Brukarundersøking i Vestland tannhelseteneste 2026

I heile februar vil Vestland tannhelseteneste foreta ei undersøking om pasientane si oppleving av besøket på tannklinikken.

Alle pasientar som har time ved våre tannklinikkar i februar, vil få ein SMS med lenke til ei brukarundersøking. Lenka vil kome om lag to timar etter oppsett time på tannklinikken.

Vi set stor pris på at du deler dine erfaringar med oss. Tilbakemeldingane er anonyme og bidreg til å gjere tenesta enda betre. 

Brukarundersøkinga er tigjengeleg på følgande språk: 

  • norsk
  • engelsk
  • arabisk
  • ukrainsk og 
  • russisk 

Det tar berre nokre få minutt å svare på brukarundersøkinga. 

Om du ikkje ønsker å få SMS om brukarundersøkinga, kan du gje beskjed til tannhelsepersonalet. 

Takk for hjelpa!