Kommunal næringsstruktur og unge sine tankar om framtidig busetting
Vestland fylkeskommune har våren 2022 hatt ein praksisstudent frå bachelorprogram i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen. Ho har fordjupa seg i ungdataundersøkinga, og ved bruk av data frå undersøkinga og Pandamodellen finn ho klare samanhengar mellom kommunal næringsstruktur og unge sin vilje til å busetje seg i heimkommunen.
Marianne Lomheim Tang er bachelorstudent ved Universitetet i Bergen og har våren 2022 hatt praksisplass i avdeling for strategisk utvikling og digitalisering, seksjon for statistikk kart og analyse. Etter avtale med Ungdatasenteret ved NOVA/Oslo Met, har vi fått tilgang til anonymiserte individdata frå ungdataundersøkinga som blei gjort i Vestland våren 2021. Marianne har analysert data frå ungdataundersøkinga, med utgangspunkt i teori om identitet og bustadattraktivitet. For å måle næringsstruktur har ho nytta Herfindalindeksen frå Pandamodellen.
Regjeringa ønskjer vekst i heile landet med levande lokalsamfunn (NOU 2020:12). Vekstkraftige næringsliv og robuste demografiske strukturar er sentralt for å oppnå målet om berekraftige lokalsamfunn i heile landet. Befolkningsutviklinga i distrikta har derimot vore lav dei siste 20 åra, der trenden viser at fleire vel å busetje seg i sentrale strøk. Vestland er ikkje noko unntak, der utviklinga viser at distriktsungdom i større grad enn tidlegare vel å etablere seg i dei mest sentrale kommunane i fylket.
Viktige funn
I denne rapporten har Marianne undersøkt kor vidt kommunal næringsstruktur har påverknad på unge i Vestland sitt ønskje om å busetje seg i sin heimkommune når dei blir vaksne. Vidare ser ho på kor vidt dette kan sjåast i samanheng med kva tankar dei unge gjer seg om utdanning, og deira optimisme for framtida. For å undersøkje dette er det brukt data frå Ungadata 2021 og Herfindalindeksen frå Pandamodellen. Ved bruk av Herfingdalindeksen har Marianne delt kommunane i Vestland inn i tre kategoriar basert på grad av variert næringsstruktur:
- Variert næringsstruktur – 25% lågast indeks
- Noko einsidig næringsstruktur – 50% i midten
- Einsidig næringsstruktur – 25% høgast indeks
I analysearbeidet har ho kategorisert funn frå ungdataundersøkinga etter dei ulike næringsstrukturane i heimkommunane til respondentane. Tabellen under viser variablane som er brukt.
Variabel |
Spørsmål i ungdata |
Verdi |
Busetting | Kan du tenkje deg å bu i kommunen når du blir vaksen? | Dei som har svara "Ja" av ungdomsskuleelevane i kommunen |
Yrkesfag | Trur du at du vil komme til å begynne på yrkesfag på vidaregåande? | Dei som har svara "Ja" av ungdomsskuleelevane i kommunen |
Fullføre vgs. | Trur du at du vil komme til å fullføre vidaregåande skule? | Dei som har svara "Ja" av ungdomsskuleelevane i kommunen |
Høgare utd. | Trur du at du vil komme til å ta utdanning på universitet eller høgskule? | Dei som har svara "Ja" av ungdomsskuleelevane i kommunen |
Arbeidsledig | Trur du at du nokon gang vil bli arbeidsledig? | Dei som har svara "Ja" av ungdomsskuleelevane i kommunen |
Lykke | Trur du at du vil komme til å få eit godt og lykkelig liv? | Dei som har svara "Ja" av ungdomsskuleelevane i kommunen |
Foreldre utan høgare utd. | Har dine foreldre/føresette utdanning frå universitet eller høgskule? | Dei som har svara "Nei" av ungdomsskuleelevane i kommunen |
Tabell 1: Variablane brukt frå ungdata 2021
Funna i analysen viser at det er ein signifikant lågare del unge som ønskjer å busetje seg i kommunar med einsidig næringsstruktur når dei blir vaksne. Tankar om utdanning, arbeidsmarknad, trivsel og framtidsoptimisme synes å vere viktige faktorar for unge sine framtidsplanar.
Blant unge i kommunar med einsidig næringsstruktur, ser vi at ein høgare del av dei som ser for seg å ta yrkesfagleg utdanning er positive til å busetje seg i heimkommunen, enn dei som ser for seg å ta høgare utdanning. Dette kan ha samanheng med at arbeidsmarknaden i kommunar med einsidig næringsstruktur i større grad etterspør yrkesfagleg utdanning, og i mindre grad etterspør høgare utdanning, enn kommunar med variert næringsstruktur. Som ein konsekvens av dette ser ein at distriktsungdom i aukande grad buset seg i andre byar og tettstadar, dersom heimkommunen ikkje tilbyr dei jobbane dei ønskjer seg.
Vidare ser ein at unge i kommunar med einsidig næringsstruktur er mindre optimistiske for framtida, både med tanke på risiko for arbeidsledigheit og i trua på om dei kjem til å få eit godt og lukkeleg liv.
Det å få innblikk i unge sine tankar allereie frå ein tidleg alder er såleis viktig for å forstå deira val seinare i livet, og for å kartleggje kva faktorar som spelar inn på kvar dei ønskjer å busetje seg i framtida.