Skulevalet 2025

På denne sida finn de informasjon om skulevalet 2025.

Føremålet med politisk skuleval er å lære ungdommane om demokratiet. Det er òg eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med å auke den politiske kompetansen og interessa blant dei unge.

Resultat frå skulevalet 2023 finn du på  SIKT - skolevalgresultater 

Utdanningsdirektoratet (Udir) sine anbefalingar for gjennomføring av skuledebatt, valtorg og skuleval til dei vidaregåande skulane finn du her: Skolevalget 2025: Til fylkeskommunene og videregående skoler 

Udir skriv at skuleeigar og skular bør ha ein beredskap for trygg gjennomføring av skulevalet. Meir info her: Beredskap ved skolevalg

Dei politiske ungdomspartia gjennomfører debattar og valtorg ved alle dei vidaregåande skulane i Vestland.

Køyreplan med tidspunkt for debatt og valtorg vil bli publisert her i april 2025. 

Tilrådinga frå UDIR er at tema for debatten bør vere bestemt av ungdom (elevar, elevråd, Elevorganisasjonen). 

Skulane vil bli bedt om å melde inn tema til debatt i mai 2025, desse vil bli oppsummert og presentert for dei politiske ungdomspartia. Dei same hovudtema vil gjelde på alle debattar i Vestland fylkeskommune. Vi rår skulane til å unngå altfor lokalspesifikke spørsmål i debatten, bruk gjerne valtorget til meir konkrete og lokale spørsmål. 

Skjema for innmelding av tema til debatt finn du her.

Kurs i debattleiing

LNU (Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar) vil halde digitalt kurs i debattleiing mandag 26. og onsdag 28. mai, to halve dagar. 

Skulane bør delta med elevane som skal leie skuledebattane hausten 2025, i tillegg til lærar eller kontaktperson for skulevalet. 

Gjennomføring av debatt

Her finn du mal for namneskilt til debattantane, med partiet sitt namn og logo: Nynorsk og bokmål.

Skriv fornamnet til debattantane tydeleg med blokkbokstavar. 

Denne fana vil bli oppdatert i løpet av 2025. Ressursane frå 2023 er linka under, med atterhald om at nokre linker kan vere utdaterte. 

Skulane vil få tilsendt røystesetlar i starten/midten av august.