Karies-fedmeførebygging hos barn ved å modifisere risiko åtferd blant foreldre med innvandrarbakgrunn-COP-studie.
Innvandrarbefolkninga utgjer 18,2 prosent av heile befolkinga i Noreg. Eksisterande ulikskap i helse blei rapportert tidlegare, og innvandrarbakgrunn har vore assosiert med høg risiko for karies og overvekt hos barn.
Kommunikasjonssvikt grunna etniske og kulturelle faktorar er moglege årsaker til at førebyggande tiltak ikkje har same effekt hos innvandrarbarn som hos etnisk norske barn. Det synest å vere behov for forskingsbasert kunnskap om dei faktorar, sosiale, psykososiale og kognitive, som styrer helse/tannhelserelatert åtferd i familiar med innvandrarbakgrunn.
Posjekt
Forskingsprosjektet "Karies-fedmeførebygging hos barn ved å modifisere risikoåtferd hos foreldre med innvandrarbakgrunn-COP-studie", har mottatt forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd 6 549 000 kr.
Hovudmålet med dette prosjektet er å vurdere kunnskap, haldningar og åtferd relatert til helse/tannhelse hos innvandrarforeldre med nyfødde barn (0–6 månader). Ein vil utvikle og gjennomføre intervensjon (opplæring) for å endre helseåtferd, med den hensikt å auke foreldra sin kunnskapar om barna si helse/tannhelse og evaluere effekten av intervensjon på foreldrene sin kunnskap og haldningar med omsyn til tannkaries og overvekt i ei oppfølgingsundersøking.
Foreldre med innvandrarbakgrunn vil bli rekruttert frå primærhelsestasjonane i Vestland fylke ved møte for barnevaksinasjon. Primærhelsestasjonane vil vere delt inn i ei intervensjonsgruppe og kontrollgruppe. Intervensjon i form av helse-tannhelseinformasjon oversett til ulike språk vil bli gitt til gruppa som går gjennom intervensjon. Kontrollgruppa vil motta regelmessig helseinformasjon i primærhelsetenesta. Effekten av intervensjon vil bli vurdert som endring i intervensjons- og kontrollgruppa sine haldningar, kunnskap og åtferd relatert til helse og oral helse, barna og foreldre sin livskvalitet samt kroppsmasseindeksen og kariesstatusen til barna.
Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
- Manal Mustafa, Tannhelsetenestena kompetansesenter Vestland, prosjektleiar og hovudrettleiar
- PhD kandidat Mariam Abdallah
- Forskar Anne Nordrehaug Åstrøm (rettleiar)
- Forskar Abhijit Sen (rettleiar)
- Esperanza Diaz
- Forskar Elwalid Nasir
- Wondimu Biniyam
Eksterne organisasjonar
- Etat for barn og familie/Bergen kommune, Leder Britt Darlington
- Universitetet i Bergen, Prof. Lars Thore Fadnes, http://www.uib.no/odontologi
- Tannhelsetenesta kompetansesenter Midt Norge, PhD Abhijit Sen
- Alrek helseklynge, Prof. Esperanza Diaz
- Karolinska Instituttet, Stockholm, Sverige, førsteamanuensis Biniyam Wondimu. http://ki.se/start
- Universität Greifswald, PhD Julian Schmoeckel
Publikasjonar
Attitudes toward brushing children's teeth-A study among parents with immigrant status in Norway
Artikkelforfattarar er Manal Mustafa, Elwalid F Nasir, Anne Nordrehaug Åstrøm.
Immigrant Parents’ Knowledge and Attitudes: Socio-Demographic Variation Related to Restriction of Children’s Sugar Intake. Artikkel er akseptert for publisering i tidsskriftet Oral Health and Preventive Dentistry (2024).
Artikkelforfattarar er Manal Mustafa, Elwalid F.Nasir, Abhijit Sen, Anne Nordrehaug Åstrøm.