Inflammasjonsmarkørar i saliva og periodontitt
I dette prosjektet skal vi bruke data frå HUSK-tannhelse til å undersøkje samanhengen mellom inflammasjonsmarkørar i saliva og periodontal helse. Vi skal også undersøkje korleis risikofaktorar for periodontal og kardiovaskulær sjukdom er assosiert med desse markørane, og korleis orale bakteriar og bakterielle faktorar påverkar inflammasjonsmarkørar i saliva.
Periodontitt er ein kronisk inflammasjonssjukdom som forårsakar irreversibel nedbryting av vevet omkring tennene. Sjukdomen skuldast vedvarande inflammasjon av tannkjøtet, utløyst av immunforsvaret sitt angrep på lokale bakteriar.
Ein høg del av befolkninga i Noreg har periodontitt, og førekomsten og alvorsgraden aukar med alderen. Personar med periodontitt har også auka risiko for kardiovaskulære sjukdomar.
Vårt mål er å identifisere potensielle biomarkørar i saliva som kan ha diagnostisk og prognostisk potensial hos periodontitt pasientar. Vidare håpar vi å finne samband mellom inflammasjonsmarkørar i saliva og risikofaktorar, som kan gi innsikt i korleis periodontal helse påverkar, og blir påverka av, kardiovaskulær helse.
Vi håpar også å finne samanhengar mellom inflammasjonsmarkørar og bakterielle faktorar, som kan belyse samspelet mellom orale bakteriar og immunresponsar på forskjellige stadium av periodontal sjukdom.
Prosjektmedarbeidarar:
- Stipendiat Tuva Norderud Jensen
- Professor Randi J Bertelsen
- Forskingsleiar Ellen Berggreen
- Postdoktor Jale Moradi