Vestlandsrådet
Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal.
Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet
- koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen
- fremme politiske saker av felles interesse
- aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka
- skape samhandlingsarenaer på Vestlandet
- ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene
- støtte tiltak som fremjar felles identitet og kultur
- ha ei aktiv rolle i å koordinere saker relaterte til Nordsjøregionen, som har betydning for Vestlandet
Eit slikt utviklingsorientert, fagleg og politisk samarbeid skal styrke Vestlandsregionen både nasjonalt og internasjonalt.
To satsingsområde
- Verdiskaping og sysselsetting
- Samferdsel og kommunikasjon
Medlemmar
Vestlandsrådet har 18 medlemmer, seks frå kvart fylke. Representantane er valde av og blant medlemmane i fylkestinget.
Fylkesordførar og fylkesvaraordførar skal vere medlemar av rådet. Leiinga av Vestlandsrådet går på omgang blant fylkesordførarane med intervall på eitt år. Møre og Romsdal fylkeskommune har leiinga av Vestlandsrådet i 2024, og leiaren av rådet er fylkesordførar Anders Riise.
Representantar frå Vestland fylkeskommune 2023–2027
- Jon Askeland (Sp)
- Stian Davies (Ap)
- Nils-Anders Nøttseter (MDG)
- Silje Ekeland Bjørkly (H)
- Sigbjørn Framnes (FrP)
- Bente Spissøy (uavhengig)