Brekningar, vemjing og avsky ved tannbehandling

Prosjektet har som mål å validere to spørjeskjema: eitt som kartlegg førekomsten av brekningar og eitt som måler kjensler av vemjing og avsky ved tannbehandling. Vidare blir samanhengen mellom desse utfordringane og sjølvrapporterte livserfaringar, som seksuelle overgrep og angst for tannbehandling, undersøkt.

Bakgrunn

Brekningar og kjensler av vemjing eller avsky ved tannbehandling er komplekse problemstillingar som kan ha både biologiske og psykologiske årsaker. For dei som er ramma, kan dette gjere det utfordrande å ta imot naudsynt tannbehandling, noko som kan føre til negative konsekvensar for både tannhelse og livskvalitet.

Prosjektbeskriving

Studien er ein kvantitativ tverrsnittsundersøking basert på eit tidlegare masterprosjekt ved Universitetet i Bergen (2022). Den består av to delstudiar:

  • Delstudie I: Unge vaksne frå Vestland fylke blei rekrutterte via SMS til ei anonym spørjeundersøking.
  • Delstudie II: Tannlege- og tannpleiarstudentar ved Universitetet i Bergen blei inviterte til ei anonym spørjeundersøking gjennom læringsplattforma Mitt UiB.

Spørjeundersøkingane samla informasjon om deltakarane sine erfaringar med brekningar, angst for tannbehandling, angst for intraorale injeksjonar og vemjing/avsky. Etablerte psykometriske verktøy som The Predictive Gagging Survey, DPSS-R, IOIFs, og MDAS blei brukte.

Betydning

Studien vil bidra til å validere spørjeskjema som kan brukast til å måle førekomsten av brekningar og avsky ved tannbehandling. Den vil òg gje auka kunnskap om potensielle samanhengar mellom brekningar, avsky, tannbehandlingsangst og overgrepshistorikk.

Prosjektleiar: Regina Skavhellen Aarvik, tannlege, postdoktor
Prosjektmedarbeidarar: 

  • Maren Lillehaug Agdal, pedodontist, PhD
  • Karin Goplerud Berge, tannlege, forskar