Studiar med HUSK-tannhelse data
Forskningsprosjektet "Oral helse hos vaksne: predikatorar, sosiale gradientar og korrelasjon med kardiovaskulær helse hos kvinner og menn" har fleire studiar kor HUSK-tannhelse data blir brukt.
Pågåande studiar
Førekomst og alvorlighetsgrad av periodontitt blant HUSK-Tannhelse deltakarar
Denne studien undersøkjer:
- den periodontale statusen blant vaksne født 1950-51 i tidlegare Hordaland fylket
- periodontitt alvorlighetsgrad ved bruk av to ulike definisjonar (2017 World Workshop AAP/EFP konsensus og CDC/AAP)
- samanheng mellom tobakksbruk, diabetes, kjønn, utdanning, tal på tenner og periodontitt i denne studie populasjonen.
Hager Zein Elabdeen (postdoktor ved TkVestland) presenterte poster frå denne studien på CED-IADR konferansen i 2023. Se posteren her: poster_prevalens av periodontitt.pdf
Analysar av bakterieprøvar frå gingival væske
I prosjektet har vi analysert gingival-prøvar (prøver frå gingival væske mellom tannkjøtt og tann) for å kartleggje bakteriar som finnes i munnhola. Hos mennesket kjenner man til meir enn 700 arter av bakteriar og vanlegvis vil 2-300 typar bakteriar være til stade i ein enkelt prøve.
Nokre bakteriar kan føre til betennelses-reaksjonar (gingivitt og periodontitt) i vevet rundt tennar. Dersom slimhinna i munnen brytas ned kan bakteriar frå munnhola nå andre organa via blodet. Det er blant anna funnet munnhole-bakteriar i kardiovaskulært plakk.
Prøvar frå nesten 1200 deltakarar i HUSK-Tannhelse har nå blitt analysert (shotgun sekvensering).
I denne studien vil vi undersøkje om bakteriar frå gingival væske som vi vet kan føre til en spesielt sterk immun/betennelses reaksjon hos menneskjer (lipid A produserande bakteriar) også gir økt risiko for hjarte-sjukdom hos deltakarane i HUSK-Tannhelse.
Vidare skal samansetninga av bakteriar (mikrobiom) relaterast til periodontal status, risikofaktorar for hjartekar-sjukdom og inflammasjonsmarkørar målt i blod frå deltakarane.
Jale Moradi (postdoktor ved TkVestland) presenterte poster frå denne studien på World of Microbiome (WoM) konferansen i Bulgaria 2023. Se posteren her: poster_mikrobiom i periodontale lommer.pdf
Oral helse: assosiasjon med inflammasjonsmarkørar, ikkje-smittsame tilstandar og sosiale mønstre
Dette studien undersøkjer:
- samanheng mellom inflammasjonsmarkørar (Neopterin, Kynurenin-to-Tryptohphan Ratio, C-Reaktiv protein) og orale sjukdommar som periodontitt, karies og manglande tenner.
- Samanheng mellom ikkje-smittsame tilstandar (hypertensjon, type 2 diabetes, kronisk nyre sjukdom), røyking og orale sjukdommar som periodontitt, karies og manglande tenner.
- Samanheng mellom sosiale gradientar (utdanning, inntekt) og oral helse.
Sarala Banjara (stipendiat ved TkVestland) deltok med en poster frå denne studien på IBA konferansen i Oslo 2023 (National Graduate School in Infection Biology and Antimicrobials). Se posteren her: poster_KTR, neopterin og periodontitt.pdf
Oral sjukdom og oral helserelatert livskvalitet blant deltakarar i HUSK-tannhelse
Denne studien ser på forholdet mellom orale sjukdommar/symptom (tal på tenner, karies, periodontitt, hyposalivasjon, xerostomi, smerte i ansikt/kjeve) og oral helserelatert livskvalitet blant vaksne født 1950-51 i tidlegare Hordaland fylket.