Høyring: Regional føresegn for handel for tidlegare Hordaland

Endring og forlenging av Regional føresegn for handel for tidlegare Hordaland er til høyring og offentleg ettersyn.

Frist for høyring og ettersyn

Frist for innspel til forslaget til endring og forlenging av Regional føresegn for handel:

  • 1. november 2024

Du gjev fråsegn i digitalt skjemaInnkomne fråsegn vil bli gjort offentleg tilgjengelege.

Forslag til endring

Den regionale føresegna for handel for tidlegare Hordaland fylke er heimla i regional plan for attraktive senter i Hordaland, og gjeld i 10 år frå 10.12.2104. Det betyr at føresegna ikkje har gyldigheit frå og med 10.12.2024 om den ikkje vert forlenga eller erstatta av ny, regional plan og ny handelsføresegn. Difor vedtok fylkesutvalet å sende utkast til revidert, regional føresegn for handel og forlenging av denne på høyring. Sjå vedtak i PS 152/23, 7. juni 2023.

Foreslått spesifisering i regional handelsføresegn slik han vart definert av fylkesutvalet: 

Ordlyden i føresegna vert endra slik at krav om samtykke til handelsetablering berre gjeld utanfor definerte senterområde i kommuneplanen, eller reguleringsplan for sentrum.

Fylkeskommunen foreslår at gjeldande handelsføresegn vert ståande, og supplert med følgande formulering: Krav om samtykke til handelsetablering berre gjeld utanfor definerte senterområde i kommuneplanen, eller reguleringsplan for sentrumsområde. Føresegna vil elles vere lik som i dag.

Kunnskapsgrunnlag 

Vestland fylkeskommune har fått på plass eit kunnskapsgrunnlag for regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsenter som fylkesutvalet 25.10.2023 tok til vitande.

nettsida til Regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsenter finn du lenke til kunnskapsgrunnlaget med kortversjon i StoryMaps.

Kunnskapsgrunnlaget har avdekka nokre område der det trengs meir kunnskap, særskilt innan tema bustadpolitikk, handel og born og unge, men kvart kapittel oppsummerast med nokre råd og forventningar til regional politikk. Fylkesutvalet vedtok at kunnskapsgrunnlaget skal brukast som grunnlag til utviklingsplanen, og evt. nye regionale planar som skal utarbeidast i samsvar med den. Det kan óg vere nyttig i arbeid med kommuneplanens arealdel og andre arealplanar.

Regionale føresegner for arealbruk


4.1 Nytt bruksareal for detaljhandel er berre tillatt i fylkessenter, regionsenter, kommunesenter, bydelssenter og lokalsenter definert i Regional plan for attraktive senter eller i kommuneplan.

Nytt bruksareal for detaljhandel skal vere innanfor sentrumsutstrekninga definert i kommunal plan. Der det ikkje er fastsett ei sentrumsutstrekning i kommunal plan, gjeld retningsliner for arealplanar i sentrumsområde pkt. 2.3 i denne planen.

Dersom nytt eller samla bruksareal for detaljhandel i reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve/rammeløyve overstig 3.000 m2
krevst det samtykke frå fylkeskommunen. Tiltaket skal vere i samsvar med hovudmål i Regional plan for attraktive senter. Samla bruksareal for detaljhandel i sentrum skal vere i samsvar med senteret sitt nivå i senterstrukturen og det omlandet som er definert i regional plan eller i kommuneplan vedtatt etter 10.12.2014. Det blir kravd handelsanalyse for å vurdere samtykke.

Det gjeld unntak for:
- Ny eller utvida detaljhandel med opptil 3.000 m2 samla bruksareal lokalisert i bustadkonsentrasjonar eller i nærsenter.
- Ny detaljhandel kor vareutvalet i hovudsak er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarar, samt utsal frå hagesenter og større planteskula