Tannhelse og syreskadar

Hyppig inntak av mat og drikke som inneheld syre, som brus, jus og surt godteri, aukar risikoen for å utvikle syreskade på tennene.


Klikk her for å sjå film om syreskade på tennene.

Når du har sett filmen, kan du lese under for meir informasjon.

Tennene blir slitt litt og litt vekk kvar gong vi drikk eller et noko som inneheld syre. Syreskade på tennene kan vi sjå gjennom at delar av tanna dett av eller blir slitt vekk. 

Tenner som er syreskada

Om du har syreskadar på tennene, kan du oppleve å få groper og ising i tennene. 

Syreskadar kan også vise seg ved at tennene forandrar utsjånad, gjennom at delar av tanna kan knekke av. Syreskadar kan også vise seg gjennom at det kvite laget ytterst på tennene blir slitt vekk. 

Har du mykje syreskadar på tennene, bør du unngå å bleike tennene.

Energidrikke innheld generelt mykje syre.

Drikk du energidrikke fleire gonger i veka, kan det gje syreskader på tennene. Prøv å erstatte energidrikken med vatn nokon gonger.  

  • Drikk mindre av syrehaldige drikker, som brus, jus og energidrikke
  • Drikk vatn når du er tørst
  • Reduser sukkerinntaket
  • Unngå å ete mellom måltida
  • Vent ein time med å pusse tennene etter at du har ete eller drukke noko som har høgt syreinnhald 
  • Spar snopet til laurdag og kos deg med det i helga
  • Bruk mjuk tannkost og ikkje puss for hardt

Har du først fått syreskadar på tennene, er det ingen veg tilbake. Tannhelsepersonell kan behandle syreskadde tenner, men tennene blir ikkje heilt friske.