Høyring: Namn på ny vidaregåande skule i Bjørnafjorden kommune

Vi slår saman Os Gymnas og Os vidaregåande skule til ein ny skule frå hausten 2026. Fylkesutvalet foreslår namnet Os vidaregåande skule. No ønskjer vi innspel til forslaget.

Fylkestinget vedtok 1. oktober 2024 å slå saman skulane Os gymnas og Os vidaregåande skule til ein skule med verknad frå hausten 2026. Når to skular blir slått saman til ein ny skule, skal det lagast eit nytt namn på den nye skulen.

Forslag til namn

Fylkesutvalet sitt forslag som blir sendt på høyring er: Os vidaregåande skule.

Retningslinjer for namnesetjing

Fylkestinget har vedteke retningslinjer for namn på vidaregåande skular basert på stadnamnlova. Hovudregelen er å bruke lokale stadnamn.

Kvifor ikkje kommunenamnet?

Etter samanslåinga vil Bjørnafjorden kommune ha to vidaregåande skular: Fusa vidaregåande skule og den nye skulen. For å unngå forveksling har fylkesutvalet difor ikkje foreslått kommunenamnet som skulenamn.

Gi dine innspel

Send innspelet ditt via skjemaet på denne sida.

Frist for å sende inn innspel er 5. november 2025.