Høyring og offentleg ettersyn: Utviklingsplan for Vestland 2024–2028
Heile fylket sin samfunnsutviklingsplan er på høyring! Korleis skal vi saman nå måla og møte utfordringane for fylket framover, med berekraftsarbeid og samarbeid som ein raud tråd? Gje ditt innspel til ny regional planstrategi.
Ope informasjonsmøte
Torsdag 20. juni arrangerte vi digitalt informasjonsmøte om vår neste utviklingsplan. Sjå opptak av møte her.
Frist for høyring og ettersyn
Frist for innspel til forslaget til Utviklingsplan for Vestland 2024–2028:
- 16. september 2024
Du gjev fråsegn i digitalt skjema. Høyringsinnspela blir tatt med i arbeidet fram mot endeleg utviklingsplan, som blir vedtatt i fylkestinget i desember 2024. Innkomne fråsegn vil bli gjort offentlege.
Vi vil ha dine innspel
For å få ein utviklingsplan som treff heile fylket er det viktig å få fram meiningsmangfaldet. Alle delar av vestlandssamfunnet må med om vi skal nå måla og utvikle Vestland i ei berekraftig retning.
Vi oppmodar kommunar, statlege organ, næringsliv, frivilligheit og alle som er interesserte i framtida til fylket vårt til å gje innspel. Vestland fylkeskommune er særleg opptekne av å involvere unge sine stemmer.
Kva ønskjer vi dykkar syn på?
Vi vil ha innspel og kommentarar til prosessen, satsingsområda og måla i planforslaget. Eit breitt bakgrunnsmateriale ligg i kunnskapsgrunnlaget til utviklingsplanen på desse nettsidene. Det er og forslag om å arbeide fram to nye regionale planar.
- Har vi klart å løfte fram dei viktigaste utfordringane og moglegheitene for fylket vårt?
- Er måla og strategiane riktige for å møte utfordringsbildet?
- Er dei to nye overordna regionale planane dei rette for ønska samfunnsutvikling, og kven bør involverast i arbeidet med dese?
Om Utviklingsplan for Vestland–regional planstrategi
I Vestland kallar vi planstrategien vår for ein utviklingsplan. Det er fordi han skal stake ut ein tydeleg kurs for samfunnsutviklinga og bidra til å samordne offentleg sektor sin innsats. Utviklingsplanen blir også ein plan for planane innan samfunnsutvikling. Vestland fylkeskommune ønskjer at det skal vere motiverande og lett for alle å bidra i planlegging og samfunnsutvikling.
Utviklingsplanen baserer seg på eit grundig kunnskapsgrunnlag som er oppsummert i utfordringsnotatet, og er bygd rundt FNs berekraftsmål. Planen tek stilling til kva mål som er viktige for Vestland i denne politiske fireårsperioden, og kva strategiar som kan hjelpe oss å nå dei. Som grunnlag gjer den greie for hovudutfordringane våre framover, og kva moglegheiter vi kan ta tak i.
Utviklingsplanen vert lagt til grunn for både satsingar og verkemiddel i fylkeskommunen og for statleg og regional planlegging.
Kvifor ein utviklingsplan?
Plan- og bygningslova seier at fylkestinget minst ein gong i kvar valperiode skal vedta ein regional planstrategi. Planstrategien skal sendast til høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Når den er vedteke, skal både kommunane og statlege og regionale organ leggje den til grunn for planlegginga si. Sjå plan og bygningslova.
Vidare handsaming
Alle innkomne merknadar til høyringa vil skape grunnlag for vidare arbeid med utviklingsplanen.
Fylkestinget skal vedta utviklingsplanen i desember 2024.