Om HUSK-tannhelse
HUSK-tannhelse er ei screeningundersøking av munnhelse hos deltakarar fødde i 1950–51 frå tidlegare Hordaland fylke. HUSK-tannhelse er eit samarbeid med HUSK3 (Helseundersøkingane i Hordaland). HUSK-tannhelse vart oppretta ut frå ønske om å knytte data for oral helse til andre helsedata som er samla inn i HUSK.
Datainnsamling
Personar fødde i 1950-51 som hadde deltatt i alle Helseundersøkingane i Hordaland (HUSK 1,2,3) blei invitert til å delta i HUSK-tannhelse. HUSK-tannhelse består av ei spørjeundersøking og ei klinisk munn- og tannhelseundersøking.
Spørjeundersøkinga inkluderte spørsmål om blant anna sjølvopplevd oral helse, munntørrleik, smerte og oral helserelatert livskvalitet. Den kliniske undersøkinga blei utført i Tannlegevakta sine lokale i Solheimsviken i samarbeid med tilsette i Vestland fylkeskommune tannhelseteneste. Undersøkinga inkluderte intraorale røntgen, panoramarøntgenbilde (OPG) samling av spyttprøvar, undersøking av oral slimhinne, registrering av tannstatus (karies, manglande tenner, tidlegare behandling) og periodontal status.
Avslutta datainnsamling
Datainnsamlinga føregjekk frå mars 2020 til juni 2022. Til saman 2205 personar blei invitert til å delta i HUSK-tannhelse. 1306 deltakarar har deltatt i både spørjeundersøkinga og den kliniske undersøkinga.
Arbeidet med analyse av datamaterialet er i gang.