Tannskadar
Ved alle typar tannskadar bør du ta kontakt med tannklinikken så raskt som det let seg gjere. Les meir om kva du bør gjere ved ulike typar tannskadar.
Mjølketann slått heilt ut?
- Ro ned og trøyst barnet.
- Fjern eventuelle lause tannbitar frå munnen.
- Ikkje sett på plass att mjølketenner i munnen. Det kan gje skade på dei permanente tennene som kjem under.
- Ta kontakt med tannklinikken for oppfølging.
- Hugs å få tannskaden registrert hos NAV og/eller forsikringsselskap. Dersom skaden skjer i barnehage, på skulen eller på skulevegen skal barnehage eller skule sende skademelding til NAV. Ved skade på fritida melder du (eigen forsikring) eller ev. idrettslag om skade til forsikringsselskap.
Permanent tann slått heilt ut?
- Om det er eit barn som er skada, så ro ned og trøyst barnet. Fjern eventuelle lause tannbitar frå munnen.
- Finn tanna og unngå å ta på rota. Ta den opp etter krona (den kvite delen).
- Er tanna skitten, så skyl den forsiktig med mjølk eller saltvatn i nokre sekundar utan å ta på rota. Har du ikkje mjølk eller saltvatn tilgjengeleg, kan du bruke ditt eige spytt til å reingjere tanna.
- Sett tanna tilbake på plass etter så kort tid som mogleg.
- Om det ikkje er mogleg å sette tanna på plass, kan du legge tanna i munnen mellom kinn og tenner slik at den blir beskytta av spyttet. Legg den eventuelt i ein behaldar og dekk den med mjølk eller spytt, så den ikkje tørkar ut.
- Ta kontakt med tannklinikken
- Ta kontakt med lege for å vurdere behov for stivkrampevaksine. Dette er spesielt viktig om tanna har vore på bakken og i kontakt med jord.
- Hugs å få skaden registrert hos NAV eller forsikringsselskap. Skule, barnehage, idrettslag eller du sjølv (eigen forsikring) sender skademeldinga.
Knekt del av tann?
- Unngå kald og varm mat og drikke.
- Ta vare på større tannbitar og ta med til tannlege. Oppbevar bitane i mjølk, saltvatn eller ditt eige spytt for at dei ikkje skal tørke ut.
- Ta kontakt med tannklinikken
Når skal du kontakte lege?
- Ta kontakt med lege for vurdering av stivkrampesprøyte om utslått tann eller såret har vore i kontakt med jord.
- Om det er vanskeleg å bite saman etter at du har slått deg, så ta kontakt med tannklinikken eller lege for å undersøke om det kan vere kjevebrot.
Registrer skade hos NAV og forsikringsselskapet ditt
- Sørg for at skademelding blir sendt til NAV. Det er viktig at skadar blir registrert. Det kan oppstå seinskadar i framtida, og dersom skaden tidlegare er registrert kan du ha rett på å få dekka delar av behandlinga.
- Skule, barnehage, arbeidsgjevar, idrettslag eller du sjølv (ved privat forsikring) sender skademeldinga alt etter kvar og kortid skaden skjedde.
- Ta alltid kontakt med ditt forsikringsselskap om du har skadeforsikring. Tannlegen vil få tilsendt skadeskjema for utfylling.
Behandling og oppfølging
- Tannlegen diagnostiserer og gir nødvendig akuttbehandling. Det er ofte bruk for ny time til behandling og kontroll.
- Ei skadd tann skal som regel kontrollerast ein eller fleire gonger. Skadde tenner kan endre farge, bli betente, lause eller vonde. Følg med på om det kjem ein kul i tannkjøtet ut for rota på tanna. For små barn kan det vera vanskeleg å gje uttrykk for smerter. Viss barnet har vanskar med å ete kan smerte vera grunnen. Ta i så fall kontakt med din tannklinikk.
Akutthjelp utanfor opningstid
Ved behov for akutthjelp utanfor opningstida til tannklinikkane kan du kontakte tannlegevakta:
Om det ikkje er tannlegevakt i nærleiken av deg, eller det er utanfor opningstidene til tannlegevakta, så må du kontakte lokale tannlegar på privat telefon. Enkelte legevakter kan også i mange tilfelle hjelpe med å vidareformidle informasjon om tannlege.