Søketips til deg som vil finne tilskot
Jobbar du i ein kommune eller organisasjon og er på jakt etter kva for tilskot, stipend eller midlar du kan søke på? Eller lurer du på korleis du kan filtrere på tilskota?
Oversikten over alle tilskota i Vestland fylkeskommune er presentert tematisk, og alfabetisk. Unntaket er næring og samfunnsutvikling, som er presentert først, da dei er størst og har flest søkarare på sine tilskot. Resten er alfabetisk.
Så viss du veit kva tenesteområdet tilskotet du vil lese om eller søke på tilhøyrer, så skroller du ned til det.
Er du derimot på jakt etter tilskot uavhening av tema, men kva som kan passe deg som mottakar kan du bruke søkefeltet. Dett kan passe dersom du til dømes representerer ein kommune eller ein organisasjon på jakt etter tilskot å søke på.
Slik gjer du det
For å enklest mogleg finne frem til kva for tilskot som kan vere aktuelt for ein kommune eller organisasjon å søke på kan du bruke søkefunksjonen (lupa) øvst til høgre på sida.
Skriv kommunar (eller organisasjon) i søkefeltet og hak av på "Tilskot" i filtreringslista til venstre. Då vil kun dei sidene som allereie er kategorisert som tilskotsider, og som har ordet "kommunar" i seg dukke opp. Her finn du tilskot som i stor grad er retta mot kommunar.
NB! Dette er ikkje ein heilt vanntett metode, men kan vere til noko hjelp. Skal du vere heilt sikker må du sjekke igjennom dei ulike tilskota for å sjå kven dei rettar seg mot.