Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø 2024/25
Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø er viktig for fagleg og sosial utvikling. Sentrale og lokale styringssignal gjev føringar for dette arbeidet. Elevundersøkinga og lærlingundersøkinga er viktige kjelder for å få oversikt over korleis elevar og lærlingar har det i skule og læreplass. Resultata viser at mange elevar og læringar trivst. Samtidig er det elevar og lærlingar som opplever utfordringar som påverkar både livskvalitet og i kva grad det er mogleg å fullføre og bestå.
Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø
Læreplanverket (LK-20) beskriv at elevane si sosiale læring og utvikling skal skje gjennom arbeid med faga, og at eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulert til fagleg og sosial utvikling. Overordna del i LK20 oppfordrar dei profesjonsfaglege fellesskapa på skulane til å reflektera over felles verdiar og vurdera og vidareutvikla sin praksis.
Kunnskapsgrunnlaget frå kapittel 9a er i stor grad vidareført til kapittel 12 i ny opplæringslov. I dette ligg framleis å sikra eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø gjennom førebyggjande arbeid og å ha nulltoleranse mot krenkjande åtferd. God regelverkskompetanse er viktig for å følgja opp kapittel 12, som bl.a. delpliktene i aktivitetsplikta. Overordna prosedyre for oppfølging av opplæringslova kapittel 12 støttar skulane i dette arbeidet. Lærlingane er omfatta av Arbeidsmiljølova.
Mål 1 og 2 i temaplan «Fornye og forbetre - auka gjennomføring» følgjer dette opp slik:
- Mål 1: Elevar og læringar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø.
- Mål 2: Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen.
Tilhøyrande handlingsprogram har følgjande overordna tiltak:
«Alle i laget rundt elevane og lærlingane sikrar eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø som er helsefremjande og inkluderande. I dette ligg også eit medvite forhold til å redusere fråværet.»
Handlingsprogrammet beskriv elles prosessar og konkrete tiltak som skulane og læreplassane jobbar med kvar dag for å sikra elevane og lærlingane eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø.
Som ein del av kvalitetssystemet vert det gjennomført kvalitetsdialogar med skulane. I kvalitetsdialogane er bl.a. skulemiljø tema. I kvalitetsdialogane 2025 vil dette tema få endå større merksemd.
12-2 i opplæringslova peikar på at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Samtidig har skulane eit skjerpa ansvar for elevar med særskild sårbarheit. Forhold som kan gjere ein elev særskilt sårbar kan vere knytt til eleven sin religion, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, at eleven har åtferdsvanskar eller forhold ved eleven sin familie- og heimesituasjon. At ein elev tidlegare har vore utsett for krenkingar kan også gjere ein elev særskilt sårbar. Enkelte grupper er overrepresentert blant dei som vert krenka. Det er derfor viktig at skulane følgjer særskilt med på korleis desse elevane har på det skulen. VLFK sin overordna prosedyre for oppfølging av opplæringslova kapittel 12 beskriv korleis eit trygt og godt skulemiljø vil beskytte mot auka sårbarheit. Det er viktig at skulane har kunnskap og oversikt om forhold som kan gjere ein elev særskilt sårbar.
Elevundersøkinga
I haustsemesteret er det obligatorisk for alle skulane å gjennomføra elevundersøkinga for vg1. Skuleeigar ønskjer at skulane gjennomfører på alle trinn, og ser at det i stor grad blir gjort. Undersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Resultata frå elevundersøkinga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for skulen, fylkeskommunen og Utdanningsdirektoratet (Udir) i arbeidet med kvalitetsutvikling i skulen. Udir har ansvar for spørsmåla og den tekniske delen av undersøkinga.
Elevundersøkinga er ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, og er ein viktig del av skulane og skuleeigar sitt kunnskapsgrunnlag og analysearbeid. Høg verdi betyr positivt resultat og høgaste gjennomsnittsverdi er 5. Dette med unnatak for indikatoren «Mobba på skulen», der resultatet går frå 0–100 og viser prosentdel elevar som rapporterer at dei har opplevd å bli mobba. Svarprosenten på Elevundersøkinga er 81,9% (vg1), 81% (vg2) og 75,3% (vg3).
Samanlikna med nasjonalt snitt: I tema læringsmiljø er det elleve hovudkategoriar. I tabell under viser resultata for Vestland fylkeskommune (VLFK) opp mot nasjonalt snitt. Resultata vert vist pr trinn.

Resultat for hovudindikatorane innan læringsmiljø er så å seie identiske med nasjonalt snitt. Variasjonane på fylkesnivå er små. Tala kan likevel gje oss ein peikepinn kor me ligg samanlikna med nasjonalt snitt. Det er sju enkeltresultat som ligg under nasjonalt snitt, og eitt over. Alle variasjonar er på 0,1. Endringar frå i fjor og/eller opp mot nasjonalt snitt er minimale. Det er likevel viktig å sjå resultata pr skule og mellom skular.
For hovudkategorien motivasjon blir elevane spurt om dei er interesserte i å lære på skulen, kor godt dei likar skulearbeidet og om dei gleder seg til å gå på skulen. I hovudkategorien motivasjon ligg VLFK 0,1 under nasjonalt snitt på vg1 og vg3. Samtidig ser ein på dei nasjonale tala at motivasjonen er høgare i vidaregåande skule enn i grunnskulen. Resultata for motivasjon på 7. trinn og 10. trinn er 3,4 og 3,2. For mange ungdomar er overgangen til vidaregåande opplæring eit aktivt val i skulekvardagen, der dei kan velje i eit mangfald av utdanningsprogram, både innanfor praktiske og teoretiske retningar. På nasjonalt nivå rapporterer ein at elevane på yrkesfaglege utdanningsprogram svarar at dei er meir interesserte i å lære enn elevar som går på studieførebuande utdanningsprogram, og ein ser same tendens i Vestland.
I hovudindikatoren fagleg utfordring er det skilnadar på om elevane går på yrkesfagleg eller studieførebuande utdanningsprogram. Elevane på studieførebuande (4,4) svarar at dei i større grad får faglege utfordringar enn elevane på yrkesfagleg utdanningsprogram (4,1). Jentene rapporterer i større grad (4,4) enn gutane (4,2) at dei får nok faglege utfordringar på skulen.
I skuleårsresultat 2023/24 såg ein at gutane på yrkesfaglege utdanningsprogram har høgare fullført og bestått enn jentene på studieførebuande utdanningsprogram. Hovudindikatoren utdanning og yrkesrettleiing, der elevane får spørsmål om «Kor nøgd er du med rådgjevinga du fekk om val av utdanning og yrke på ungdomskulen» viser at gutane på yrkesfaglege utdanningsprogram i størst grad (3,8) er nøgd med rådgjevinga, medan jentene både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram er mindre nøgd (3,5). Ein finn skilnad både på utdanningsprogram og kjønn for hovudindikatoren «Støtte frå lærar», der gutane generelt (4,2) svarer at dei opplever meir støtte frå lærar enn jentene (4,0). Ser ein på både kjønn, trinn og type utdanningsprogram skårar gutane på yrkesfagleg utdanningsprogram jamt over høgast, medan jentene på studieførebuande utdanningsprogram skårar lågast. Skilnadene er relativt små, med variasjon frå 3,9 (jenter på SF vg1 og vg3) til 4,2 (gutar på YF vg1, vg2 og vg3).
Sjølv om ein heile vegen ser marginale skilnader, kan dette vere noko av forklaringsbiletet til kvifor fullført og bestått har størst nedgang for jentene.
Historikk: I tabellane under viser resultata for VLFK opp mot tidlegare år. Resultata vert vist pr trinn. Også her er variasjonane 0,1, men kan gje oss ein peikepinn om utviklinga.
Vg1:

Frå førre skuleår har vg1 tre enkeltresultat som går opp, og eitt som går ned. Me ser samtidig for første gang sidan 2021/22 at vg1 går opp på utdanning- og yrkesrettleiing. Tilsvarande er det første gang sidan 2021/22 at vg1 går ned på støtte heimanfrå.
Vg2:

Vg2 går opp 0,1 på to enkeltresultat samanlikna med førre skuleår, og for første gang på sidan 2021/22 går vg2 opp 0,1 på elevdemokrati og medverknad. Det er også det einaste enkeltresultatet VLFK ligg over nasjonalt snitt.
Vg3:

Vg3 går opp 0,1 opp på tre enkeltresultat samanlikna med i fjor, og for første gang sidan 2021/22 går vg3 opp 0,1 på trivsel.
Oppsummert:
Variasjonane i resultat på fylkesnivå er små, men kan likevel gje oss ein peikepinn på utviklingstrendar. Resultata samanlikna med tidlegare år viser ein positiv trend. Samanlikna med førre skuleår går VLFK opp på åtte enkeltresultat, og ned på eitt resultat. Resultat samanlikna med nasjonalt snitt viser at VLFK ligg 0,1 under på sju enkeltresultat, og over på eitt enkeltresultat.
Resultat pr utdanningsprogram pr trinn.
Fargekodane er berre for visualisering og markerer ikkje ulike grenseverdiar for dei ulike indikatorane. Fargekodane tydeleggjer skilnader både mellom utdanningsprogram og indikatorar. Særskilt kan ein sjå at dei fleste elevane er nøgd når det gjeld trivsel, støtte frå lærarane, felles reglar og faglege utfordringar. Samtidig ser me at vurdering for læring, motivasjon, elevdemokrati/medverknad og utdanning/yrkesrettleiing kjem dårlegare ut. Dette samsvarar for alle trinna.
Vg1

På hovudkategorien trivsel skårar idrettsfag, elektro og datateknologi og naturbruk høgast. På hovudkategorien læringskultur har studiespesialiserande og idrettsfag høgast skår, men her er skilnadane stort sett små. Ser på ein hovudkategorien elevdemokrati og medverknad, eit tema som kjem tydelegare fram i ny opplæringslov, skårar helse- og oppvekstfag og naturbruk høgast. Merk at det er ulikt tal elevar og svar på dei ulike utdanningsprogramma, frå 10 svar på det minste utdanningsprogrammet til om lag 2500 svar på det største utdanningsprogrammet.
Vg2

Tabellen over med resultat frå vg2 viser oss at elevane på idrettsfag og musikk, dans og drama svarar at dei har høgast trivsel. Her er det relativt små skilnadar mellom fleire utdanningsprogram. Ser ein på hovudindikatoren vurdering for læring skårar elevane på teknologi – og industrifag høgast, og saman med helse- og oppvekstfag og handverk, design og produktutvikling skårar dei og høgast på hovudindikatoren felles reglar. Som på vg1 er det stor skilnad mellom tal elevar og svar på dei ulike utdanningsprogramma, frå 6 til om lag 2000 svar.
Vg3

Elevane på vg3 er jamt over meir nøgde med og skårar samla høgare på hovudindikatoren fagleg utfordring enn elevane på vg1 og vg2 gjer. Medium og kommunikasjon skårar høgast.
Mobbeindikatoren
Prikkereglar: Udir innførte i 2023 strengare prikkereglar i visninga av resultata frå elevundersøkinga, og då særskilt for mobberesultata. Formålet er å unngå at ein kan identifisera kven som har svara kva. I praksis betyr dette at i eit spørsmål med fem svaralternativ, vil det svaralternativet som har fem, eller færre, respondentar bli prikka/skjult. I tillegg vil det svaralternativet med nest flest svaralternativ også bli prikka, slik at ein ikkje kan rekne ut talet på respondentar på det som vart prikka først. I praksis betydde dette at svært mange resultat om mobbing vart prikka på skulenivå. Udir har gjort to hovudgrep slik at ein kan få fram resultat. For det første kan skulen berre sjå resultat på trinn, ikkje klasse, utdanningsprogram eller kjønn. For det andre opnar Udir for ein innlogga portal der den einskilde skule/kommune/fylkeskommune kan sjå fleire resultat for den eininga dei har ansvar for.
Det er stilt strenge krav til dei som har tilgang til innlogga del: Tal som er offentleg skjerma skal ikkje delast med andre utan tenestlege behov, som til dømes foreldre, FAU, andre skular, presse eller andre utanfor skulen. Dette gjeld også i samband med innsynskrav. Det er tillat å beskriva resultata som til dømes om det beveger seg i positiv eller negativ retning, eller om det ligg over eller under fylkeskommunalt/nasjonalt snitt.
Figuren under viser at dei nasjonale mobbetala flatar ut, men ligg fortsatt på eit høgt nivå. Me kan også sjå at mobbing avtek med alder. Figuren viser resultat for trinna der Elevundersøkinga er obligatorisk.

I tabell under finn ein VLFK sine tal samanlikna med nasjonalt nivå, og samanlikna med tidlegare år. Totalt meldte 756 elevar ved offentlege skular i Vestland at dei vart mobba i 2024/25. Året før var talet 815. I tabellen finn ein også resultat for dei tre ulike spørsmåla som ligg til grunn for hovudtala.

I tabellen ser me at vg1 ligg på nasjonalt snitt, og har gått ned sidan i fjor. Vg2 ligg så vidt over nasjonalt snitt, og har auka sidan i fjor. Den største endringa finn me på vg3. Vg3 ligg 1,1% under nasjonalt snitt, og har gått ned 1,1% sidan i fjor. Oppsummert ser me nedgang i mobbing på vg1 og vg3 samanlikna med i fjor, medan det er auke på vg2. Vg1 ligg likt med nasjonalt snitt, vg2 ligg marginalt over medan vg3 ligg markant under nasjonalt snitt.
Resultata viser at elevar vert mobba av medelevar, av vaksne på skulen og digitalt. Omfanget av mobbing har den same rekkjefølgja. Av dei åtte kategoriane elevane kan kryssa av i kor dei blir mobba, er det framleis i klasserommet flest kryssar av på. Skulen si plikt til å sikre eit trygt og godt skulemiljø er derfor sentralt for å ta tak i krenkande utsegn og hendingar.
Dersom ein ser mobbetala for vg1 fordelt på utdanningsretning og kjønn for offentlege skular i Vestland vert alle tala prikka/skjerma. Om ein ser på alle eigeformer, altså inkluderer dei private skulane i Vestland, får ein fram mange fleire resultat som ikkje er prikka. Skilnaden mellom offentlege og alle eigeformer er ikkje stor, og tabellane under vil difor ta utgangspunkt i alle eigeformer.

Resultata i tabell over viser at det er meir mobbing på yrkesfag samanlikna med studieførebuande, og at det er fleire gutar enn jenter som svarar at dei blir mobba.
Det er ikkje mogleg å sjå resultat for dei einskilde mobbespørsmåla fordelt på studieførebuande og yrkesfag, men samla sett er resultatet slik:

I tabell under er også alle eigarformer i Vestland vg1 teke med for å få mest data.

Det er stor variasjon i elevtal mellom dei ulike utdanningsprogramma. Det betyr at utslaga vert prosentvis større i utdanningsprogram med færre elevar. Samanliknar me resultata med hovudindikator trivsel, ser me at resultata i stor grad samsvarar.
Som nemnt innleiingsvis er det viktig å følgja opp resultata på ulike nivå. Overordna prosedyre for oppfølging av kapittel 12 skal hjelpa skulane i følgja opp resultata lokalt. I førebuing og gjennomføring av kvalitetsdialogane med skulane, vil analysar og vurdering av tiltak vera ein sentral del i møte mellom skuleeigar og skulane.
Skulevise resultat ligg offentleg ute på Udir sine sider.
Lærlingundersøkinga
Lærlingundersøkinga er ei årleg undersøking der lærlingar og lærekandidatar får seie si meining om lærings- og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Det er obligatorisk for fylkeskommunen å gjennomføre lærlingundersøkinga kvart år. Undersøkinga sendast ut til lærlingar og lærekandidatar som har vore i lære meir enn 11 månadar per 1. oktober. Lærlingane og lærekandidatane vel alltid sjølv om dei vil svara. Dei kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svara på.
Lærlingundersøkinga er den beste kjelda til informasjon om lærlingane sitt lærings- og arbeidsmiljø. 3542 vart inviterte til å svare på lærlingundersøkinga 2024. Det er lærlingar som har vore i lære i meir enn 11 månader som har svara på undersøkinga.
Svarprosenten for lærlingundersøkinga 2024 var på 32,5 %, nasjonalt var svarprosenten på 41,1 %. Ei av forklaringane på den låge svarprosenten kan være at Utdanningsdirektoratet (Udir) innførte eit nytt system for utsending og purring av undersøkinga. Både fylkesadministrasjonen og opplæringskontora har ansvar for å sende ut og purre lærlingane. Udir har invitert fylkeskommunar for å diskutere forbetringar av systemet for utsending og purring av undersøkinga. Vestland har meldt seg på denne diskusjonen og er i dialog med Utdanningsdirektoratet for å forbetre dette.
Det er låg svarprosent i Vestland, noko som vil få betydning for tolking av resultata. Høg svarprosent er avgjerande for å sikra riktig bilete av korleis lærlingane har det, og Vestland fylkeskommune jobbar aktivt for å få opp svarprosenten.
På same måte som i elevundersøkinga betyr høg verdi positivt resultat og beste gjennomsnittsverdi er 5. Dette med unntak for indikatoren «Mobba på arbeidsplassen», og «Uønska seksuell merksemd» der resultata går frå 0-100 og viser prosentdel elevar som rapporterer at dei har opplevd å bli mobba eller utsett for uønska seksuell merksemd.
Resultata frå lærlingundersøkinga vert presentert på Udir sine sider. Her det både ei offentleg side, der alle kan gå inn og sjå resultata, samt ei side med innlogging der fylkeskommune og opplæringskontor/samarbeidsorgana kan sjå sine resultat. Dei offentlege resultata har større grad av skjerming/prikking enn om ein kan logge inn. Dette er gjort av omsyn til personvern.
Under kan ein sjå hovudresultat frå lærlingundersøkinga 2024/25, samanlikna med tidlegare år, samt opp mot nasjonalt snitt 2024/25
Markeringane i blått syner endringar frå i fjor og/eller opp mot nasjonalt snitt. Som ein kan sjå er det minimale endringar ut frå resultat i 2023/24. Opp mot fjorårets resultat er det endringar på nokre av svara, men berre med 0,1 i differanse. Opp mot nasjonalt snitt er det nokre spørsmål der VLFK har anna resultat. Også her er det berre snakk om 0,1 i differanse.

Tabellen over syner at det er minimale forskjellar frå år til år. Tendensen er den same som i Elevundersøkinga. Samanlikna med resultata i fjor er det ein positiv tendens, medan me ligg marginalt under nasjonalt nivå. Alle variasjonar er på 0,1.
Spørsmål angåande motivasjon (Er du motivert til å læra i bedrifta?) og trivsel (Trivest du på arbeidsplassen?) er generelt høge og ligg på 4,4 og 4,3 – same som nasjonalt snitt.
Trivsel
I tidlegare analysar av lærlingundersøkinga, har ein sett på skilnader mellom ulike utdanningsprogram på ulike spørsmål. På same måte som i elevundersøkinga, har Udir innført strengare reglar for publisering av resultat av personvernomsyn, «prikkereglar». Dette betyr at det avgrensa moglegheiter til å sjå resultata pr. utdanningsprogram. Ein kan lese meir om dette på Udir sine sider her.
I dømet under er spørsmålet «Trivs du på arbeidsplassen» fordelt på utdanningsprogram. Ein kan sjå at totalt er det 85,1 % som svarar I nokså stor grad eller I svært stor grad, men når ein skal sjå på tal per utdanningsprogram så er dei fleste resultata prikka/skjult. Av dei tala som er tilgjengeleg, kan ein sjå at elektro og datateknologi skil seg positivt ut med 89,4 % som svarar I nokså stor grad eller I svært stor grad

Motivasjon
Motivasjon
Over 92,1 prosent svarar at dei i nokså stor grad eller i svært stor grad er motiverte for å lære i bedrifta. Også her er ein god del av resultata prikka, og også her ser ein at – av dei tala som er tilgjengeleg – er det elektro og datateknologi som skil seg ut på en positiv måte, med heile 93,3 %.

Mobbing
Eit av spørsmåla i undersøkinga er: Er du blitt mobbet på arbeidsplassen de siste månedene? I samanheng med spørsmålet kjem det ein definisjon av mobbing: Med mobbing mener vi gjentatte negative handlinger fra en eller flere sammen, mot en som kan ha vanskelig for å forsvare seg. Mobbing kan være å kalle en annen stygge ting og erte, holde en annen utenfor, baksnakke eller slå, dytte eller holde fast. Her kan lærlingen krysse av for alternativa Ikkje i det heile tatt – ein sjeldan gang – 2-3 gongar i månaden – omtrent ein gang i veka – fleire gonger i veka. For å finne ut kor mange som opplever at dei veret mobba, legg ein saman dei tre siste svaralternativa. Under kan ein sjå samleresultat for lærlingundersøkinga for VLFK og nasjonalt. Tala har gått ned både for Vestland og nasjonalt og ligg på høvesvis 3,0 % og 3,1 %. Om ein bryt ned resultata på kjønn, melder 3,6 % av jentene at dei vert mobba, medan 2,9 % av gutane melder det same. Nasjonalt er tala 3,7 % for jenter og 2,7 % for gutar.

Resultat på mobbespørsmåla er underlagt enda større personvernomsyn enn dei andre spørsmåla. Dette betyr at ein ikkje får særleg mye informasjon ved å sjå på fordelinga per utdanningsprogram.

Uønska seksuell merksemd
Lærlingundersøkinga inneheld også spørsmål om uønskt seksuell merksemd, som vert skildra slik: Uønskt seksuell merksemd er merksemd som er av seksuell karakter og vert opplevd som krenkande og plagsam for den som vert ramma.
Spørsmålet er: Er du blitt utsett for uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen dei siste månadane? Svarkategoriane er Ikkje i det heile tatt – ein sjeldan gang – 2–3 gongar i månaden – omtrent ein gang i veka – fleire gonger i veka.
For å finne ut kor mange som opplever at dei vert utsett for uønska seksuell merksemd, legg ein saman dei tre siste svaralternativa. VLFK har same resultat som førre år, på 1,9 %, medan det nasjonale snittet har gått frå 1,5 til 1,9 %. Deler ein opp i kjønn er resultat for Vestland 1,0 % for gutar og 3,8 % for jenter. Nasjonalt er tala 0.8 % for gutar og 3,6 % for jenter.

Merk her at Udir ikkje har konkrete beskrivingar av kva svarkategoriar ein skal ha med i dette spørsmålet. Av og til inkluderer dei svarkategorien – ein sjeldan gang – og i så tilfelle ligg VLFK på 8,7 % og nasjonalt snitt på 7,2 %
Også her er dei fleste resultata prikka når ein ser på utdanningsprogram, og det er difor ikkje mogleg å seie noko konkret om på kva utdanningsprogram dette skjer.

Avdelingsdirektøren har gjennomgått resultata frå undersøkinga og nytta desse i sitt kvalitetsarbeid.