Barn i risiko og oral helse

Traumatiske opplevingar i barne og ungdomsåra kan få alvorlege og livslange følger. For å hindre og redusere konsekvensane av vald, overgrep og/eller vanskjøtsel er førebygging, tidleg avdekking og oppfølging viktig.

Prosjekt

Gjennom systematisk og tverrfagleg forsking skal "Barn i risiko og oral helse", auke kunnskapen og kompetansen knytt til utsette born, deira orale helse og korleis samarbeidande tenester kan sikra tilrettelagt behandling og oppfølging. "Barn i risiko" skal styrka tannhelsetenesta, barnevernstenesta og statens barnehus i deira lovpålagte arbeid med å førebygge, avdekke og ivareta barn og unge som er utsett for vald, overgrep og vanskjøtsel.

Figur laget av prosjektgruppen "Barn i risiko og oral helse"

Forskingsprosjektet Barn i risiko og oral helse har eiga nettside: barnirisikoogoralhelse.no/ 

På nettsida finn du

  • informasjon og oppdateringar om forskingsprosjektet
  • informasjon som er retta mot barnevernstenesta, tannhelsetenesta, statens barnehus, helsestasjon m.fl. 

Longitudinell studie

Våren 2019 blei det gjennomført ei nasjonal spørjeundersøking blant alle tannlegar, tannpleiarar og psykologar tilsett i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg. Undersøkinga er ei oppfølging av ei nasjonal spørjeundersøking som blei gjennomført blant alle tannlegar og tannpleiarar og tilsett i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg årsskiftet 2014/2015.

Tverrsnittstudie

Våren 2021 blei det gjennomført ei nasjonal spørjeundersøking blant barnetannlegar i USA. 

Utvikling og evaluering av opplæringsprogram: Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell 01

Våren 2022 /hausten 2022 vart det i samarbeid med Sant & Usant og Educational storytelling,utvikla eit forskingsbasert opplæringsprogram for tannhelsepersonell, Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell. Opplæringsprogrammet har som målsetting å auka kunnskap og kompetanse knytt til avdekking og oppfølging av pasientar utsett for vald, overgrep eller vanskjøtsel. Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell bygger på forskingsfunn frå dei nasjonale spørjeundersøkingane blant alle tannlegar, tannpleiarar og psykologar tilsett i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg. Ein cluster randomisert kontrollert studie (C-RCT) blei gjennomført våren 2022 og våren 2023, for å evaluera effekten av opplæringsprogrammet. Alle tannklinikkande i Vestland tannhelseteneste (60 klinikkar) er inkludert i studien.  

Møte med sterk tannbehandlingsangst: Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell 02 

Hausten 2023 starta arbeid med utvikling av eit nytt  forskingsbasert opplæringsprogram. Målsettinga med opplæringsprogrammet er å auke kunnskap og kompetanse knytt til:

  •  personar med tannbehandlingsangst, TOO (tortur, overgrep, odontofobi)-tilbodet
  •  traumesensitiv behandling
  • tilrettelegging for redde pasientar på tannklinikken
  • tvang i tannbehandling og gjeldande retningslinjer 
  • og korleis styrke tverrfagleg samhandling med kommunale tenester

Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell, nasjonalt kompetanseløft.

Alle tilsette i den offentlege tannhelsetenesta i 11 av 15 fylker i Noreg har hausten 2023 og våren 2024 gjennomført det innovative og forskingsbaserte opplæringsprogrammet Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell, mot vald, overgrep og vanskjøtsel.
Målsettinga med opplæringsprogrammet er å gjera tannhelsepersonell betre rusta til å forebygge, avdekka, møta og behandla utsette barn og unge.

Forskingsmidlar

Forskingsprosjektet "Barn i risiko og oral helse", har mottatt forskingsmidlar:

  • 2020–2022 Regionalt forskingsfond Vest kr. 500.000 (forprosjekt)
  • 2022–2026 Norges forskingsråd kr. 7.000.000
  • 2023 Innovasjonsmidlar frå Helsedirektoratet kr. 1.899.000

Prosjektleiarar

  • Ingfrid Vaksdal Brattabø, Tannhelsetenestena kompetansesenter Vestland
  • Karin Goplerud Berge, Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland

Prosjektmedarbeidar

  • Anne Nordrehaug Åstrøm, Universitetet i Bergen/Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
  • Nancy Birungi, Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
  • Knut Helge Jensen, Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
  • Frida K.S. Mathisen, Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland

Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar

  • Linda Næss, Rogaland tannhelsetjeneste
  • Kristin Konglevoll Fjell, Statens Barnehus Bergen
  • Marion Ophaug, Statens Barnehus Bergen
  • Tone Grøttjord-Glenne, Sant & Usant
  • Karoline Rypdal Ramberg, Sant & Usant
  • Vestland tannhelseteneste
  • Athanasia Bletsa, UiB
  • Tamar Ringel-Kulka, University of North Carolina, USA
  • Emilie Bryne, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland
  • Anna Jinghede, Politiinspektør/ kriminalteknikar, rettstannlege og doktorand, Sverige
  • Landsforeningen for barnevernsbarn
  • Barnevernstenesta Kristiansand kommune
  • Sørfjord barnevern
  • RVTS Vest
  • Den offentlege tannhelsetenesta i Noreg
  • Masterstudent, Eline Hokstad, Medisinske fakultet, Universitetet i Bergen.
  • Masterstudent, Sophie Elise Djupevåg, Medisinske fakultet, Universitetet i Bergen
  • Masterstudent, Elias Ødemann Borgmo, Medisinske fakultet, Universitetet i Bergen

Publikasjonar

Birungi,N., Berge, K.G., Åstøm, A.N., Brattabø, I.V. (2024). Association of child abuse and neglect training with filing reports of concern to child welfare services: a cross-sectional study. Les artikkelen her.

Åstrøm, A.N., Berge, K.G., Birungi,N., Brattabø, I.V. (2024). Information sharing between the dental healthcare and child welfare services regarding child maltreatment—A repeated cross-sectional study in Norway. Les artikkelen her.

Åstrøm, A. N., Berge, K. G., & Brattabø, I. V. (2022). Reporting suspicion of child maltreatment-a 5 yr follow-up of public dental health care workers in Norway. Acta odontologica Scandinavica80(3), 169-176. 

Brattabø, I. V., Lie, S. A., & Åstrøm, A. N. (2022). Dental health personnel’s experience with receiving inquiries from child welfare services: a national cross-sectional study. Acta Odontologica Scandinavica80(4), 281-288.

Brattabø, I. V., Bjørknes, R., Breivik, K., & Åstrøm, A. N. (2019) Explaining the intention of dental health personnel to report suspected child maltreatment using a reasoned action approach.

Bjørknes, R., Iversen, A. C., Åstrøm, A. N., & Brattabø, I. V., (2018) Why are they reluctant to report? A study of barriers to reporting to child welfare services among public dental health care personnel. Health & Social Care in the Community. 

Brattabø, I.V. (2018) Detection of child maltreatment, the role of dental health personnel.-A national cross-sectional study among public dental health personnel in Norway.Thesis, PhD

Brattabø, I. V., Bjørknes, R., & Åstrøm, A. N. (2018). Reasons for reported suspicion of child maltreatment and responses from the child welfare-a cross-sectional study of Norwegian public dental health personnel. BMC oral health, 18(1), 29.

Brattabø, I. V., Iversen, A. C., Åstrøm, A. N., & Bjørknes, R. (2016). Experience with suspecting child maltreatment in the Norwegian public dental health services, a national survey. Acta Odonotologica Scandinavia, 74(8), 626-632

Næss, L., Bjørknes R., & Brattabø, I (2014). Tannhelsepersonellets rolle for å oppdage barn utsatt for mishandling eller omsorgssvikt. [Dental role to discover children exposed to abuse or neglect.] ­­­­­­­­­­­Tidene, 11, 28-31.