Hovudmål: Samarbeid
Vestland når måla sine gjennom samarbeid og samordning.
Kva betyr hovudmålet samarbeid?
Med å samarbeide meir langsiktig og mot felles mål kan vi få varige resultat og robuste alliansar i fylket.
At dette er eit satsingsområdet betyr ikkje at vi samarbeider dårleg i dag. Men vi treng å bli betre på samarbeid med eit med meir langsiktig perspektiv, og som er tydelegare strukturert mot felles mål. Konkrete og felles mål gjev betre resultat enn vage ambisjonar.
Vi skal vidareutvikle det gode samarbeidet som allereie finst i regionen og gjere det meir strategisk. varige resultat og bygge robuste alliansar.
Samskaping kan brukast for å utvide samarbeidet og metodane. Kva er skilnaden på samskaping og samarbeid? Samskaping er ein metode der ulike aktørar utviklar nye løysingar, produkt eller tenester i lag.
Offentleg sektor kan styrke kompetansen på samarbeid og legge til rette for arenaer og nettverk, i tillegg til å vere partnar.
Innbyggjarane skal ha like moglegheiter til å delta breitt i samfunnsutviklinga. Tilrettelegging for samfunnsdebatt, ein mangfaldig ytringskultur og ein politisk debattarena styrker demokratiet og samfunnsbygginga.
Samordning og samarbeid inngår i alle strategiane i utviklingsplanen. Dette hovudmålet kan bidra til varige resultat og bygge robuste alliansar.
![Fire ungdommar i 20-årsalderen står ved ein vegg i ein hall i lag med fylkesordførar Jon Askeland. Tre av dei er menn til venstre for fylkesordføraren, ei kvinne står til høgre og viser fram ein plakat på veggen. Her står det "verdiskaping og kompetanse" og utdjupingar om temaet. Alle smiler. Hallen er i inngangspartiet til Førde vidaregåande skule.](/globalassets/utviklingsplanen/hovudmal-samarbeid.jpeg/LargeImage)
Dette står det om samarbeid i planstrategien
Samordning og samarbeid inngår i alle strategiar i utviklingsplanen. Vi skal vidareutvikle det gode samarbeidet som allereie finst i regionen og gjere det meir strategisk. Strategisk samarbeid har eit langsiktig perspektiv og er tydeleg strukturert rundt felles mål. Utviklingsplanen skal gjere samarbeidet i Vestland heilskapleg, systematisk og målretta.
For å få varige resultat og bygge robuste alliansar, må vi styrke langsiktig eigarskap og forankring, og etablere system for samarbeid utover einskilde prosjekt eller avtaler. Det er viktig å legge til rette for at samarbeidsprosjekt kan integrerast i systema og budsjetta til dei som deltek.
Samskaping kan brukast for å utvide samarbeidet og metodane. Samskaping er ein metode der ulike aktørar saman utviklar løysingar, produkt eller tenester. Dette kan inkludere innbyggjarar, næringsliv, offentlege institusjonar, frivillige organisasjonar og andre.
Felles satsingsområde, mål og strategiar gjev retning til samarbeidet og bidreg til heilskap og samanheng. Konkrete mål gjev betre resultat enn vage ambisjonar. Måla i utviklingsplanen er SMART: spesifikke, målbare, akseptable, relevante og tidsavgrensa. SMARTE mål gjer det lettare å vurdere resultatet på ein systematisk måte og bygge erfaringar med kva samarbeid som verkar.
Det er viktig med system for langsiktig, kontinuerleg og regelmessig oppfølging av samarbeid. Samarbeid skal bygge tillit gjennom involvering, openheit og føreseielegheit. Vi får meir ut av ressursane med klare roller og ansvar, slik at alle veit kva dei skal gjere utan overlapping. Opne kommunikasjonskanalar reduserer risikoen for misforståingar.
Erfaringane frå klynger og hubar i Vestland kan brukast til å skape nye arenaer for strategisk samarbeid. Vi skal styrke forskingssamarbeidet mellom høgskular, universitet, næringsliv og offentleg sektor. Internasjonale perspektiv og samarbeid skal skape meirverdi.
Kapittel 4 i utviklingsplanen listar opp nokre gjennomgåande plantema som er viktige samordnings- og samarbeidsområde for alle sektorar og plannivå. Offentleg sektor kan styrke kompetansen på samarbeid og legge til rette for arenaer og nettverk, i tillegg til å vere partnar.
Innbyggjarane skal ha moglegheit til å delta i samfunnsutviklinga. Tilrettelegging for samfunnsdebatt, ein mangfaldig ytringskultur og ein politisk debattarena styrker demokratiet og samfunnsbygginga. Behovet for samordning vert og følgt opp gjennom regional planlegging.