Kjeve- og ansiktsradiologi
Spesialistkompetanse innan røntgenundersøkingar.
Kva er kjeve- og ansiktsradiologi?
Kjeve- og ansiktsradiologi er røntgenundersøkelse av tenner, kjever og mellomansikt, og omkringliggande vev.
Behandling
Spesialist i kjeve- og ansiktsradiologi (radiolog) utgreier ein mistenkt diagnose og kan unngå inngrep der det ikkje er nødvendig. Bilda blir granska av radiolog.
TkVestland har tilgang på dentalapparat, panoramarøntgen, 3D røntgen, cephalostat og CBCT. Radiologiske undersøkingar med CBCT er ofte nyttig når konvensjonelle radiologiske undersøkingar ikkje gir tilstrekkeleg informasjon. Eksempel kan vere visdomstenner, ved mistanke om cyster, tumor, infeksjonstilstandar og ved kjeve- og ansiktsskadar. Stråledosane er tilpassa kjeve- og ansiktsområdet og er lågare enn ved vanleg medisinsk CT. Bildeskildring blir sendt til tilvisande tannlege.
Ein kjeve- og ansiktsradiolog tilfører høg diagnostisk kompetanse både til allmenntannlegar og ulike spesialistar i helseregionen. Det kan vere pasientar med tann- og kjeveskadar, aggressive kjeveinfeksjonar, ekspansive kjeveprosessar, oral implantatvurdering, spyttkjertel-obstruksjonsproblem, kjeve- og ansiktssmerter knytt til kjevefunksjonsproblem, kjeveutviklingsforstyrringar og ei rekke andre problemstillingar.
Tilvising til kjeve-og ansiktsradiologi
Pasientar som har behov for kjeve-og ansiktsradiologi, kan tilvisast til Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland. Vi har inga ventetid.
Tilvisinga må innehalde
- pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
- relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
- klinisk diagnostisk problemstilling
- opplysningar om ev. trygderefusjon
For private tannlegar
Fullstendig tilvising kan sendast til:
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen
For tilsette i tannhelsetenesta
Tilvisning kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til: tkvestland@vlfk.no.
I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.