Vi er Miljøfyrtårn
Tannhelsetenesta i Vestland er sertifisert som Miljøfyrtårn.
Miljøfyrtårn-sertifisering handlar om at tannhelse-verksemda har oppfylt krav innan miljøleiing og berekraft. Miljøfyrtårn er ein nasjonal miljøsertifiseringsordning og anerkjent av EU.
Målområde og tiltak
Vestland tannhelseteneste har utarbeidd ein strategisk plan for korleis den offentlege tannhelsetenesta i Vestland fylke skal sørge for nødvendig førebygging og behandling for alle som bur eller midlertidig oppheld seg i fylket vårt. Temaplan for Vestland tannhelse gir retning for den offentlege tannhelsetenesta i Vestland og er delt inn i fire ulike satsingsområde:
- Førebygging og helsefremming
- Kompetanse og forsking
- Kvalitet og pasienttryggleik
- Berekraftig organisering
Som Miljøfyrtårn har tannhelsetenesta forplikta seg til å jobbe kontinuerleg med miljøforbetring innan fleire områder. Det er utarbeida felles målområde for tannhelse innan klima, miljø og arbeidsmiljø. Dette er ei oppfølging av alle dei fire innsatsområda i temaplanen, og spesielt ei oppfølging av mål for innsatsområde 3: Pasientane i Vestland tannhelseteneste skal få nødvendige og trygge tenester av god kvalitet.
Miljøfyrtårn-sertifiseringa er eit bevis på at tannklinikkane jobbar med å redusere vår miljøpåverking og tar samfunnsansvar med ei berekraftig og etisk drift. Dette er del av Vestland fylkeskommune sitt systematiske miljøarbeid.
Tannhelseområda jobbar mellom anna med tiltaksområder innan:
Tema |
Mål |
Effektiv ressursbruk |
- Unngå unødvendig bruk av plast og ha rutinar for å unngå unødvendig avfall |
Innkjøp |
- Redusere transportutslepp ved leveransar - Velje miljømerka produkt |
Energi |
- Effektiv energibruk |
Avfall |
- Korrekt og forsvarleg handtering av avfall/farleg avfall |
Årlege klima- og miljørapportar
Klinikkområda leverer årleg klima- og miljørapport. Rapportane inneheld mellom anna status for miljøarbeidet og målt effekt av iverksette miljøtiltak.
Kjelde: www.miljofyrtarn.no