For samarbeidspartane til tannhelsetenesta

Her kan kommunar og andre samarbeidspartar med den offentlege tannhelsetenesta finne samarbeidsavtalar, skjema og informasjon som er nyttige i møte med sine brukarar.

Møter du eller følger du opp personar i gruppene under i ditt arbeid? Då kan det vere nyttig å vite meir om kva tilbod dei har i tannhelsetenesta. Klikk på dei ulike boksane for å få meir informasjon.

Tannhelsetenesta gir eit regelmessig og oppsøkande tilbod til born og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år. All nødvendig tannbehandling, bortsett frå tannregulering, er gratis. 

Samarbeidsavtale - barn og unge

For å sikre eit godt samarbeid mellom tannhelsetenesta og helsestasjon/skulehelsetenesta/helsestasjon for ungdom i kommunane i Vestland, har vi laga samarbeidsavtalar.

Samarbeidsavtale Barn og unge (0-20 år) (pdf) - revidert okt 2023

Samarbeidsavtale - barnevern

Vestland tannhelseteneste skal gje tannhelsehjelp til barn og unge som opplever/har opplevd vald, overgrep eller vanskjøtsel. Som helsepersonell skal vi vere merksam på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta og eit samarbeid med det kommunale barnevernet er nødvendig.

Samarbeidsavtale barnevern (pdf) - revidert okt 2023

Rutine for Vestland tannhelseteneste når pasientar ikkje møter til avtalt time (pdf)

Rutine for Vestland tannhelseteneste ved sending av bekymringsmelding til barnevern (pdf)

  • skjema: bekymringsmelding (pdf)

Forslag til spørsmål barnevernstenesta kan stille til Vestland tannhelseteneste i ei undersøkingsfase

Ressursar i barnevernsarbeidet

Oversikt over barnevernsinstitusjonar i Vest (Bufdir sin nettside)

Rutine for tann- og munnundersøking (0-3 år)

Barn skal til munn- og tannundersøking på tannklinikken første gong når dei er 3 år. Fram til då blir munnundersøkinga gjort av lege eller helsesjukepleiar på helsestasjon. Prosedyre for tann- og munnundersøking ved helsestasjon (Helsedirektoratet).

Velkomen til tannklinikken

Vi veit at det første møtet med tannklinikken kan vere spanande for dei fleste av oss. Alle 3-åringar får innkalling til den offentlege tannhelsetenesta. For å gjere det første besøket på tannklinikken så greitt som mogleg, har vi laga litt informasjon som foreldre/føresette kan lese i forkant av besøket.

Det første møtet med tannklinikken - informasjon om kva som møter 3-åringen på det første besøket på tannklinikken (pdf) 

Sjå TkMidt sine nettsider for informasjon om første besøk på tannklinikken på fleire språk.  

Max og Bronto på tannklinikken er ei fin bok om det første besøket på tannklinikken. Den er fin å lese saman med barnet for det første besøket. Boka er utarbeidd av Norsk tannvern og kan lesast her. 

God tannhelse frå første tann - brosjyre

God tann- og munnhelse blir skapt tidleg. Etablering av gode vanar, kan føre til god tann- og munnhelse heile livet. 

Ved å klikke på lenka, finn du informasjon om tannframbrot, tannpuss, hol i tennene, amming, tannstilling med meir. Du kan laste ned brosjyrar og informasjonen fins på mange språk.

God tannhelse fra første tann (TkMidt)
 

Tilvising frå helsestasjon til tannhelsetenesta

I nokre tilfelle skal barn tilvisast frå helsestasjon til tannhelsetenesta, knytt til ulike utfordringar med munn- og tannhelse.

Fagleg oppdatering til helsepersonell

Tannhelsetenesta har ansvar for å gje, mellom andre, tilsette på helsestasjon og/eller skulehelseteneste fagleg informasjon og oppdatering om tann- og munnhelse. 

Forslag til plan for fagleg oppdatering

Kva skjer om barn og unge ikkje møter til avtalt time på tannklinikken?

Tannhelsetenesta skal legge til rette for at barn og unge og føresette opplever gode besøk på tannklinikken. Det betyr at vi også skal ha effektive og gode rutinar for oppfølging av barn og unge som ikkje møter til avtalt time.

Rutine for tannhelsetenesta når barn og unge ikkje møter til avtalt time.pdf

Rutine for sending av bekymringsmelding til barnevern

Om tilsette i Vestland tannhelseteneste blir merksam på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta, skal vi melde frå om dette. Kva vi konkret gjer, er skildra i følgande rutine:

Rutine for Vestland tannhelseteneste ved sending av bekymringsmelding til barnevern.pdf

Spørsmål til tannhelsetenesta frå barnevernstenesta

I ein undersøkingsfase knytt til vald, overgrep eller vanskjøtsel mot barn og unge, kan den offentlege tannhelstenesta ha informasjon som er relevant for barnevernstenesta.

Forslag til spørsmål barnevernstenesta kan stille Vestland tannhelseteneste i ein undersøkingsfase.pdf

Tannskade - brekt eller slått ut tann?

Kva gjer vi når ein får slått ut ei tann eller deler av ei tann er knekt? 

Plakat i pdf til å henge opp på skule, idrettshall osv. 

Tann- og munnstell for barn og unge med ulike sjukdommar og diagnosar

Syreskade på tennene

Kva er det som gir syreskadar på tennene? Kan ein bleike tenner som er syreskada? Kan energidrikke gi syreskadar på tennene? 

Disse og fleire andre spørsmål får du svar på om du går inn på denne nettsida.  

Samarbeidsavtale - personar med psykisk utviklingshemming

Personar med psykisk utviklingshemming, har rett til gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta. Les meir om rettane i samarbeidsavtalen.

Samarbeidsavtale: Personar over 18 år med psykisk utviklingshemming - revidert okt 2023 

Samtykkeerklæring

For at Vestland tannhelseteneste skal kunne gje gratis tannbehandling til personar med utviklingshemming over 18 år, må det signerast eit samtykkeerklæringsskjema. 

Samtykkeerklæringsskjema (pdf)

Informasjonsbrev til personar med utviklingshemming

Vestland tannhelseteneste har utarbeidd eit infomasjonsskriv til personar med utviklingshemming om rettar og kva vi kan hjelpe med på våre tannklinikkar. Gje gjerne dette brevet til nokon som ikkje har vore hos oss tidlegare eller til føresette/pårørande som treng informasjon.

Informasjonsskriv (pdf).

Tann- og munnstell - brosjyre/hefte

Om du treng informasjon om tann- og munnstell for personar med utviklingshemming, finn du det i eit hefte/ein brosjyre som Vestland fylkeskommune har laga. Her finn du oversikt over relevant utstyr når ein skal hjelpe ein person med utviklingshemming med tannstell. Du finn og informasjon om ulike sjukdommar/utfordringar ein kan ha i munnen og kva ein kan gjere med det.

Oversikt over munnpleiemidlar

Eit godt munnstell handlar om å oppretthalde normal munnflora, førebygge opphoping av plakk og bevare slimhinnene heile smidige og fri for sår. 

Oversikt over munnpleiemiddel (Helse Bergen) 

Munnstellkort

Munnstellkort kan vere til hjelp når personar med utviklingshemming skal få hjelp til tann- og munnstell. Her finn du forslag til munnstellkort du kan gi til dine brukarar. 

Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon eller heimesjukepleie har rett til gratis og nødvendig tannbehandling frå den offentlege tannhelsetenesta. 

Kven gjeld ordninga for

Ordninga gjeld for pasientar som er innlagt i kommunal eller statleg helseinstitusjon, samt private institusjonar som har avtale med kommune eller regionalt helseføretak. 

I tillegg har pasientar som har vedtak om helsetenester i heimen etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr 6, bokstav a, rett til nødvendig tannhelsehjelp dersom hjelpa blir rekna som heimesjukepleie. Heimesjukepleie er lettare behandling, sårbehandling, legemiddelhandtering, psykiatrisk sjukepleie mv.

Samarbeidsavtale

Les meir i samarbeidsavtalen om kva som gir rettar etter Lov om tannhelstenesten:  

Samarbeidsavtale Langtidssjuke i institusjon og heimeteneste.pdf

Samtykke til behandling

For at Vestland tannhelseteneste skal gje tannbehandling, må pasienten signere eit samtykkeskjema. Samtykkeerklæringa må vere tannhelsetenesta i hende før behandling kan settast i gang. 

Samtykkeerklæringsskjema (pdf)

Belegg- og slimhinneindeks (BSI)

For å kunne seie noko om effekten av samarbeidet og samhandlinga mellom den kommunale helsetenesta og Vestland tannhelseteneste og pasientar sin orale helse, har vi eit "verktøy". Det er registrering av belegg- og slimhinneindeks (BSI) på personar som er på institusjon.  

Kva er BSI, korleis måler vi BSI og kva vil ei BSI-måling seie om det orale hygienenivået? Alt dette kan du lese meir om i:

Belegg-/slimhinneindeks - måling for registrering av oral hygiene (pdf)

Tilbakemelding frå tannhelsetenesta

Kva som er nødvendig tannhelsehjelp/-behandling vil vere avhengig av den einskilde sin tann- og munnhelse. Etter at personar har vore på tannklinikken, gir vi tilbakemelding til (til dømes) institusjon som personen har vore på kva som er status på tann- og munnhelsa. I tilbakemeldingsskjema vil det og vere tilråingar for munnpleietiltak. Døme på tilbakmeldingsskjema finn du her.

Tannpleie for eldre

Personar som bur i institusjon eller har rett på kommunal heimesjukepleie (i over 3 månader), har rettar i tannhelsetenesta. Den viktigaste føresetnaden for å oppretthalde ei god tann- og munnhelse er likevel det daglege munn- og tannstellet og det som blir gjort  mellom kvar gong tilsette frå tannhelsetenesta undersøker og behandlar tennene. 

På TkMidt sine nettsider kan du sjå og laste ned (og skrive ut) brosjyre med informasjon om tannpleie for eldre. I tillegg til at brosjyren er på norsk, finst den i mange andre språk. 

Tannpleie for eldre (pdf) 

Handbok i munn- og tannstell - eit informasjons- og rettleiingshefte for tilsette i heimetenesta

Handbok i munn- og tannstell er ein rettleiar for korleis munn- og tannstell kan bli gjort på personar som bur i institusjon, har vedtak om kommunal heimesjukepleie eller på personar som har behov for hjelp til tann- og munnstell. 

Munnstellkort - eigne tenner
Munnstellkort - eigne tenner og protese
Munnstellkort - berre protese
Munnstellkort - utan tenner

Ta kontakt med tannklinikken om du har spørsmål knytt til tannhelse. 

Alle som er 19 - 26 år, og som har budd meir enn fem år i Noreg, kan ha krav på 75 prosent rabatt på nødvendig behandling. For å få tilbodet må pasienten sjølv ta kontakt med offentleg tannklinikk og få utført ev. akutt og ordinær nødvendig tannbehandling der. 

19-26 åringar hos privat tannlege

Pasienten står fritt til å takke nei til oppfølging i offentleg tannhelseteneste og heller gå fast til privat tannbehandlar. Pasienten må då dekke all behandling fullt ut sjølv.   

Unntaket er der den offentleg tannklinikken har kartlagt eit behov for spesialistbehandling og har tilvist pasienten til privat spesialist på grunn av lang ventetid eller geografisk lang avstand til offentlege spesialistar.

Når det er den offentlege tannhelsetenesta som har etterspurt behandlinga og pasienten er tilvist direkte frå offentleg tannklinikk etter undersøkingar der, så kan spesialisten/privat behandlar bruke eigne takstar og fakturere fylket. 

19-26-åringar som er tilvist frå offentleg tannklinikk skal ikkje betale meir enn 25 prosent av Helse- og omsorgsdepartementet sine takstar for tannbehandlinga uavhengig av om det er privat spesialist som har utført behandlinga. Pasienten skal berre legge ut for sin eigenandel. Den private spesialisten/behandlaren skal først trekke i frå ev. Helfo-refusjon dersom pasienten har rett på det, deretter betalar pasienten 25% av Helse- og omsorgsdepartementet sine takstar i eigenandel. Det attståande beløpet fakturerer den private spesialisten til Vestland fylkeskommune. 

Sende faktura til fylket

Dersom du ikkje kan sende faktura på EHF, så kan du sende faktura på e-post til rekneskap@vlfk.no. Hugs då å følgje rutinane som nemnt i dette avsnittet med uspesifisert faktura osv. for å sikre personvern.        

Krav om butid 

19-26-åringar som kjem frå land utanfor EU/EØS og Storbritannia, og som har budd mindre enn 5 år i Noreg, har ikkje rett på rabatt og må dekke tannbehandling og tolkeutgifter sjølv slik som andre vaksne betalande. Personar med vedtak om opphald, men butid mindre enn fem år har framleis rett på Helfo-refusjon og kan søke NAV om stønad, sjølv om dei ikkje har rett til rabatt i den offentlege tannhelsetenesta.   

Informasjon til pasientgruppa 

Kva kostar tannbehandlinga?

Informasjon om tannbehandling til 19-26-åringar

Helse Noreg: Tannbehandling for unge vaksne

Personar med ruslidingar kan ha rett til gratis tannhelsehjelp dersom

  • personen er på institusjon
  • har vedtak om helsetenester i heimen (heimesjukepleie)
  • er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) eller heroinassistert behandling (HAB)
  • tar i mot tenester som nemnt i helse- og omsorgstenestelova

    § 3-2 første ledd nr. 6, bokstav b og § 3-6 nr. 1 og 2: 

  1. personleg assistanse, medrekna praktisk bistand, opplæring og støttekontakt
  2. pårørandestøtte, i form av avlastningstiltak

Samarbeidsavtale - rusomsorga

For å sikre et godt samarbeid mellom tannhelsetenesta og rusomsorga i Vestland, har vi laga samarbeidsavtalar. 

Samarbeidsavtale (revidert okt 2023

Skjema for samtykke til tannbehandling

For å kunne gje nødvendig tannhelsehjelp til personar med ruslidingar, må det signerast eit samtykkeskjema. Dette har, mellom anna, med personvernet å gjere. Vi kallar inn til tannbehandling når samtykkeskjema er levert tannklinikken. 

Samtykkeerklæringsskjema (pdf)

Innsette i fengsel har rett til tannhelsehjelp frå den offentlege tannhelsetenesta i det fylket der fengselet ligg.

Kven er inkludert i omgrepet "innsett i fengsel"?

Med "innsette i fengsel" er det meint:

  • Innsette i fengsel med høgt eller lågare sikkerheitsnivå
  • Innsette i overgangsbustad
  • Innsette som gjennomfører straffa i heildøgnsopphald i institusjon eller sjukehus

Personar som sonar med fotlenke eller som har samfunnsteneste har ikkje rettar i den offentlege tannhelsetenesta.

Omfanget av tannhelsetilbodet til innsette i fengsel

Alle innsette i fengsel har rett på akutt tannbehandling ved behov, uavhengig av kor lenge opphaldet varer. Dette omfattar også personar som sit i politiarrest.

Innsette som oppheld seg i fengsel i meir enn tre månadar har rett på tannhelseundersøking, samt nødvendig førebygging og vanleg tannbehandling.

Som eit ledd i rehabilitering til eit normalt samfunnsliv skal behandlingstilbodet og behandlingsplan ta sikte på å opprette akseptabel oral helse. 

Tannhelsetiltaka er avgrensa slik at meir omfattande rehabiliterande tannbehandling først blir tilbydd ved lengre fengselsopphald.

Les meir om tannhelsetilbodet til innsette i den nasjonale rettleiaren Helse- og omsorgstjenester til innsatte i fengsel.

Møter du personar som av ulike grunnar har ekstrem tannbehandlingsangst i din jobb? Då kan det vere nyttig å vite om TOO-tilbodet. Tannhelsetenesta i Vestland tilbyr angstbehandling og tilrettelagt tannbehandling for personar utsett for tortur, overgrep eller som har odontofobi, kalla TOO-tilbodet.

Tilvise til tilbodet

Personar som har sterk angst for tannbehandling eller har problem med å ta i mot tannbehandling på grunn av opplevd tortur eller overgrep kan sjølv ta kontakt eller bli tilvist til tilbodet frå lege, psykolog, tannlege eller anna relevant tilvisar. 

Du finn meir informasjon om TOO-tilbodet i Vestland og korleis du tilviser til det her.

Tooinnfo.no

tooinfo.no finn du informasjon om TOO-tilbodet som er retta mot

  • personar med tannlegeskrekk
  • tann- og helsepersonell som jobbar eller er i kontakt med pasientar som har tannlegeskrekk
  • tannhelsepersonell som jobbar i TOO-tilbodet

Ønsker du å vere tannbehandlarteam i TOO?

Er du privatpraktiserande og ønsker å ta i mot TOO-pasientar for tannbehandling? Då kan du inngå avtale med fylkeskommunen om å vere tannbehandlarteam i TOO. Pasienten får først angstbehandling hos tverrfagleg TOO-team og fullførere deretter nødvendig tannbehandling hos tannbehandlarteam. 

Avtale mellom tannhelsetenesta i Vestland og privatpraktiserande tannbehandlarteam TOO

Om du er interessert i å inngå avtale, så send signert skjema til tannhelseavdelinga.postmottak@vlfk.no

Den offentlege tannhelsetenesta gir eit gratis tannhelsetilbod til flyktningar, asylsøkarar og familiesameinte som er busett i statlege mottak og som er

  • 0-18 år
  • Over 18 år og har psykisk utviklingshemming

Personar mellom 19-26 år har rett på tannhelsetilbod til redusert pris først etter 5 års butid i Noreg. 

Tips før timen

Tannklinikken treng å vite

  • namn
  • fødselsnummer
  • D-nummer
  • vedtak om opphaldsløyve
  • helseopplysningar
  • eventuelle medisinar
  • behov for tolk og på kva språk/dialekt

Samarbeidsavtale

Den offentlege tannhelsetenesta har samarbeidsavtale med asylmottaka i Vestland: 

Samarbeidsavtale Stord statlege mottak.pdf

Samarbeidsavtale Solbakken asylmottak.pdf

Vaksne

Dei over 19 år må som hovudregel betale alle utgifter til tannbehandling sjølv, inkludert tolketenester, men kan i nokre tilfelle søke UDI om støtte. I den nasjonale rettleiaren Helsetjenester til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente kan du lese meir om kva rettar vaksne flyktningar, asylsøkarar og familiesameinte har til tannbehandling og tolketenester. 

Søke UDI om støtte

Vaksne asylsøkarar, flyktningar og familiesameinte kan dei første 6 månadane i Noreg søke om stønad til tannbehandling i form av akutt hjelp og førebyggande tiltak og behandling for å avgrense skadeutvikling. 

Personen kan søke UDI om støtte til tannbehandling ved å fylle ut søknad om tilleggsytingar og legge ved behandlingsforslag og kostnadsoverslag frå tannlegen. 

Spørsmål til tannhelsetenesta?

Har du generelle spørsmål som gjeld tannhelsetilbodet til flyktningar, asylsøkarar og familiesameinte så kan du ta kontakt på e-post Teams-TAN-Flyktningar@vlfk.no. Dersom det gjeld personsensitive opplysningar ber vi om at de nyttar eDialog.  

Vestland tannhelseteneste er heilt avhengig av å samarbeide med alle kommunar, flyktningemottak og andre samarbeidspartar i Vestland fylke, for å kunne nå den offentlege tannhelsetenesta sitt formål (Lov om tannhelsetjenesten, § 1-2).

I tillegg til at vi signerer samarbeidsavtaler på det operative nivået, signerer vi ein avtale på overordna nivå. Den overordna avtalen skal sikre at kommuneleiinga er klar over den offentlege tannhelsetenesta sitt ansvar og kommunen sitt ansvar, når vi skal gje nødvendig tannhelsehjelp til grupper som har prioritet i den offentlege tannhelsetenesta. 

Her kan du sjå døme på ein overordna avtale (pdf). Avtalar på det operative nivået finn du under dei andre overskriftane på denne sida. 

Vestland tannhelseteneste ønsker å gjere det førebygganse og helsefremmande arbeidet enda meir kunnskapsbasert. Gjennom oversikt over helse og påvirkningsfaktorar for helse, kan vi gje betre tenester til alle våre pasientar og befolkninga generelt.

Om du klikkar deg inn på tannhelsestatistikken, finn du oversikt over ulike indikatorar som skidrar status og utviklinga for Vestland samanlikan med Noreg og andre fylke i landet. Tala er henta frå SSB og blir oppdatert årleg. 

Ta kontakt med Siri Espedal Vold eller Jens Harald Garden om du har spørsmål til statistikken.  

I dei fleste tilfelle må alle over 26 år betale alle tannlegeutgiftene sine sjølve, men det er unntak.

Den offentlege tannhelsetenesta

Den offentlege tannhelsetenesta gir eit tilbod til personar mellom 0-26 år, personar med psykisk utviklingshemming, langtidssjuke i institusjon og heimesjukepleie, personar med ruslidingar, innsette i fengsel og personar med sterk angst for tannbehandling. Du finn meir informasjon om desse gruppene i nedtrekksmenyen over. 

HELFO

Ved nokre definerte sjukdomar eller tilstandar kan pasienten ha rett på stønad til tannbehandling frå folketrygda. Det er tannlegen som tar stilling til om du har rett på slik støtte.

Forsikring og erstatning

Ulukkeforsikring ved tannskader kan dekke noko av utgiftene til tannbehandlinga. Dersom tannskader er oppstått som følge av ei valdshandling kan personen ha rett på valdsoffererstatning. 

Støtte frå NAV

Personar som må betale tannbehandlinga sjølv, men som ikkje har økonomi til det kan søke NAV om sosial stønad. 

Dersom NAV ønsker uttale frå fylkestannlegen med vurdering av føreslått behandling så sender NAV kostnadoverslag med tilhøyrande dokumentasjon som digital sikker post: eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune

Saksbehandlingstid er 4-8 veker. 

Vestland tannhelseteneste gir eit regelmessig og oppsøkande tilbod til prioriterte grupper, etter Lov om tannhelsetjenesten (Lov-1983-06-03-54). 

Behandlinga tar utgangpunkt i Helsedirektoratet sin definisjon av akseptabel oral helse. Meir om dette kan du lese i Helsedirektoratet sin rettleiar God klinisk praksis i tannhelsetjenesten (IS-1589, kortversjon).

Tannhelsetenesta i Vestland gjer faglege vurderingar av kostnadsoverslag på tannbehandling når NAV ber om det.

Retningslinje for kostnadsoverslag på tannbehandling til NAV.pdf tar for seg kva NAV dekker og korleis tannbehandlar skal gå fram ved utarbeiding av behandlingsforslag med kostnadsoverslag til NAV. Det er viktig at tannbehandlar blir gjort kjent med retningslinja. 

Rutine for vurdering av kostnadsoverslag på tannbehandling: 

  1. NAV har ansvaret for at nødvendig dokumentasjon er lagt ved førespurnad om vurdering av kostnadsoverslag. Nødvendig dokumentasjon er røntgenbilete, statusbeskriving og eventuelt foto.
    Kostnadsoverslag som manglar nødvendig dokumentasjon vil ikkje kunne vurderast. Saksbehandlar i NAV vil få melding om å ettersende dokumentasjon.
  2. For å kunne vurdere kostnadsoverslaget må Vestland fylkeskommune ha ressursnummer, eventuelt tilsettnummer, på saksbehandlar i NAV. Dette må vere ført på inngåande brev frå NAV.
  3. NAV skal informerer behandlande tannlege om takstane til Vestland tannhelseteneste om NAV ønsker at behandlande tannlege skal nytta offentlege takstar.
  4. NAV skal sende kostnadsoverslaget med tilhøyrande dokumentasjon som sikker digitalt post via SvarUt til Vestland fylkeskommune, eventuelt via eDialog.  
    Kostnadsoverslag på papir blir ikkje behandla.
  5. NAV-kontoret blir fakturert for 30 minutt behandlingstid, av den til kvar tid gjeldande honorartaksten for tannlege i Vestland fylkeskommune.
  6. Rådgjevande tannlege vurderer kostnadsoverslaget etter  retningslinjer bygd på rundskriv om sosialtenestelova, Helsedirektoratet sin rettleiar «God klinisk praksis i tannhelsetjenesten» og gjeldande HELFO-reglement
  7. Saksbehandlingstida er 4 – 8 veker.

Nokre tannklinikkar i tannhelsetenesta i Vestland har ei ordning med rekvisisjon for drosje. Denne ordninga gjer det lettare både for drosjenæringa og pasientane, som av helsemessige eller trafikale årsaker, har rett til drosje. Behandlar på tannklinikken avgjer om pasienten har rett på drosje.

Dei pasientane som ikkje ønsker å bruke rekvisisjon eller der tannklinikken ikkje har ordning med rekvisisjon, så fyller pasienten ut reiserefusjonsskjemaet elektronisk eller får utdelt reiserefusjonsskjema på papir frå tannklinikken.

Forskrift for dekking av skyssutgifter  avgjer kven som får dekka drosjetransport av fylkeskommunen. I hovudsak er det pasientane som har heimesjukepleie som kan ha rett på å få dekka drosje. 

  • Behandlar ved tannklinikken avgjer om pasient treng drosje.
  • Pasienten som treng drosje (eller drosjesjåfør) ringer til tannklinikken og får utdelt rekvisisjonsnummer dersom tannklinikken har ordning med rekvisisjon med den lokale drosjenæringa. Tannklinikken gir beskjed om eigenandelen på 1133 kr er betalt for inneverande år.
  • Drosjesjåføren legg rekvisisjonsnummeret i taksameteret og sender faktura til tannhelsetenesta med oppgitt rekvisisjonsnummer. Dato og stadsnummer til tannklinikken må gå fram av fakturaen. Fakturaen skal sendast som EHF-faktura til org.nr. 821311632.
  • Dersom eigenandel ikkje er betalt, må pasienten legge ut for dette. Det må komme fram i fakturaen frå drosjen dersom pasienten betaler eigenandel i samband med reisa.
  • Ved små turar som ikkje overstig eigenandelen, så må pasienten sjølv betale desse fram til eigenandelen er nådd. Pasienten/pårørande må samle opp kvitteringar og fylle ut reiserefusjonsskjema til eigenandelen er nådd. Om dei då legg ut for beløp over eigenandel vil dei få tilbakebetalt dette ved å fylle ut elektronisk reiserefusjonsskjema eller utdelt reiserefusjonsskjema på papir frå tannklinikken.

Når det blir bygd nye sjukeheim/institusjonar i kommunane, ønsker Vestland tannhelseteneste at det blir stilt lokale tilgjengeleg for gjennomføring av enkle tannhelsetenester for dei som bur på institusjonen.

Vestland tannhelseteneste har fått til ein slik avtale med Bergen kommune (pdf) og har ønske om å få avtale med fleire kommunar når det blir bygd nye institusjonar.

Ta kontakt med Jens Harald Garden for meir informasjon.  

Kontaktinformasjon 

Fylkestannlege, stabsleiar og områdeleiar

Klinikkar i Vestland tannhelseteneste

Her finn du kart over alle tannklinikkane, fordelt på tannhelseområda i Vestland tannhelseteneste. 

Nord tannhelseområde (pdf)
Vest tannhelseområde (pdf)
Sentrum tannhelseområde (pdf)
Søraust tannhelseområde (pdf)
TkVestland (pdf)

Beredskapsgruppe - tannhelsetenesta 

Her finn du kontaktinformasjon til beredskapsgruppa.

Folkehelsegruppe i Vestland tannhelseteneste

Her finn du kontaktinformasjon til folkehelsegruppa.

Ressursgruppe barnevern i Vestland tannhelseteneste

Her finn du kontaktinformasjon til ressursgruppe barnevern.