Om COP-studien
Ifølge Statistisk sentralbyrå utgjer innvandrarbefolkninga ca. 20 prosent av heile befolkninga i Noreg. Barn med innvandrarbakgrunn får meir karies i tidleg barndom enn etnisk norsk barn. Småbarnsforeldre med innvandrarbakgrunn i Bergen kan ha nytte av eit tidleg munnhelse-informasjonsprogram som er tilpassa deira kultur, livssituasjon og spesifikke behov.
Fedme og karies utgjer et aukande folkehelseproblem over heile verda. Både fedme og karies er kroniske, svært utbreidde og multifaktorielle tilstandar, med betydelege og potensielt livslange konsekvensar for helse og livskvalitet. Karies og fedme tenkast å dele felles medverkande faktorar, inkludert biologiske, genetiske, sosioøkonomiske, kulturelle, miljømessige, kostholds- og livsstilsfaktorar. Foreldre spelar ein sentral rolle i å fremme god oral helseåtferd, som kan vera avgjerande for førebygging av karies i tidleg barndom og fedme.
Et kulturelt tilpassa intervensjonsprogram, med fokus på kostholds- og munnhygienepraksis blant innvandrarfamiliar som går på helsestasjonar, er et innovativt prosjekt for offentleg sektor. Prosjektet er basert på en felles risikofaktor tilnærming og motiverande intervju.
Fase I (Intervensjonsstudie):
Intervensjon består av kulturelt tilpassa oral helse informasjon for å hindre utvikling av karies i tidleg barndom (ECC) og forbetre foreldres kunnskap og haldningar om oral helse. En kvalitativ studie er også inkludert for å få en djupare forståing av dei ulike barrierane for å dra nytte av informasjon som ble gitt i dette prosjektet.
Figuren viser plan for COP studien. Totalt 7 helsestasjonar med 475 deltakarar med barn mellom 0-6 månader blei randomisert til en intervensjon- og en kontrollgruppe i del I.
Fase II (Oppfølgingsstudie):
I denne fasen av studien vil barn mellom 3 og 5 år følges opp. Studien vil evaluere moglege forskjellar og likskap ved oral helse samt oral helse-relatert livskvalitet blant foreldre med ulik kulturell bakgrunn.
Utvalet inkluderer innvandrarforeldre med barn mellom 3-5 år som deltok Fase I (intervensjon). Samtidig vil en kontrollgruppe med etnisk norske foreldre bli invitert til å delta i denne oppfølgingsstudien.
Etiske klareringar
- Frivillig deltaking i studien, innhenta samtykke.
- Studien er godkjent av REK (Regional etisk komité) og Sikt (Kunnskapssektorens tjenesteleverandør).
- Studien er registrert som klinisk studie på ClinicalTrials.gov
Prosjekt finansiering
Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd (NFR) og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland (TkVestland)
Eksterne samarbeidspartnarar
- Bergen kommune
- Universitetet i Bergen