Digdem - tilgang for presse og publikum
Gjennom publikumsløysinga til Digdem får presse og publikum tilgang til alle forslag til vedtak som blir lagde fram i løpet av politiske møte, så snart dei er fremja.
Alle medlemmar i eit politisk utval kan i løpet av eit møte leggje fram forslag til vedtak, som utvalet så tek stilling til og stemmer over. Slike forslag har fram til no berre vore tilgjengelege for publikum ved at politikarane har referert eller lese dei opp.
Frå 1. januar 2025 tek Vestland fylkeskommune i bruk publikumsløysinga til Digdem, som gjev publikum tilgang til dei skriftlege forslaga. Løysinga blir teken i bruk for fylkestinget, fylkesutvalet og dei fire hovudutvala.
Slik fungerer det
Du finn publikumsløysinga til Digdem på denne lenka.
Når du har funne møtet du er interessert i, går du inn på saklista. Forslag til vedtak finn du i kolonne nummer seks (den siste) i saklista. Når du trykkjer på det blå ikonet som symboliserer forslaga, får du opp forslaget/-a til vedtak (og det opphavlege forslaget til vedtak).
Dersom du lurer på noko, send ein e-post til politisk sekretariat i fylkeskommunen.