  I 2024 vart det utført 1175 rettleiingar med lærlingar. I 2023 var talet 598. Vidare vart det utført 478 rettleiingar av lærebedrifter, opp mot 300 førre år. Den store endringa skuldas både innskjerping i registreringa av rettleiinga, samt at RLT har fått fleire tilsette til å utføre rettleiinga. I desse rettleiingane får lærlingane til dømes samtale kring trivsel, oppfølging, fråvær, fagprøven, ev. manglande teori, halvårssamtale, arbeidsavtale, lærlingombod og kurs VLFK har for lærlingane sine. Alle lærlingane får ei oppsummering av samtalen og kontaktinformasjon til RLT, lærlingombod og kursa dei kan delta på.

Målet med å  besøke lærebedrifter er at ein saman med bedrift  skaper ei felles forståing av kva som gir god kvalitet i opplæringa. I bedriftsbesøket går ein igjennom følgjande lovpålagde dokument henta frå opplæringslova:

  • Intern opplæringsplan
  • Dokumentasjon på gjennomføring av halvårssamtale
  • Rutinar for internkontroll
  • Arbeidsavtale mellom bedrift og lærling

I dei ordinære bedriftsbesøka gjennomfører RLT individuelle samtaler med lærling, før dei snakkar med bedrifta. I tillegg til å rettleie om opplæringslova, har dei fokus på trivsel, psykisk helse og fullføring.

RLT vert også  kontakta av lærling, bedrift eller samarbeidsorgan om læreforholdet ikkje fungerer optimalt av ulike årsaker. RLT  blir eit bindeledd i kommunikasjonen mellom partane, der vi lyttar til begge si side av saken og i samarbeid prøver å finne løysingar til utfordringane.

Under kan ein sjå oversikt over kva utdanningsprogram lærlingane som vart rettleia høyrer inn under.

RLT melder om at tilbakemeldingar frå samarbeidsorgan , bedrifter og samarbeidspartnarar er at det er meir utfordringar med psykisk helse hos lærlingane og at dei er mindre klare for arbeidslivet enn tidlegare. Vidare at bedriftene tek meir kontakt om fråvær hjå lærlingane no enn tidlegare. Det meldast også om fleire overgangsvanskar mellom skule og arbeid.

Her er ei oversikt over nokre arbeidsoppgåver RLT har mot elevar, lærlingar og bedrifter:

  • kontakt med alle 1. års lærlingane
  • kurs for fagleg leiarar og instruktør
  • besøk i alle vg2 klassar på yrkesfag  på våren for å informere om tenesta og sikre ein god overgang til lære
  • overgangsmøter med avgjevarskule på våren for å sikre god overgang og oppfølging av RLT når dei er ute i bedrifta
  • lærlingsamlingar på hausten. Her er og alle som går vg2 er invitert til å delta
  • kontakt med lærlingar ved fare for avbrot av lærekontrakt, utfordringar i læreforholdet
  • utdanning/yrkesrettleiing ved feilval eller behov,
  • bistand ved utfordringar med arbeid, helse, opplæring, personlege og sosiale tilhøve
  • informere om og vise til andre avdelingar og tenester slik som oppfølgingstenesta, vaksenopplæringa, Karriere Vestland, NAV, elev og lærlingomboda. 
  • rettleier på moglegheiter for fagbrev ved for eksempel manglande fag frå vgs

Her er meir info om RLT

Prøvenemnder

Næringslivet bidreg med i overkant av 1000 prøvenemndsmedlemer som skal lage oppgåver med vurderingsgrunnlag, vurdere og setje karakter på fag-, sveine- og kompetanseprøver innan dei ulike faga. Prøvenemndsmedlem er eit offentleg verv der kvar person normalt blir oppnemnd for fire år om gongen. Prøvenemndsperioden følgjer fylkestingsperioden, og førre oppnemning var 01.01.24.i overkant av 800 prøvenemndsmedlemmar har gjennomgått ei todelt opplæring med ein heildigital kompetansepakke på udir.no og eit fysisk kurs med instruktør frå fylkeskommunen. Denne opplæringa skal alle nye prøvenemndsmedlemer gjennomgå.