Spørsmål til tannhelsetenesta

I ei undersøkingsfase for det kommunale barnevernet, er det nokre spørsmål den offentlege tannhelsetenesta spesielt kan svare på. Forslag til spørsmål er:

  • Når var det første besøket til barnet på tannklinikken?
  • Har barnet møtt regelmessig til avtalar?
    • Dersom nei
      • når og kor mange gongar har barnet ikkje møtt til timeavtalar?
      • er det meldt avbod i forkant av timen?
      • er det oppgitt bakgrunn for det manglande oppmøte?
      • møter barnet berre til akutt behandling?
      • når starta problema? Var det greitt inntil … tidsrom
  • Har barnet hatt følge til tannklinikken og kven har i tilfelle følgt barnet?
  • Korleis opplever du samspelet mellom barnet og føresette på tannklinikken?
  • Korleis opplever du barnet i behandlingssituasjonen – har det avvikande åtferd?
  • Korleis opplever du den generelle hygienen til barnet?
  • Korleis er tannhelsa til barnet?
  • Korleis er munnhygienen til barnet?
  • Har det vore behov for ekstra opplæring i munnhygiene og tett oppfølging av barnet?
    • Dersom ja
      • opplever du at føresette/barnet har tatt opplæringa på alvor?
      • opplever du at føresette er samarbeidsvillige?
      • opplever du at føresette følger opp tiltak som blir satt i gang eller tilrådd av tannhelsepersonellet?
      • har munnhygienen til barnet blitt betre?
  • Har barnet møtt til akutt tannbehandling ved traume/skade på tenner/kjeve?
    • Er det nokon gong dokumentert blåmerke/skade på barnet når det har møtt til tannbehandling?
    • Dersom ja
      • er skade/traume/blåmerke dokumentert med foto?
  • Har barnet nokon gong fortalt om forhold i heimen som kan gje grunn til bekymring?
  • Har tannhelsepersonell kjennskap til forhold i familien som kan ha negativ innverknad på korleis barnet har det?
  • Korleis er frammøte for søsken?

Ta kontakt med ressursgruppe barnevern om du har behov for meir informasjon.