Periodonti
Periodonti er læra om tannkjøttsjukdomar.
Kva er periodonti?
Dei vanlegaste sjukdommane er gingivitt (tannkjøttsbetennelse) og marginal periodontitt (tannfestesjukdom). Utbreiinga av desse sjukdommane i den vaksne befolkninga er betydeleg.
Hos størstedelen av befolkninga kan sjukdommen behandlast, men omkring 10 prosent utviklar ei meir alvorleg form som ofte fører til tanntap. Årsaka til marginal periodontitt er opphoping av bakteriar (biofilm) på tannoverflata som i samspel med immunologiske faktorar, arv og miljø startar ein nedbrytingsprosess.
Behandling
Ventetid før du kan få behandling: 2-3 månadar for barn/unge. Inntaksstopp for vaksne (gr.F).
Gingivitt
Gingivitt er den mildaste forma for periodontal sjukdom. Den fører til at tannkjøttet blir raudt, hovent og blør lett. Studiar har vist at mikroorganismar i plakk fører til gingivitt og at det ofte er forårsaka av utilstrekkeleg munnhygiene. Desse studiane har også vist at gingivitt er reversibel med profesjonell behandling og god munnhygiene. Tannreingjering er ein viktig del av det førebyggande arbeidet. Betennelsen held seg i overflata, og tennene sitt festeapparat vert ikkje øydelagt.
Periodontitt
Periodontitt kan opptre i alle aldrar, men førekjem hyppigast hos eldre vaksne. Det er påvist at det er dentalt plakk som initierer gingivitt, medan det er arvelege forhold og pasienten sitt immunforsvar, som bidreg til og definerer, om det skjer ei utvikling mot periodontitt, med tap av tannfeste og beinvev. Periodontitt er ein langsamt progredierande sjukdom, der ein ofte ser ein korrelasjon mellom plakk/bakteriar og kliniske funn.
Dei fleste tilfelle av periodontalsjukdomar skuldast at pasienten ikkje held tennene sine ordentleg reine. Dermed er det første behandlingsvalet profylakse.
Studiar viser at for dei fleste formar for periodontitt er det primære behandlingsalternativet mekanisk reingjering av rotoverflatene (tannlege/tannpleier), kombinert med grundig dagleg munnhygiene og regelmessige kontrollar. Behandlinga er teknisk og motivasjonskrevande, men gir vellukka resultat hos 90–95 prosent av pasientane.
Det er fleire faktorar som kan bidra til tannkjøttbetennelse, inkludere røyking, genetisk disposisjon, systemiske sjukdomar (diabetes), stress, utilstrekkeleg ernæring, pubertet, hormonelle svingingar, graviditet, rusmisbruk, HIV-infeksjon og bruk av medisinar.
Talet på pasientar med implantat til erstatning for tapte tenner er aukande. Infeksjonar kan også oppstå i støttevevet rundt implantata. Årsakane reknast å vere dei samme som for gingivitt og periodontitt og krev omfattande behandling.
Tilvising til periodonti
Pasientar som har behov for spesialistbehandling i periodonti, skal tilvisast til Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vestland.
For private tannlegar
Fullstendig tilvising skal sendast til:
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen
Tilvisinga må innehalde
- pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
- relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
- klinisk diagnostisk problemstilling
- opplysningar om ev. trygderefusjon
For tilsette i tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune
Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til tkvestland@vlfk.no
I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvisning.