Plan for fagleg oppdatering
Vestland tannhelseteneste har ansvar for å gje tilsette på helsestasjon/ skulehelseteneste fagleg informasjon og opplæring om tann- og munnhelse. Opplæringa skal vere ut frå behovet til tilsette.
Forslag til tema er:
- Munnundersøking
- Tannframbrot
- Anomalier i tenner og munnhole (ikkje normale tilstandar i, til dømes, form, farge og stilling på tenner)
- Munn- og tannhygiene, til dømes bruk av fluor, måltidsvanar og ernæring
- Kariesutvikling
- Omsorgssvikt (grav karies, hygiene, ernæring, sjukdom)
- Vald (mishandling, seksuelle overgrep), til dømes
- petekkiar/bløding, rift i munnhole
- emaljeskadar
- vegring mot å opne munnen
Dette er forslag til tema som er aktuelle for tannhelsetenesta å snakke om. Kom gjerne med innspel til andre tema (innan oral helse) det er behov for fagleg informasjon eller oppdatering på.