Oppvekstbarometer Vestland 2024
Oversikt over resultata i oppvekstbarometeret for alle dei 43 kommunane i Vestland og bydelane i Bergen.
(Trykk på pila for å utvide.)
Folkehelseinstituttet publiserte oppvekstprofilar (Lenke til FHI sin nettsid) for kommunar og bydelar april 2024.
Tema for profilane i år er vennskap og fellesskap. Indikatorane er valde med tanke på å fremje oppvekstmiljøet for barn og unge, og viser data som skildrar befolkning, levekår, barnehage og skule, fritid og nærmiljø, samt helse og helseåtferd.
Vestland fylkeskommune laga ei samla oversikt over resultata i oppvekstbarometeret for alle dei 43 kommunane i fylket, og for bydelane i Bergen:
- Oppvekstbarometeret 2024 (PowerBI)
- Oppvekstbarometeret 2023 (PowerBI)
- Oppvekstbarometeret 2022 (PowerBI)
- Oppvekstbarometeret 2020 (PowerBI)
Oversikt over kommunar og bydelar
Oppvekstbarometeret er eit nyttig verktøy for å raskt å få overblikk over oppvekstsituasjonen i kommunane og fylket. I karta kan du sjå om bydelane og kommunane skil seg signifikant frå landssnittet. Du kan òg sjå tala bak og utvikling for kvar bydel/kommune/fylke med få tastetrykk.
Ver merksam på at også «grøne» verdiar kan innebere viktige utfordringar for kommunane, for landsnivået representerer ikkje alltid eit ønska nivå.
For meir detaljerte analysar bør du lese dei enkelte oppvekstprofilane og supplere med annan informasjon.
Last ned oppvekstprofilane for dei enkelte kommunane (Lenke til FHI sin nettside)
Alle indikatorane med utfyllande informasjon finns i FHI sin statistikkbank (Lenke til Kommunehelsa statistikkbank).