Hovudutval for næring

Utvalet skal ha eit overordna ansvar for berekraftig omstilling i næringslivet, grøn vekst og nyskaping i nærings- og arbeidsliv.

Utvalet skal arbeide for skaping av arbeidsplassar og sysselsetting i heile Vestland fylke og for verdiskaping og sysselsetting både i byar, regionar og lokalsamfunn. Utvalet skal fremje utvikling av naturressursane, både i havet og på land, deriblant landbruk og reiseliv som drivarar i utvikling av sterke distrikt.

Utvalet skal vere ein pådrivar for innovasjon, entreprenørskap og næringsutvikling, ut frå kunnskap og forsking. Kunnskap, rett kompetanse og teknologiutvikling må sjåast i samanheng med behovet for utvikling av eksisterande næringsverksemder, samt trong for omstilling til nye næringsvegar.

Utvalet har 15 medlemmar.

Portrettfoto av Sigrid Brattabø Handegard

Sigrid Brattabø Handegard

leiar hovudutval for næring