Høyring: Strategi for rekruttering av personell i helse- og velferdsyrka
No kan du seie di mening om strategi for rekruttering av personell i helse- og velferdsyrka.
Fylkestinget vedtok 1.oktober 2024 å utarbeide ein strategi for å auke rekrutteringa til helse- og velferdsyrke. 17. juni 2025 vedtok fylkestinget å sende forslaget på ei open høyring.
Kvifor kjem strategien?
Det er mangel på helse- og velferdspersonell i kommunar og helseføretak, både no og i åra som kjem. Strategien peikar på korleis vi kan rekruttere og halde på fleire fagfolk.
Hovudpunkta i strategien
- Vestland fylkeskommune skal gi god og oppdatert rettleiing om utdannings- og karrieremoglegheiter.
Alle, både unge og vaksne, bygger valkompetanse, styrker karrierekompetanse og får forståing for kva utdannings- og karrieremoglegheiter som finst.
- Vestland fylkeskommune skal tilby desentraliserte og fleksible opplæringsmoglegheiter.
Det skal vere opplæringsmoglegheiter frå vidaregåande opplæring til universitetsnivå tilgjengeleg i fylket.
- Vestland fylkeskommune skal sikre at lærarar har god og oppdatert kompetanse.
God og oppdatert kompetanse gir betre opplæring for elevar, både unge og vaksne, og gjer dei betre rusta for arbeidslivet.
- Vestland fylkeskommune skal legge til rette for samarbeid, erfaringsutveksling og kompetanseheving.
Vi legg til rette for koordinering, møteplassar, erfaringsdeling og kompetanseheving mellom aktørane i helse- og velferdssektoren.
Gi dine innspel
Høyringa er open. Det betyr at alle som ønsker kan komme med innspel.
Vi ønsker innspel til sjølve hovudpunkta i strategien. Det er også nyttig viss ein har forslag til tiltak for å auke tal læreplassar og forslag til korleis ein kan samarbeide om å betre rekrutteringa.
Frist for å sende inn innspel er 10. oktober 2025.