Høyring: Planprogram og hovudutfordringar for oppdatert vassforvaltningsplan 2028–2033

Vil du bidra til å betre vassmiljøet i Vestland? Gi dine innspel!

Vassforvaltningsplanen skal oppdaterast for planperioden 2028-2033. Det betyr at eit planprogram og dokument om dei viktigaste utfordringane for vassmiljøet i Vestland er på høyring. Sei di meining innan 30. juni 2025.

Det er den gjeldande vassforvaltningsplanen for 2022-2027 som skal oppdaterast for planperioden 2028-2033. Formålet til planen er å sikre ei heilskapleg og samordna forvalting av vassmiljøet, der alle sektorstyresmakter (statlege, regionale og kommunale) bidreg for å oppnå målet om god miljøtilstand i alt vatn.

Planprogram

Planprogrammet legg premissane for arbeidet med ny regional plan for vassforvalting med tiltaksprogram og handlingsprogram, samt framdriftsplan.

Hovudutfordringar i Vestland

Dokumentet Hovudutfordringar i Vestland inneheld oppdatert oversikt over miljøtilstand, påverknader og status for gjennomføring av tiltak for å nå miljømåla. Kunnskapsgrunnlaget slik det ligg i databasen Vann-nett er summert opp i dokumentet. Ei felles forståing av kva som er dei viktigaste utfordringane vil gi et godt grunnlag for vidare samarbeid om forvaltingsplanen og tiltaksprogrammet.

Dokumenta er utarbeid i samarbeid med Vestland vassregionutval.

Forslag til planprogram og førebels oversikt over hovudutfordringar i vassregionen er lagt ut til offentleg høyring og ettersyn.

Frist for høyring og ettersyn

Det er to dokument som er på høyring:

  • Planprogram for oppdatering av vassforvaltningsplanen for Vestland 2028-2033
  • Hovudutfordringar i Vestland vassregion

Frist for innspel til dokumenta er 30. juni 2025.

Det er lagt opp til vedtak av planprogrammet og hovudutfordringar i Vestland vassregion hausten 2025.

Vi vil ha dine innspel

For å få ein vassforvaltningsplan som tek tak i utfordringane for vassmiljøet i Vestland er det viktig å få fram meiningsmangfaldet for korleis betre og beskytte miljøtilstanden i elvar, innsjøar, grunnvatnet og sjøområda.

Vi oppmodar kommunar, statlege organ, frivilligheit, organisasjonar, næringsliv og alle andre som har interesse for vassmiljø til å bidra med innspel, slik at vi kan få ein endå betre plan for korleis vi skal nå miljømåla for vatn til glede og nytte for heile samfunnet.

Forslag til plandokument vert jobba fram i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar.

Kva ønskjer vi dykkar syn på? 

Vi ønsker oss innspel og kommentarar til forslag til planprosessen og førebels kunnskapsgrunnlag som peiker ut hovudutfordringar for vassregionen:

  • prosess
  • organisering
  • medverkingsopplegg
  • hovudutfordringar i vassregionen

Vi har lista opp nokre høyringsspørsmål som vi særskilt ønsker innspel på. Kom gjerne og med andre innspel enn dei som er lista opp.

 

Vi ønsker innspel på om vassregionen er godt organisert i dag eller om nokon har 
forslag til endringar.

Vi ønskjer særleg svar på følgjande spørsmål ved høyring av planprogrammet:

  1. Er det tydeleg når og korleis ulike styresmakter skal delta i arbeidet?
  2. Er det viktige tema eller utgreiingar som manglar i planprogrammet?
  3. Har de forslag til forbetringar av planprogrammet? 
  4. Er det behov for å endre planretningslinjene (sjå kap. 3.5)?
  5. Har du forslag til organisering av vassregionen (sjå kap. 7)?
    a. Korleis bør kommunane vere representert i vassregionutvalet og i vassområdeutvala (politisk/administrativt)?
    b. Er det behov for eit arbeidsutval under Vestland vassregionutval? I dag er det etablert mindre funksjonelle administrative arbeidsgrupper i staden for eit arbeidsutval.
    c. Er Vestland vassregionutval godt samansett? Bør vi t.d. ha ei samanblanding av politiske og administrative representantar i vassregionutvalet slik som no eller er det behov for å gjere endringar?

  6. Er det behov for å justere grensene for vassområda eller å slå enkelte vassområde saman t.d. slik at heile fjordområde med tilhøyrande nedbørsfelt inngår i same vassområde?
  7. Korleis bør vi leggje til rette for medverknad frå frivillig sektor og interessentar i planprosessen?
  8. Har du viktige innspel til det føreslegne programmet for utgreiing av konsekvensar for miljø og samfunn (KU) (kap. 8)?
  9. Har du eller din organisasjon innspel om tema som bør få auka merksemd, bør vurderast og/eller utgreiast i arbeidet?

Spørsmål vi særleg ønskjer svar på i høyringa:

  1. Er miljøtilstand og påverknader korrekt beskrivne? Finst det data hos 
    sektorstyresmakter eller lokal/erfaringsbasert kunnskap som kan bidra til ei endå betre beskriving?
  2. Er alle viktige interesser ivaretekne? Er det interesser av betydning som 
    ikkje blir nemnde?
  3. Har du eller din organisasjon/bedrift/styresmakt innspel til prioriteringar 
    eller andre moment til det vidare planarbeidet?
  4. Er dei nødvendige verkemidla som trengst for å gjennomføre tiltaka på 
    plass?

Planen bygger på vassdirektivet til EU som vert gjennomført i heile Europa. I tråd med vassforskrifta set dei regionale vassforvaltningsplanane miljømål for alt vatn, både elvar, innsjøar, kystvann og grunnvatn. Miljømåla skal sikre eit heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet og er skildra som miljøtilstanden som skal verte nådd i planperioden.

Vassforvaltningsplanen set miljømål for vassførekomstane, tiltaksprogrammet skisserer tiltak for å nå miljømåla, og handlingsprogrammet koordinerer prosessen med å nå miljømåla. Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar er gjennom planen plikta til å legge miljømåla til grunn for deira planlegging og verksemd. Planen skal etter vedtak i fylkesting sendast over til Klima- og miljødepartementet for godkjenning.