Stortingsval i Vestland
Måndag 8. september 2025 er det val til Stortinget i dei to valdistrikta i Vestland: Sogn og Fjordane og Hordaland. Fristen for å levere listeforslag er 31. mars kl. 12.00.
Det skal veljast så mange representantar frå kvart valdistrikt:
- Sogn og Fjordane: 4 representantar
- Hordaland: 16 representantar
Frist for å levere listeforslag
Alle forslag må vere tatt imot av fylkeskommunen innan måndag 31. mars kl. 12.00.
Levere listeforslag elektronisk
For å gjere det enkelt å levere inn listeforslag, er det utvikla ei elektronisk løysing for dette som gjer prosessen enkel. Her kan du opprette listeforslag, samle inn underskrifter og levere listeforslaget til både fylkestings-, kommunestyre- og stortingsval.
Lever listeforslag elektronisk på valg.no
Lever listeforslag på papir
Du kan også levere listeforslag på papir, men den elektroniske løysinga følgjer same regelverk og fungerer på tilsvarande måte som papirløysinga. Listeforslag på papir kan leverast på Vestlandshuset i Bergen eller på fylkeshuset på Hermansverk.
Avtal gjerne tid for slik levering på førehand. Du kan gjere dette ved å sende ein e-post til toralf.rutledal@vlfk.no.
Publisering av listeforslag
Listeforslaga vert publiserte på denne nettsida for offentleg ettersyn så snart dei er mottekne av fylkeskommunen.
Lister kan kallast tilbake heilt fram til dei er godkjende av distriktsvalstyret.
Godkjenning innan 1. juni
Distriktsvalstyret skal godkjenne listene innan 1. juni, og dei godkjende listene blir lagt ut her så snart godkjenningsvedtaket er gjort.
Listeforslag til stortingsvalet 2025
Listeforslaga blir publiserte så snart dei er mottekne av fylkeskommunen.
Listeforslag frå Hordaland
- Listeforslag frå Alliansen – Alternativ for Norge, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Arbeiderpartiet, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Framstegspartiet, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Fred og rettferdighet, Hordland (pdf)
- Listeforslag frå Generasjonspartiet, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Høgre, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Industri- og næringspartiet, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Konservativt, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Kristeleg folkeparti, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Miljøpartiet Dei Grøne, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Norgesdemokratene, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Partiet DNI, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Partiet Sentrum, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Pensjonistpartiet, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Raudt, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Senterpartiet, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Sosialistisk Venstreparti, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Velferd og Innovasjonspartiet, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Venstre, Hordaland (pdf)
- Listeforslag frå Vårt nye Norge, Hordaland (pdf)
Listeforslag frå Sogn og Fjordane
- Listeforslag frå Alliansen – Alternativ for Norge, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Arbeidarpartiet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Framstegspartiet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Fred og Rettferdighet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Generasjonspartiet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Høgre, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Industri- og næringspartiet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Konservativt, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Kristeleg folkeparti, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Miljøpartiet Dei Grøne, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Norgesdemokratene, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Norges kommunistiske parti, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Partiet DNI, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Partiet Sentrum, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Pensjonistpartiet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Raudt, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listerforslag frå Senterpartiet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå SV, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Velferd og Innovasjonspartiet, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Venstre, Sogn og Fjordane (pdf)
- Listeforslag frå Vårt Nye Norge, Sogn og Fjordane (pdf)