Innsyn i pasientjournalen din
Som pasient har du rett til innsyn i eigen pasientjournal, og kan be om å få journalutskrift.
Kven kan be om innsyn?
Pasient eller verje/føresette kan be om innsyn i journal.
Føresette til barn under 16 år har med nokre unntak, rett til innsyn i barnet sin journal, og til å få journalutskrift.
Over 16 år
Føresette har som hovudregel ikkje rett på innsyn/kopi av journal for barn over 16 år.
Pårørande
Pårørande som ønsker utskrift må legge fram fullmakt frå pasienten sjølv, eventuelt hjelpeverje, og vise legitimasjon.
Næraste pårørande har rett til innsyn i journal etter ein pasient sin død, om ikkje særlege grunnar talar mot dette.
Slik får du innsyn i journalen din
Digitalt skjema for innsyn i din journal finn du her.
Svar på innsynskravet blir sendt til din digitale postkasse. Om du ikkje opnar sendinga innan 2-3 dagar, blir den skrive ut og sendt til deg i posten.
Les meir om digital postkasse her.
Du kan også ta kontakt med tannklinikken for å få innsyn i din journal.
Vi gjer merksam på at det ikkje er sikkert at din tannjournal er bevart, då klinikkane tidlegare hadde lov til å makulere journalar som ikkje lenger var i bruk.