Barn sine erfaringar med sedasjon ved tannbehandling
Ein ny publikasjon frå TkVestland og Universitetet i Oslo undersøker korleis barn og ungdom opplever tannbehandling med sedasjon på tannklinikken.
Studien inviterte 13 013 ni- og syttenåringar i den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland i 2019, og 909 av respondentane svarte at dei hadde fått tannbehandling med sedasjon. Dei fleste meinte at sedasjon gjorde behandlinga lettare, men over halvparten hugsa likevel behandlinga – særleg dei med høg tannbehandlingsangst. Nokre (8,5%) opplevde òg at det var vanskeleg å seie nei til behandling under sedasjon.
Resultata understrekar kor viktig det er å ta barn sine eigne erfaringar på alvor for å fremje tryggleik, tillit og medverknad i tannbehandlinga, og viser behovet for å følgje opp barn etter tannbehandling med sedasjon for å utforske korleis dei opplevde behandlinga.
Les artikkelen her
Artikkelforfattarar: Regina Skavhellen Aarvik, Edel Jannecke Svendsen og Maren Lillehaug Agdal.