Høyring: Temaplan for privatarkiv i Vestland 2025

Temaplan for privatarkiv er no lagt ut på open høyring. Kommunar, organisasjonar, institusjonar og andre interesserte kan sende uttale om planen innan 16. april.

Vi ønskjer i høyringsskjemaet innspel til ulike delar av planen, og også forslag til kva dei ulike aktørane på feltet kan bidra med for å realisere planen. 

Kva er temaplan for privatarkiv?

Temaplan for privatarkiv i Vestland 2025 er ein overordna og strategisk plan for privatarkivarbeidet i Vestland dei neste fire åra. Planen skal sikre at privatarkiva bidreg til ein samla samfunnsdokumentasjon.

Privatarkivtilfanget skal vere representativt og tilgjengeleg for innbyggjarane, og trygging av samfunnsdokumentasjonen er ei evig oppgåve. Både samtida og fortida skal finnast i arkiva.

Kunnskapsgrunnlag

Temaplanen bygger på eit omfattande kunnskapsgrunnlag. Det arkivfaglege kunnskapsgrunnlaget er ein bevaringsanalyse utforma som eit eige dokument, ein bevaringsplan for privatarkiv. Bevaringsanalysen er ikkje del av temaplanen, men ein reiskap for å identifisere hol i den bevarte samfunnsdokumentasjonen. Her har vi analysert kva privatarkiv som har blitt samla inn i Vestland og vurdert det opp mot viktige utviklingstrekk og sentrale samfunnsaktørar i fylket dei siste 150 åra.

Leiande region for privatarkiv

Gjennom samordna innsats og eit breitt og utviklande samarbeid mellom bevaringsinstitusjonane, skal Vestland vere ein leiande region for vern av privatarkiv. Temaplanen viser veg og retning dei neste fire åra for alle som arbeider med vern av privatarkiv i Vestland.

Prosess

Ei referansegruppe har kome med råd og innspel i planprosessen. Gruppa har hatt representantar frå Kraftmuseet, Universitetsbiblioteket i Bergen/Skeivt arkiv, Museum Vest, IKA Hordaland og ArkiVest.

Fylkesutvalet vedtok å leggje temaplanen for privatarkiv i Vestland 2025 ut på offentleg høyring i møtet 5. mars 2025.

Fylkestinget skal vedta endeleg temaplan i juni 2025.