Fornye og forbetre 2023/24

Vegen vidare – fornye og forbetre

Resultata på nettsida resultat og analyse frå opplæring gir oss informasjon på korleis det står til i den vidaregåande opplæringa vår. Vestland fylkeskommune lukkast med mykje, men har også utfordringar som i stor grad samsvarar med nasjonale utfordringar.

Skuleårsresultata viser nedgang i fullført og bestått, medan stadig fleire gjennomfører utdanninga si etter 5/6 år. Fråværet aukar, i same takt som fråværsauka nasjonalt. Elevundersøkinga frå 2023 viser at vi ligg omtrent på nasjonalt snitt når det gjeld hovudindikatorar for læringsmiljø, men høgare på mobbing enn landsnitt for vg1 og vg2. Ungdata 2024 fortel oss at ungdommane stort sett trivst på skulen, og at dei fleste er nøgde med si eiga helse. I kvalitetsdialogane fortel elevane at dei stort sett er nøgde med skulane og skulemiljøet, samstundes som elevundersøkinga nyanserer dette biletet noko. Elevane etterlyser kvart år meir variert undervisning og vurdering som i større grad fremjar læring. Lærarrepresentantane og skuleleiinga peikar på at skulane gjer eit godt arbeid med å sikre eit trygt og godt skulemiljø, medan den overordna satsinga tilpassa opplæring er eit forbetringspotensiale – skulane har ein veg å gå når det gjeld å nå alle elevar med god tilpassa opplæring.   

Elever som fell ut av og/eller ikkje lukkast med  vidaregåande opplæring treng god og tilpassa hjelp for å kome attende på eit spor som kan leie dei fram til ønska kompetanse. Fullføringsretten gir tydelege føringar i at alle skal få tilbod til dei har fullført vidaregåande opplæring. Arbeidet startar ikkje i det elevane kjem inn skuleporten for å starte på vg1, og opplæringslova tydeleggjer plikta fylkeskommunen har til å samarbeide med kommunane om overgangen frå grunnskule til vg1. I Vestland er dette arbeidet organisert i kommunedialogar.

Fleire av utfordringane vi møter på i opplæring er ein del av komplekse utfordringar samfunnet samla står ovanfor. Skulane og lærebedriftene skal møte ungdommane der dei er, og bidra til ei positiv samfunnsutvikling der flest mogleg får utnytte sitt fulle potensial og leve gode liv. Fullført vidaregåande opplæring spelar positivt inn på vidare liv, og bidreg til å motverke utanforskap.

Ei vidare oppfølging av resultata vil ein sjå att i rullering av handlingsprogrammet til temaplan Fornye og forbetre – auka gjennomføring 2021-2025. Handlingsprogrammet peikar også på implementeringskvalitet som ein viktig faktor i arbeidet med å realisera vedtekne mål. I dette ligg å sikra at mål, tiltak og retningslinjer får ein positiv effekt i klasserom, verkstad og andre læringsarenaer.

 

Planverk og styringssignal

Temaplanen, mål og strategiar, «Fornye og Forbetre – Auka gjennomføring» er eit styrings- og kvalitetsverktøy i arbeidet med å fornye og forbetre vidaregåande opplæring i takt med sterke og raske samfunnsendringar.  

 Temaplanen har følgjande mål: 

  1. Elevar og læringar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø  
  2. Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen  
  3. Vidaregåande opplæring (VGO) har god samanheng med grunnskule og er heilskapleg, fram til arbeidsliv eller høgare utdanning  
  4. Vidaregåande opplæring er ein viktig utviklingsarena for ungdom, vaksne og arbeidsliv 

Dei fire måla peikar mot resultatkvaliteten Vestland fylkeskommune arbeider mot i all kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring. Strategiane i temaplanen tek utgangspunkt i at ei likeverdig opplæring må ha både individ- og systemperspektiv, og dei er derfor utforma med krav til både prosess- og strukturkvalitet. Samspelet i og mellom struktur-, prosess- og resultatkvaliteten motiverer for kontinuerleg fornying og forbetring. Til dømes vil samspelet mellom tydelege roller, klåre spelereglar (struktur) og eit trygt og godt læringsmiljø (prosess) gi læring og utvikling (resultat), jamfør kvalitetssirkelen. 

Utfordringane som fullføringsreforma peikar på for å auke fullføring i vidaregåande opplæring, samsvarar i stor grad med dei føresetnadane både tidlegare og denne kvalitetsmeldinga avslører som vesentlege for at elevane og lærlingane våre skal fullføre og bestå utdanninga si:

Hinder for kvalitet og økt fullføring i VGO

  • VGO er i for liten grad tilpassa elevar med svake faglege føresetnadar
  • Elevane er ikkje godt nok studieførebudd
  • Fagopplæringa dekkar ikkje elevane, lærlingane og arbeidslivet sine behov godt nok
  • VGO er i for liten grad tilpassa den mangfaldige elevgruppa
  • VGO er ikkje godt nok tilpassa vaksne
    (Meld St.21 (20-21 Fullføringsreforma)

 

Temaplanen sitt vedtekne handlingsprogram er tufta på dei resultata og utfordringane som kvalitetsmeldingar peikar på, og inneheld desse satsingsområda: 

  • Relasjonsbygging 
  • God leiing av læringsarbeid 
  • Elevmedverknad 
  • Variasjon i undervisninga 
  • Fleksible og differensierte opplærings- og undervisningsordningar 
  • Gode overgangar - for tryggleik og rette val 
  • Skulen sine omgjevnadar blir brukt både som kunnskapskjelde og læringsarena 

I arbeidet med å finne tiltak og prosessar i handlingsprogrammet har avdelingsdirektøren nytta involvering som grunnleggande prinsipp.  Særleg har det vore lagt vekt på elev- og lærlingstemma.   

Forsking peikar på at skal ein lykkas med utvikling er det viktig å satse på få langsiktige mål og tiltak. Måla bør stå seg over tid og skuleeigar må aktivt følgje dei opp. Frå handlingsprogrammet har derfor avdelingsdirektøren peika ut to tiltaksområde: 

  • Fornye og forbetre tilpassa opplæring 
  • Fornye og forbetre overgangar i opplæringa 

Tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er eit grunnleggjande prinsipp om at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine i all vidaregåande opplæring. Opplæringa skal tilpassast slik at elevane får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa uavhengig av føresetnader. Lærebedrifta skal og sørge for å tilpasse opplæringa for dei som har læretid i bedrift. (Opplæringslova §11 - 1 Tilpassa opplæring)

Tilpassa opplæring gjeld alle elevar gjennom heile opplæringsløpet. Skulen skal utvikla inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Elevane skal oppleve eit raust og støttande læringsmiljø der dei blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling.

I overordna del i læreplanverket går det fram at elevar møter skulen med ulike erfaringar, forkunnskapar, haldningar og behov. Skulen må gje alle elevar likeverdige moglegheiter til læring og utvikling, uavhengig av føresetnader, og legge til rette for eit breitt utval  av læringsaktivitetar og ressursar innanfor føreseielege rammer.

Forventningar skulen har til den enkelte elev om innsats og meistring påverkar læring og trua på evner og moglegheiter. Det er difor avgjerande at skulen møter alle elevar med ambisiøse, men realistiske forventningar, og at lærarane utviser eit profesjonelt skjønn når dei vurder elevane si læring. Skulen må også følgje med på elevane si utvikling og melde frå dersom dei har behov for individuelt tilrettelagt opplæring. 

Fylkestinget vedtok i sak 117 /2021 prinsipp for tilpassa opplæring:

  • alle elevar, lærlingar og lærekandidatar møter eit inkluderande læringsmiljø
  • godt tilpassa opplæringsløp for elevar, lærlingar og lærekandidatar kvalifiserer til etterspurt kompetanse
  • auka læringsutbytte ved bruk av fleire fleksible og ulike relevante opplæringsarenaer
  • vurderingspraksis som fremjar læring og utvikling
  • byggje ein sterk kultur for kompetansedeling om tilpassa opplæring gjennom utvikling i profesjonsfellesskapet og samhandling mellom rettleiingsteneste, skule og bedrift.

Det er utarbeidd rettleiarar for tilpassa opplæring i samarbeid med sektoren, som er i tråd med ny opplæringslov. Med målsetjing om at fleire elevar skal fullføre, er det også utvikla system for heilskapleg kartlegging og mal for pedagogisk rapport som sektoren skal nytte for å tilpasse opplæringa tidleg og best mogeleg til kvar enkelt.

Det er vidare lagt til rette for gode rutinar og samarbeidsstrukturar i arbeidet med ressursteam og samhandling mellom skular og rettleiingstenesta. Å lukkast med tilpassa opplæring inneber å ta omsyn til mangfaldet i elevgruppa, og å vere budde på å møte dei på den måten som er best for kvar enkelt.

Overgangar

  • 9-5.Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen.

Overgangar er kritiske punkt i opplæringsløpet, og i ny opplæringslov presiserer ein at fylkeskommunen har overordna ansvar for overgangen frå grunnskulen til den vidaregåande opplæringa. Vestland fylkeskommune har arbeidd systematisk med denne overgangen over tid. Det er oppretta 10 regionale møtearenaer, kommunedialogar, der kommunen, fylkeskommunen, vidaregåande skule og andre relevante aktørar som rettleiingstenesta og PPT kommune har dialog om det å auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. 

Innhaldet i desse møta er: 

  • bakgrunn, behov og målsettingar for samarbeid i grunnopplæringa 
  • ny opplæringslov og gjennomføringstal
  • kva fortel statistikken om overgangen til vg1?
  • kva nye vegar kan vi gå i måten vi samhandlar på til beste for dei elevane som har utfordringar med denne overgangen? 

Det operative arbeidet med ulike tiltak skjer mellom dei vidaregåande skulane; rettleiingstenesta og kommunane. 

Overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring er sentral i alle ungdommars liv. Nye og ukjente sosiale miljø, nye faglege utfordringar og høve til å velje ei utdanningsretning som er meir i tråd med eigne interesser kan vere både positivt og negativt for den enkelte ungdom. Elevar som ikkje opplever meistring eller ikkje finn seg til rette sosialt kan oppleve at motivasjonen for skule blir redusert.

Dei vidaregåande skulane gjer tiltak i oppstarten av nytt skuleår for å trygge elevane både sosialt og fagleg. Gode relasjonar til medelevar, lærarar og andre tilsette på skulen er viktige for vidare gjennomføring av opplæringsløpet. Lærarar som er tydelege klasseleiarar og tek ansvar for dei sosiale rammene, både i klasserommet, men og på andre arenaer i skulekvardagen, bidreg positivt til å skape gode lærings- og klassemiljø. Læraren må vere ein tydeleg leiar i læringsarbeidet.

Dei fleste ungdommar som går ut av grunnskulen startar på vidaregåande opplæring, og det største fråfallet skjer i overgangen frå vg2 yrkesfag til lære, jamfør årsresultat 23/24. Verktøy som læreplassrekneskapen (LPR) er sentrale for å systematisere arbeidet med å skaffe læreplassar til elevane som ønsker dette.

Ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring har rett på oppfølging frå oppfølgingstenesta (OT). OT har ulike tiltak og tilbod dei kan tilby ungdommane dei er i kontakt med, og målet er å kome attende til opplæring eller arbeid. Systematisk arbeid med overgangar vil kunne bidra til at fleire ungdommar fullfører og består vidaregåande opplæring.

Kunstig intelligens

Dei siste åra har kunstig intelligens (KI) kome inn i klasserom og lærarkontor verda over gjennom praterobotar som til dømes ChatGPT. Den nye teknologien gjev både mogleikar og utfordringar for lærings- og vurderingsarbeidet i skulen. KI er inngripande ikkje berre i skulen, men i heile samfunnet. Alt frå rekkefølga på resultata i nettsøka våre til demokratiske val vert påverka av denne teknologien. Formålsparagrafen i opplæringslova (§1-3) seier både at skulen skal “opne dører mot verda og framtida” og “fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte”. Grunnleggjande forståing for, og bruk av, KI er naudsynt for å gjere dagens elevar rusta til å møte framtida.  

KI gjev oss verktøy som gjer oss i stand til  å drive læringsarbeid på nye måtar. Det er no mogleg å føra samtalar med språkmodellar som tek på seg rolla som fiktive eller historiske karakterar, alt frå vitskapsfolk til karakterar i litterære verk. Dette gjer at fagstoff som tidlegare var lite tilgjengeleg for mange elevar no vert engasjerande og meir forståeleg. Samstundes er det enno utfordringar knytt til denne teknologien med tanke på fagstoff. Språkmodellar har ein tendens til å hallusinera (dikte opp) der det er kunnskapshol, og gje retorisk overtydande svar. På eit lite språk som norsk vil desse hola oppstå oftare enn på engelsk, som er hovudspråket i det dei fleste modellane er trena opp på. Dette gjer at kjeldekritikk og faktasjekking er ferdigheiter som i enno større grad enn tidlegare er viktige.  

Teknologien opnar og opp for at opplæringa lettare kan tilpassast ulike elevgrupper og den einskilde eleven. Forenkling av tekstar, tekst-til-tale- og tale-til-tekst-verktøy og den aukande graden av multimodalitet i verktøya gjer at elevar som tidlegare har opplevd lesing og skriving som eit hinder for refleksjon og fagleg forståing no får tilgang til fagstoffet. På den andre sida kan ein tenka at elevar som kanskje ikkje har dei same utfordringane gjer seg avhengig av denne type verktøy og med det unngår ein del skrive- og leseaktivitet. Det kan tenkast at omfattande bruk av slike verktøy både kan gjera noko med språket og kommunikasjonsforma vår, samt evna vår til å strukturera tankar og informasjon. Likevel krev kommunikasjon med språkmodellar tydelege instruksar og spesifikke formuleringar for å gje gode resultat.

Tekst har gjennom lange tradisjonar i skulen blitt eit mål for kompetansen til elevane. Det skal skrivast tekstar i mange fag, og det er den endelege teksten som vert sett på som kompetansen eleven sit att med. KI utfordrar denne tradisjonen, sidan me ikkje lenger kan vita om det er eleven sin tekst, eller om det er skrive av ein språkmodell på bestilling. Diskusjonar om å gå tilbake til penn og papir, stenge internett eller liknande er eit naturleg resultat av den raske utviklinga innan KI. Likevel vil det vera naturleg å sjå på alternative vurderingsformer. Vurderinga skal vera heilskapleg og skje på variert grunnlag. Me må gjerne flytta fokus til at det er læringsprosessen og eleven sine refleksjonar som seier noko om kompetansen, ikkje det ferdige produktet eller teksten. Dei kommande åra må den vidaregåande skulen endra seg og tilpassa seg ei verd der KI både eksisterer og vert stadig betre. Endringane KI tvingar på oss gjer gjerne at me i større grad må driva vurderingsarbeid slik det er tenkt i LK20 og i ny opplæringslov og forskrift.  

Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune jobbar aktivt med KI i skulane våre gjennom KI-gruppa som vart oppretta januar 2024. Gruppa består av seks tilsette frå opplæringsavdelinga med ulike perspektiv og bakgrunnar, samt fire lærarar som er frikjøpt i 50% kvar, også desse med ulik fagleg inngang. Mandatet til gruppa er å støtta skulane i innføringa av kunstig intelligens som positiv ressurs for lærings- og vurderingsarbeidet. Gjennom å støtta leiargruppene, halde seminar og webinar, involvering i dekom-s-prosjekt, samarbeid med NDLA, deling av undervisingsopplegg, dialog med kompetansenettverka, fellessamlingar for fleirtalet av dei tilsette i skulane, osb. er gruppa godt i gang med arbeidet.  

Me veit at KI vert brukt av elevane i skulen på godt og vondt. Gjennom opplæring i god og etisk bruk i skulen vil elevane få ei forståing for kva som er gode bruksområde og strategiar. På den måten kan me gje elevane nyttige verktøy for livsmeistring på vegen vidare når dei går ut av vidaregåande skule.  

Rettleiing av nye lærarar.

Rettleiing for nyutdanna lærarar i Vestland fylkeskommune skal bidra til tryggleik, utvikling av kompetanse og meistring i lærarrolla. Det å få hjelp til å reflektere over eiga yrkesutøving og eigen yrkesidentitet kan bidra til at nyutdanna lærarar kjem raskt inn i det pedagogiske og praktiske arbeidet. Nyutdanna lærarar har nytt blikk og ny kunnskap i fag og pedagogikk, og dette er ein styrke overfor kollegaer og ein ressurs for skulen. Kollegaer har rutine, kunnskap og erfaring, men treng også nye tankar og vurderingar for å vidareutvikle og fornye praksis. Rettleiing skal bidra til at nye lærarar får bruke sitt potensial og sin kompetanse i lærarrolla og bidra til utvikling i profesjonsfellesskapet. Under finn ein tema som kan nyttast som utgangspunkt for utvikling av skulen sin plan for å ta imot dei nyutdanna lærarane:  

Å forstå eigen skule - Kulturforståing:  

  • Organisering, kultur, leiing, samarbeid, konkret yrkesetikk, personaltilhøve, skulereglar. 

Pedagogiske og faglege utfordringar:  

  • Elevvurdering og karaktersetting, klasseleiing, organisering av undervisninga, læreplanarbeid, veke-/arbeidsplanar. 

Kontaktlæraroppgåver:  

  • Dialog med heimen, foreldremøte, elev- og utviklingssamtalar, fråværsrutinar, konflikthandtering.

Skuleeigar - fylkeskommunen som system: 

  • Skuleeigar som folkevald organ og som tenesteprodusent, kunnskap om andre velferdstenester og om støtteapparatet som er relevant i høve til elevane. 

Leiinga på den enkelte skulen må legge til rette for at rettleiar kan følgje opp nyutdanna lærarar gjennom skoleåret. Rettleiar bør – om mogleg – vere ein erfaren lærar som har kompetanse i rettleiing. Fleire skular har rettleiarar med formell utdanning, og skular som ikkje har slik kompetanse vert oppmoda om å leggje til rette for at lærarar får ta del i vidareutdanning. 

Skulenivå:  

  • Leiinga på den enkelte skule har det overordna ansvaret og legg til rette praktiske og økonomiske rammer for rettleiing for nyutdanna lærarar. 
  • Leiinga legg til rette for at nye lærarar vert inkluderte i eit eller fleire faglege profesjonsfellesskap. 
  • Leiinga legg til rette for rettleiarar som er eigna og kvalifiserte for oppgåvene.  
  • Leiinga legg til rette for at ordninga kan tilpassast den enkelte nyutdanna sine behov gjennom ein plan for rettleiing og oppfølging. Ordninga kan omfatte individuell rettleiing og/eller grupperettleiing. 

Skuleeigar:  

  • Skuleeigar samarbeider med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen om årlege temasamlingar om rettleiing for nyutdanna lærarar. Målgrupper vil vere rettleiarar, nyutdanna lærarar og skuleleiinga.  

Universitet -og høgskulesektoren:  

  • Skuleeigar arrangerer saman med HVL/UiB områdevise årlege nettverkssamlingar der nyutdanna lærarar samen med sin rettleiar og skuleleiar får invitasjon til å delta.  

Fråvær

Både i Vestland fylkeskommune og nasjonalt fortset trenden frå i fjor med aukande fråvær. Høgt skulefråvær blir ofte sett i samanheng med lågare grad av gjennomføring, og større risiko for å falle ut av vidaregåande opplæring. Det førebyggande arbeidet knytt til fråvær må halde fram, noko som og blir konkretisert i §10-6 i opplæringslova; «Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp.» Ein auka rett til fullføring (Opplæringslova 2023 §5-1) gir og sterkare insentiv til å finne alternative vegar og løysingar for elevar som opplever at dei er på feil stad, og t.d. ser føre seg å gjere eit omval.

Aukande skulefråvær er ein del av dei komplekse samfunnsutfordringane som skulen står midt i kvar dag. Fråvær vert påverka av mange faktorar, noko som pålegg skulen eit stort ansvar i å følgje opp kva som er den enkelte sine utfordringar knytt til manglande oppmøte. Eit trygt og godt skulemiljø og god og variert undervisning- og vurderingspraksis kan vere faktorar som bidreg positivt i å halde elevane på skulen. Laget rundt eleven er sentralt for dei ungdommane som har utfordringar som gjer det krevjande å fungere i læringssituasjonar.

Avslutning:

Samfunnet endrar seg i rask takt, og endringane skjer ofte først i skulen. KI er og blir ein sentral del av arbeidet som skjer i vidaregåande opplæring, og kan bidra til å løyse nokre utfordringar. Andre utfordringar må løysast på andre måter, og relasjonane til medelevar, lærarar og andre tilsette er viktig for elevane våre. Ungdommane som tek læretid i bedrift har på same vis behov for gode relasjonar til dei rundt seg, for å kunne fullføre ei framtidsretta yrkesfagleg utdanning med å gå opp til fagprøve. Framtidas arbeidsliv set store krav til kompetanse, og vidaregåande opplæring i Vestland gjer ein stor jobb for å gje elevar og lærlingar brei, rett og god kompetanse. Fylkesdirektøren har stor tru på at ein ved å fortsetje med det gode arbeidet vil auke gjennomføringa vidare, samstundes som det er viktig å ta tak i utfordringane som blir peika på i årsresultat 23/24.