For forskarar om HUSK-tannhelse
Forskingsmidlar frå Noregs forskningsråd 2020
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland (TkVestland) har fått tilslag på ein søknad ved utlysinga «Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringer i samfunn og næringsliv» frå Noregs Forskningsråd.
Forskingsmidlane, kr 15 978 000, skal nyttast til eit 4-årig forskingsprosjekt med tittel: «Oral health in adults: predictors, social gradients and correlation with cardiovascular health in women and men».
Prosjektet skal belyse samanheng mellom oral helse, kardiovaskulære sjukdommar, risikofaktorar og sosial status. Vidare skal samanheng mellom preklinisk hjartesjukdom og orale sjukdommar utforskast og eventuelle kjønnsforskjeller identifiserast. Data som skal brukast er innsamla i Helseundersøkingane i Hordaland (HUSK 1-3) og i den orale helseundersøkinga HUSK-Tannhelse. Deltakarane som inngår i prosjektet har deltatt i alle fire undersøkingane og er født i 1950-51.
Ansvarleg for søknad og eigar av prosjektet er Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland ved forskingsleiar Ellen Berggreen.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire forskingsinstitusjonar og Vestland fylkeskommune, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Forbundet Tenner og Helse. Følgande forskingsorganisasjonar er involverte:
- Klinisk Institutt 2 og Institutt for Klinisk Odontologi, Medisinsk Fakultet, UiB
- Institutt for Samfunnspsykologi, Psykologisk Fakultet, UiB
- Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst
- National Institute of Health, Bethesda, MD, USA
- Amsterdam UMC Centre, Nederland