Tannhelsetilbod til unge vaksne

Frå det året du fyller 19 år, og ut det året du fyller 28 år, kan du ha rett på nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta.

Tannhelsetilbod til 19-28-åringar

Alle som er 19 - 28 år, og som har budd meir enn fem år i Noreg, kan ha krav på 75 prosent rabatt på nødvendig behandling ved offentleg tannklinikk. Dersom du ikkje allereie har avtale om oppfølging på offentleg tannklinikk, men ønsker det, så kan du ta kontakt med din offentlege tannklinikk.

Finn din tannklinikk. 

Tannregulering, som brukast for å behandle bittavvik og tannstillingsfeil.  og Endring av utseende på tennene, som tannbleiking o.l.tannbehandling gir ikkje rabatt.

Les meir om dine rettar på Helse Noreg: Tannbehandling for unge vaksne.

Kva gjer du som er 19-28 år for å få tannhelsetilbod med rabatt?

  1. Ta kontakt med din offentlege tannklinikk, dersom du ikkje allereie har time eller avtale om oppfølging hos offentleg tannklinikk. Finn din tannklinikk. 
  2. Dersom din tannklinikk ikkje har kapasitet til å ta deg inn på noverande tidspunkt, kan du bli vist vidare til ein anna offentleg tannklinikk eller bli sett på venteliste. Om du får akutte problem i ventetida, så ta kontakt på ny med din tannklinikk.  

Det er di folkeregistrerte adresse som avgjer kva tannklinikk du høyrer til. Dersom du har midlertidig adresse i andre delar av fylket eller landet, så ta kontakt med den offentlege tannklinikk som er nærast di midlertidige adresse. Studentar eller andre med midlertidig adresse i Bergensområdet kan ta kontakt med Viken tannklinikk

Kva tilbod kan du forvente å få? 

Dersom du har akutte problem vil det bli prioritert. Dersom du har anna nødvendig tannbehandling som ikkje bør utsettast, set tannklinikken opp avtale ut i frå kapasiteten til klinikken og når det er ledige timar. Ved ønske om ordinære statusundersøkingar og anna behandling med låg hastegrad blir du sett inn i innkallingsystemet og kalla inn når tannklinikken har ledig kapasitet. Du må rekne med at det kan vere ventetid, særleg ved ordinære rutineundersøkingar. 

Tannbehandlinga som blir tilbydd følger same retningslinjer som andre grupper som har rettar i den offentlige tannhelsetenesta. Dersom du ønsker meir behandling eller hyppigare undersøkingar enn det den offentlege tannklinikken din tilrår og tilbyr deg, må du ta kontakt med privat tannhelseteneste for dette og dekke utgiftene fullt ut sjølv. 

Dersom du blir tilvist til privat spesialist 

I nokre tilfelle vil det vere aktuelt for den offentlege tannklinikken å tilvise deg til privat spesialist for å få utført delar av planlagt tannbehandling, som for eksempel fjerning av visdomstenner. Du skal ikkje måtte legge ut for meir enn eigenandelen din hos privat spesialist når det er den offentlege tannklinikken som har tilvist deg for ei spesifikk behandling. Dersom du likevel har opplevd at privat behandlar som den offentlege tannklinikken har tilvist deg til tar full betaling, så ta kontakt via eDialog og legg ved kvittering på utlegga dine så vil vi undersøke saka nærmare. 

For privat tannhelsepersonell

Du som er privat behandlar finn meir informasjon under 19-28 åringar på sida "For samarbeidspartane til tannhelsetenesta"