Orale bakteriar og lungehelse
Bakteriane i munnhola kan påverke sjukdomstilstand og inflammasjon andre stader i kroppen. I dette prosjektet undersøker vi om bakteriar frå munnhole påverkar lungehelse.
Vi beskriv bakterieflora i munnhole frå deltakarar i to populasjonsbaserte europeiske lungehelsestudiar (RHINESSA og ECRHS). Studiedeltakarane vert følgt opp med lungefunksjonsmålingar og endring i sjukdomsstatus over tid. Vi har og ein studie kor vi beskriv antibiotika resistente genar som finnes i munnhole til studiedeltakarar frå studiesenter i Bergen, Tartu og Melbourne. Du kan lese meir om dette på nettsida til CAMRIA.
Vi undersøkjer også om periodontitt status og betennelse i tannkjøtt kan påverke lunge og kardiovaskulær sjukdom. Studien gjennomførast med data frå RHINE-studien som inkluderer 7 studiesentre i 5 nordisk land (Norge, Sverige, Danmark, Island og Estland). Vi har spurt meir enn 10,000 deltakarar om dei blør frå tannkjøttet ved tannpuss og om dei har blitt fortalt av en tannlege at dei har periodontitt. Disse sjølvrapporterte tilstandane er så undersøkt i forhold til kardiovaskulære sjukdommar og risikofaktorar, samt respiratoriske symptoma og sjukdommar som astma, kols og kronisk bronkitt.
Vi har gjennomført ein oral intervensjonsstudie kor vi undersøkte om tannkjøttbehandling av pasientar med mild til moderat form for periodontitt ville kunne gi ein betre lungefunksjon etter behandling. Total har 62 pasientar blitt inkludert. Pasientane blei følgt opp i 12 månader. Vi har målt lungefunksjon, analysert bakteriar i plakk og inflammasjonsmarkørar i blod før intervensjon, og etter 6 ukar, 3, 6 og 12 månader etter intervensjonen. Intervensjonen inneberer at deltakarane læres opp i egen oral hygiene og går deretter gjennom behandling med fjerning av bakteriar i munnhole og tannkjøttlommer. Denne studien er del av et doktorgradsprosjekt med Anders Røsland som PhD-student. Du kan lese meir om prosjektet her: Periodontitt og lungefunksjon | BRuSH | UiB
Resultat frå prosjektet blei presentert på European Respiratory Society (ERS) International Congress i september 2024. Les medie-omtale på healio.com (online tidsskrift for medisinsk personell):
Gum bleeding raises odds for asthma symptoms, COPD 10 years later (healio.com)
Airway resistance improves after periodontal treatment (healio.com)
Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
- Prosjektleiar: Forskar Randi J Bertelsen, Tk Vestland og UiB
- Prosjektmedarbeidarar: Dagmar F. Bunæs, Stein Atle Lie, Ellen Berggreen, Anne Nordrehaug Åstrøm, Cecilie Svanes, Francisco Gomez Real, Hilde K Vindenes, Ane Johannessen, Hesham Amin, Anders Røsland, Tuva Norderud Jensen.
Eksterne organisasjonar
- UiB, klinisk institutt 2
- BRuSH forskningsgruppe: https://www.uib.no/brush
Prosjektet har samarbeidspartnarar frå fleire land i Europa, sjå nettsida www.rhinessa.net