Førekomst av periodontitt blant 70-åringar i tidlegare Hordaland fylke

Denne studien hadde som mål å undersøkje førekomst og alvorlighetsgrad av periodontitt ved å bruke det nyaste rammeverket for periodontal klassifisering (ACES).

Studien baserast på data samla inn i under screening-undersøkinga HUSK-Tannhelse. 1298 deltakarar født i 1950-51 frå tidlegare Hordaland fylke gjennomførte ei grundig klinisk undersøking med periodontale målingar. Ved å følgje ACES rammeverk for periodontal klassifisering så fant denne studien en høg førekomst av periodontitt blant deltakarane. Når det gjelder alvorlighetsgrad av periodontitt så hadde 21% av deltakarane stage II periodontitt (moderat), 75% hadde stage III (alvorleg) og 4% hadde  avansert periodontitt, stage IV. Dei fleste deltakarane hadde periodontal sjukdom med eit generalisert omfang.

Det ble også utforska korleis justeringar av grensekriterium for definert periodonitt kan påverka estimat av førekomst, alvorlighetsgrad og omfang.

Konklusjonen er at det er en høg førekomst av periodontitt blant denne aldersgruppa, og resultata kan understreke et behov målretta helsepolitikk for behandling av periodontitt hos eldre vaksne.  

Du kan lese hele artikkelen her

Artikkelforfattarar:

Hager R. Zein Elabdeen, Ellen Berggreen, Knut Helge Jensen, Gerhard Sulo, Siri Flagestad Kvalheim, Linda Hasselgren, Eva Gerdts, Marjolein Memelink Iversen, Anne Isine Bolstad, Dagmar F. Bunæs.