Kunnskap om og perspektiva i behandling av tannskadar i Den offentlege tannhelsetenesta: ei intervensjonsstudie
Tannskadar (dental traume) representerer ei utfordring for tannhelsepersonell i Den offentlege tannhelsetenesta.
Formål med prosjektet er å auke kompetansen til tannhelsepersonell, heve kvaliteten på pasientbehandling samt få kunnskap om kva form for etterutdanningskurs som eigner seg best for den offentlege tannhelsetenesta.
Forskingsprosjektet skal først kartlegge kompetansen på tannskadar hos tannlegar og tannpleiarar i den offentlege tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune. Deretter vil prosjektet undersøke om intervensjon i form av teoretisk og praktisk kurs i tannskadar gitt på arbeidsplassen til helsepersonellet, endrar kompetansenivået hos allmenntannlegar og tannpleiarar.
Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Prosjektleiar og hovedrettleiar: Athanasia Bletsa, forskar og tannlegespesialist ved TkVestland.
Andjelka Cvijic, stipendiat ved TkVestland
Eksterne organisasjonar
- Universitetet i Bergen
- Karolinska Institutt