Intervensjon
Prosjektmedarbeidar ga individuelle intervensjonar (oral helse informasjon) til deltakarane. Intervensjonen varte ca. 30 minuttar. Deretter en praktisk demonstrasjon av tannpussteknikk.
Kvar deltakar fekk ein brosjyre med skriftleg oral helse informasjon på deira morsmål. Informasjon inkluderte blant anna anbefalingar for tannpuss, informasjon om mjølketannsett og kostholdsvanar for førebygging av karies og fedme. Det blei også gitt informasjon om flaskemating og korleis det kan påverka karies i tidleg alder, samt betydninga av regelmessige tannlegebesøk.
Brosjyren med oral helse informasjon blei oversett til 15 språk (etiopisk, vietnamesisk, filippinsk, engelsk, tigrinja, somali, litauisk, kinesisk, urdu, arabisk, tyrkisk, farsi, polsk, russisk og norsk).