Korleis skal skuletilbodet i Vestland vere?
Fylkestinget vedtok heilskapleg plan for tilbodsstruktur for vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune 1. oktober 2024.
Vedtaket frå fylkestinget er no ute i saksprotokollen på sak PS 102/2024 Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane 2025–2035.
Vi har laga ei regionvis oversikt over kva endringar i tilbodsstrukturen fylkestinget vedtok. Oversikta tek utgangspunkt i opplæringstilbodet i hovudutlysinga for skuleåret 2024/25.
Oversikt over endringane i tilbodsstrukturen som fylkestinget vedtok 1. oktober (pdf).
Du kan også lese om vedtaket i fylkestinget i nyheitssaka Slik blir tilbodet ved dei vidaregåande skulane.
Under finn du informasjon om prosessen og alle høyringsinnspela som har kome inn.
Politisk behandling
Forslag til plan for tilbodsstruktur vart handsama slik:
- Yrkesopplæringsnemnda 3. september
- Hovudutval for opplæring og kompetanse 16. september
- Fylkesutvalet 19. september 2024
- Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 27. september 2024
- Fylkestinget vedtok saka om tilbodsstrukturen i møtet 1. og 2. oktober 2024
Politisk møtekalender for Vestland fylkeskommune – her finn du sakspapir til alle møta.
Nett-tv frå politiske møte i Vestland fylkeskommune – her ligg opptak av alle møta som er sende i nett-tv.
Kvifor ein ny plan for tilbodsstruktur?
Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk inn i Vestland med kvar sine skulebruksplanar. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013–2024 og skulebruksplan 2012-25 Hordaland fylkeskommune, med rullering av skulebruksplanen 2017–2030.
Sidan desse planane vart utarbeidde, har det skjedd mykje og fleire endringar kjem i åra framover. Blant anna har elevtalsutviklinga vore lågare enn forventa, det kjem ny opplæringslov frå 1. august 2024 og ein ser endringar i kompetansebehov, den demografiske utviklinga og det grøne skiftet.
Det er difor ønskeleg med ein samla plan for Vestland, og fylkesutvalet gav 4. januar i år fylkesdirektøren mandat til å lage ein ny heilskapleg plan for tilbodsstruktur i Vestland. Sidan då har ei arbeidsgruppe jobba med eit utkast til slik plan, og det er dette som no blir lagt ut til offentleg høyring.
Elevtalsutviklinga i Vestland
Vestland fylkeskommune har i skuleåret 2023–2024 om lag 19 000 elevar med ungdomsrett som har skuleplass ved dei offentlege vidaregåande skulane. Med dagens tilbodsstruktur er det svært mange ledige plassar. Både skuleåret 23/24 og 22/23 var det om lag 2500 ledige plassar. Det vil seie at fylkeskommunen tilbyr for mange elevplassar i fylket i forhold til tal elevar. Som det går fram av figur 1 under vil tal avgangselevar frå 10. klasse verte redusert med om lag 1000 i åra fram mot 2033.
1000 færre avgangselevar i 2033 vil i løpet av tre skuleår svare til om lag 2500 færre elevar i den vidaregåande skulen i 2035, det vil seie 1000 på vg1, 1000 på vg2 og 500 på vg3. Dette kjem i tillegg til dei ledige plassane som allereie eksisterer i dag. Dette vil då føre til ein auke i ledige plassar til 5000 utan endringar i dagens tilbodsstruktur. Med endringar i dette forslaget vil det vere omtrent 4300 ledige plassar.
Tilsvarande viser folketalsframskrivinga frå Statistisk sentralbyrå (hovudmodellen) at det vil vere flest 16–18 åringar i fylket i åra fram til 2027, før det vert ein nedgang mot 2035.
Figuren under viser at over 20 prosent av budsjettet til opplæring vil gå til ledige elevplassar når elevtalet går ned viss ein ikkje gjer endringar i tilbodsstrukturen.