Redusert kapasitet ved spesialistklinikken ved TkVestland
Bergen kommune har stengt drifta i bygget med umiddelbar verknad etter funn av legionella.
TkVestland har difor redusert kapasitet. Klinikken vil prioritere pasientar som kan få behandling utan bruk av vatn. Andre pasientar får ny time eller tilbod om behandling ved andre klinikkar.
Nokre spesialistar flyttar pasientbehandling til nærliggande klinikkar for å sikre eit best mogleg tilbod. Klinikken vurderer også alternative løysingar for kirurgi og narkosebehandling som kan gjennomførast utan vatn.
Venter på nye prøvesvar i veke 13
Det er ikkje Vestland fylkeskommune som eig bygget, men leiger den delen av bygget der TkVestland held til. Klinikken held seg til beskjed frå huseigar om når dei kan ha normal drift att.
Status veke 13: Klinikken kan først ta opp att drifta for fullt når nye vassprøver er analyserte. Ventar på nye prøvesvar i løpet av veke 13.
Publisert 23. februar 2026.
Oppdatert status 23. mars 2026.