Hovudmål: Velferd og verdiskaping

Vestland er det leiande verdiskapingsfylket basert på naturgitte fortrinn.

Prosjektleiar for utviklingsplanen, Tina Kvammen Mjøs Sinclair, Vestland fylkeskommune, forklarer hovudmålet "Velferd og verdiskaping". 

Kva betyr hovudmålet velferd og verdiskaping?

Næringslivet i Vestland skal vere konkurransedyktig, mangfaldig og inkluderande, med nyskaping og grøne arbeidsplassar i heile fylket! 

Vi er eit stort eksportfylke. Samstundes som vi vidareutviklar det vi er gode på i meir berekraftig retning, skal vi tilrettelegge for nye næringar. Vestland skal også utforske og styrke eksportnæringar som reiseliv, helseindustri og kreative næringar. 

Vi skal utvikle Vestland til eit verdsleiande innovasjons- og vekstområde for eit berekraftig hav, på ein måte som gjev vekst og skaparkraft også i andre miljø og næringar.

Verdiskapinga er ein viktig premiss for å oppretthalde eit berekraftig  velferdssamfunn i bygd og by. Omstilling kan gjere lokale næringar endå viktigare som samfunnsbyggarar og verdiskaparar.

Natur- og klimakrisa skapar usikkerheit for næringslivet. Næringslivet i Vestland skal følge opp forpliktingar for natur og miljø, slik at vi kan ha berekraftig verdiskaping no og i framtida: vi skal arbeide aktivt med naturrisiko.

Mangel på kvalifisert arbeidskraft, utanforskap og kjønnsdelt arbeidsliv blir og utfordringar i Vestland. Eit godt regionalt og lokalt samarbeid om kompetanseutvikling er viktig for å møte desse. 

Ung mann i lyseblå skjorte, mørkt hår og skjegg jobbar med ein elektronisk penn på ein bærbar skjerm, gjennom dette styrer han ein stor robotarm i to ledd. På armen står det "Rocketfarm". Robotarmen set tape på pappesker. I bakgrunnen ser vi ein grå vegg med fliser og fleire ferdig tapa pappesker.
OMSTILLING: Vi må omstille oss for å nå det grøne skiftet, både i næringane våre og kompetansen i fylket. Rocketfarm i Sogndal utviklar robotar. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Dette står det om  velferd og verdiskaping i planstrategien

Eit berekraftig velferdssamfunn med livskraftige distrikt krev verdiskaping i alle delar av Vestland. For å oppnå dette trengst gode rammevilkår som fremjar eit mangfaldig, berekraftig og konkurransedyktig næringsliv. Vi skal støtte utvikling i heile breidda av næringslivet, og styrke omstilling, nyskaping og entreprenørskap.

Gjennom planlegging og innsikt i regionale og lokale føresetnader kan fylkeskommunen og kommunane fremje berekraftig næringsutvikling og velferd. 

Vi skal vidareutvikle dei eksisterande næringane i ei meir berekraftig retning og nytte kompetansen, infrastrukturen og teknologien til å skape arbeidsplassar i nye grøne verdikjeder i heile fylket. Samarbeidet med forskingsinstitusjonane skal styrkast. Styrka kompetanse og bruk av digitalisering og kunstig intelligens opnar nye moglegheiter.

Vi skal utvikle Vestland til eit verdsleiande innovasjons- og vekstområde for eit berekraftig hav, på ein måte som gjer vekst og skaparkraft også i andre miljø og næringar.

Vestland skal og utforske og styrke eksportnæringar som reiseliv, helseindustri og kreative næringar. Omstilling kan gje lokale næringar ei endå viktigare rolle som samfunnsbyggar og verdiskapar.

Natur- og klimakrisa skaper usikkerheit og utfordringar for næringslivet. Næringslivet i Vestland skal følgje opp forpliktingar for natur og miljø på ein måte som skaper moglegheiter for berekraftig verdiskaping no og i framtida. Vi skal sikre viktige naturressursar for framtida.

Næringane skal vinne på å bruke sirkulære modellar og berekraftsmålet om ansvarleg forbruk og produksjon. Offentleg sektor og næringsliv skal arbeide aktivt med naturrisiko.

Eit godt regionalt og lokalt samarbeid om kompetanseutvikling er viktig for å møte utfordringa med mangel på kvalifisert arbeidskraft. Dette skal styrke mangfaldet i næringslivet og bidra til å inkludere dei som kan komme til å falle utanfor arbeid, utdanning eller tiltak.

Vi skal jobbe for eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv. Ungdom sine utdannings- og yrkesval har mykje å seie for eit meir likestilt og mangfaldig arbeidsliv i framtida og for vilja til å satse lokalt.

Samordna planlegging er viktig for å utnytte investeringar i infrastruktur effektivt. Fornying og utbetring av infrastruktur, som og omfattar regional koordinering av farleier, hamner og kaiar, skal verte betre samordna med arealplanlegginga, som legg til rette for bustader, næringsareal, tenester og andre tilbod