Slik kan du bruke utviklingsplanen
Utviklingsplanen gjev oss retninga for samfunnsutviklinga i fylket. Den skal hjelpe oss i arbeidet med å nå måla, frå smått til stort og frå planarbeid til lokale tiltak.
Utviklingsplanen – din venn i arbeidet
Du skal kunne finne støtte, forankring og hjelp til arbeidet ditt i utviklingsplanen. Om du driv planarbeid eller ei sak til vidare handsaming som handlar om t.d. stadutvikling, klimatiltak, tilskotsordningar eller ein reguleringsplan, skal du kunne finne grunnlag og hjelp til retning og prioriteringar i utviklingsplanen. saka eller planarbeidet ditt handlar om t.d. stadutvikling, klimatiltak, tilskotsordningar eller ein reguleringsplan.
Utviklingsplan for Vestland 2024–2025 peiker ut måla og retninga vi skal gå i, med
- 4 breie hovudmål for framtids-Vestland, dit vi skal.
- 6 utfordringsområde for Vestland som vi må ta omsyn til.
- 10 strategiar for korleis vi skal nå måla og ynska samfunnsutvikling.
- Den er eit felles styringsverktøy for heile Vestland, for offentleg sektor og sivilsamfunnet, med kommune og stat, næringsliv og frivilligheit.
- Den gjev alle offentlege verksemder eit felles prioriterings- og avgjerdsgrunnlag, i tråd med ønska samfunnsutvikling slik at vi saman kan nå måla i planstrategien
- Med å bruke utviklingsplanen kan kommunar, statlege organ og fylkeskommunen samarbeide om ein heilskapleg og berekraftig samfunnsutvikling.
Politikarar og beslutningstakarar
Dei skal bruke utviklingsplanen som eit strategisk verktøy for å styre samfunnsutviklinga. Planen gir retningslinjer for prioriteringar og tiltak som skal gjennomførast, brukast i enkeltsaker og kan hjelpe til med å samordne offentleg innsats og ressursbruk.
Kommunar og regionale myndigheiter
Desse aktørane kan bruke planen i si samfunns- og arealplanlegging og som grunnlag for å vurdere behovet for å utvikle lokale handlingsprogram og strategiar i tråd med dei overordna måla. Utviklingsplanen kan også fungere som eit rammeverk for samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar. Ein kan finne forankring og hjelp i utviklingsplanen til alt arbeid som handlar om samfunnsutvikling: peike på mål vi skal nå innan klima, inkludering, stadutvikling, folkehele m.m.
Andre samfunnsaktører kan også bruke utviklingsplanen for 2024-2028 på fleire måtar, avhengig av deira interesser og behov. Her er nokre eksempel:
Næringsliv og organisasjonar
For næringslivet kan utviklingsplanen gi innsikt i framtidige satsingsområde og moglegheiter for samarbeid med offentlege aktørar. Organisasjonar kan bruke planen til å finne relevante prosjekt og initiativ som støttar opp om berekraftige utviklingsmål.
Frivillige organisasjonar og sivilsamfunnet
Desse gruppene kan bruke utviklingsplanen til å engasjere seg i samfunnsutviklinga ved å bidra med innspel og forslag til tiltak som kan fremje berekraft og sosial inkludering. Planen kan også vere eit verktøy for å mobilisere ressursar og engasjement frå lokalsamfunnet .
Innbyggjarar
For innbyggjarar kan utviklingsplanen gi informasjon om kva som skjer i styringa av kommunen sin eller fylket, og kva tiltak som er planlagt for å møte samfunnsutfordringar. Dette kan bidra til auka medverknad og engasjement i lokale prosessar.
Sjå samanhengane
Vi skal også sjå samanhengane mellom måla i arbeidet vårt. Måloppnåing på eitt område har ofte positive verknadar for andre mål, og tiltak må ikkje vere negative for andre hovudmål.
